Styret sa ja til A/S for nyskaping

Universitetet i Oslo kjem til å oppretta eit eige aksjeselskap som skal forvalta, vidareutvikla og selja rettane til UiOs patent og alle forskingsresultat som kan kommersialiserast. Det er klart etter at Universitetsstyret 6. mai samrøystes vedtok Universitetsdirektørens forslag om å etablera eit såkalla UiO Technology Transfer Office .

UTVALDE FAGMILJØ: - Det må satsast på utvalde fagmiljø for å få konkrete resultat så fort som mogleg, sa Egil Myklebust under Styrets debatt om UiO Technology Transfer Office. (Foto: Norsk Hydro)

Selskapet blir etablert som eit heileigd dotterselskap under Unirand AS, som er UiOs selskap for kommersiell randsoneverksemd. Selskapet vil bli 100 prosent eigd av UiO, og kan koma til å vera i drift frå 1. januar 2004. I tillegg til ein patentrådgjevar vil i byrjinga tre andre personar få sin daglege arbeidsplass i selskapet.

Vilkåret for dette er likevel at Utdannings- og forskingsdepartementet løyver dei 30 millionar kronene UiO har bede om til dette på budsjettforslaget for 2004. 20 millionar kroner skal gå til eit eige såkornfond, medan resten skal gå til infrastruktur og innovasjonstiltak, har universitetsdirektør Tor Saglie tidlegare opplyst til Uniforum.

Alle eller berre spesielt utvalde fagmiljø?

I Universitetsstyret var det ingen som kunne tenkja seg ein modell der det blei etablert ei eiga eining for nyskaping i Sentraladministrasjonen. Ekstern representant Egil Myklebust understreka sterkt at det var viktig å satsa på spesielt utvalde område først slik at eit UiO Technology Transfer Office raskt kunne visa til konkrete resultat av arbeidet sitt.

- Viss dette vil seia at me berre skal satsa på IT og bioteknologi, så vil eg kalla dette for ei kopiering av alle andre, og eit teikn på lita nyskaping, repliserte representant for dei vitskapleg tilsette, Kristian Gundersen.

- De må hugsa på at me ikkje skal utvikla morgondagens teknologi, men teknologi og idear for morgonen etter morgondagen, meinte han.

Prorektor Anne-Britt Kolstø var einig med Gundersen.
- Det er viktig at me skannar over alle fagmiljøa ved UiO når me er på jakt etter gode idear sidan me er eit forholdsvis lite forskingsmiljø, slo ho fast.

Egil Myklebust var stort sett einig med dei to, men han stod likevel fast på sitt.

- Viss det ikkje relativt raskt kjem nokre suksesshistorier frå UiO Technology Transfer Office, så kan lett det store trykket for nyskaping forsvinna, argumenterte han.

Viktig for heile samfunnet

Ekstern representant Paul Chaffey la vekt på at eit slikt selskap for forskingsmessig nyskaping ikkje berre vil vera viktig for UiO, men også for resten av samfunnet.

- Det vil føra til auka interesse for UiO både frå næringslivet og investorar. Likevel er det viktig ikkje å lata dette bli ein kamp om ressursar mellom forskjellige nyskapingsmiljø. Me må heller oppmoda alle til å samarbeida med kvarandre, understreka han.

Ex.phil.

Styret vedtok Universitetsdirektørens forslag om å godkjenna prinsippa i dei studieordningane for ex.phil. som er lagde fram, men ynskjer forenkling og reduksjon av vurderingsopplegget slik at det kjem på nivå med tilsvarande emne på HF-fakultetet. Styret vil føresetja at dei ansvarlege fagmiljøa skal tilpassa studieplanane til dei ressursane som er stilte til disposisjon for ex.phil.-undervisninga. Når det gjeld prislappen for omleggingane, vil Styret beda Universitetsdirektøren om å koma tilbake med ein nærare gjennomgang av det, og i samarbeid med HF-fakultetet starta planlegginga av ei kapasitetstilpassing.

Ph.d.-program

Styret godkjente fakulteta sine ph.d-program.. Det gav også rektor fullmakt til å vedta dei aktuelle endringane i prosedyrane til fakulteta, tilsettingsreglement for UiO-tilsette, stipendiatar og avtalemalar for doktorgradskandidatar utan universitetsintern tilsetjing. Styret vedtok også å vidareutvikla systema sine for kvalitetssikring, og Forskingskomiteen blei beden om å fylgja opp dette arbeidet.

Studentmobilitet

Elles handsama Universitetsstyret strategi for studentmobilitet 2006. Eit samrøystes styre slutta seg til prioriteringa av satsing på auka studentutveksling mellom UiO og andre universitet. Styret var både opptatt av å få flest mogleg internasjonale studentar til UiO og senda mest mogleg studentar til utanlandske universitet som UiO samarbeidar med.

I strategien blir det foreslått ei rekkje tiltak som kan vera med på å oppfylla målet om ei fordobling av studentmobiliteten innan 2006. Blant tiltaka er ein internasjonal komponent på alle studieprogram, delstudium i utlandet og emne på engelsk for innreisande studentar. Dessutan skal alle innreisande studentar få garantert plass på norskkurs. Mottaksapparatet for internasjonale studentar skal også styrkast.

Oppdaterte statuttane i forskingsfond

Styret stemte også for forslaget om å oppdatera statuttane for Anders Jahres fond til vitenskapens fremme. Det inneber at grunnkapitalen til fondet blir nedskriven frå 100 millionar til 66,255 millionar kroner. Punktet om avsetjing til opplagsfondet vil bli endra frå 20 prosent til 10 prosent.

Eksamenar,prøvar og studiar

Framlegget til forskrift om avlegging og gjennomføring av eksamenar og prøvar blei vedtatt mot dei to studentrepresentantane, Silje Winther og Torgeir Tofte Jørgensen sine stemmer. Også framlegget til forskrift om studiar og eksamenar blei vedtatt mot dei to studentrepresentantane sine stemmer. Det blei dessutan vedtatt å oppretta eit eige læringsmiljøutval med åtte medlemar.

Stray Lien konstituert som universitetsdirektør

Bak lukka dører tok Styret opp utlysinga av stillinga som ny universitetsdirektør etter Tor Saglie. Det godkjente forslaget frå Universitetsdirektøren om at stillinga skal lysast ut før sommaren som ei åremålsstilling på seks år med høve til forlenging. Styret vedtok også å konstituera assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien i stillinga når Tor Saglie sluttar.

Etter planen skulle Styret også ha drøfta Uniforums stilling. På grunn av tidspress måtte den diskusjonen utsetjast til Universitetsstyrets neste møte, tysdag 2. juni.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. mai 2003 17:47 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere