Nytt aksjeselskap skal forvalta UiOs oppfinningar

Universitetet i Oslo kan koma til å oppretta eit eige aksjeselskap som skal forvalta, vidareutvikla og selja rettane til UiOs patent og alle forskingsresultat som kan kommersialiserast. Føresetnaden er at Universitetsstyret 6. mai stemmer for Universitetsdirektørens forslag om å etablera eit såkalla UiO Technology Transfer Office.

UiO TTO: Universitetsdirektør Tor Saglie går inn for å etablera eit UiO Technology Transfer Office som skal forvalta UiOs oppfinningar.
Foto: Martin Toft

Dersom framlegget får fleirtal, skal selskapet bli etablert som eit heileigd dotterselskap under Unirand AS, som er UiOs selskap for kommersiell randsoneverksemd. Selskapet vil bli 100 prosent eigd av UiO, og kan koma til å vera i drift frå 1. januar 2004.

I tillegg til ein patentrådgjevar vil tre andre personar få sin daglege arbeidsplass i selskapet. Vilkåret for dette er likevel at Utdannings- og forskingsdepartementet løyver dei 30 millionar kronene UiO har bede om til dette på budsjettforslaget for 2004. 20 millionar kroner skal gå til eit eige såkornfond, medan resten skal gå til infrastruktur og innovasjonstiltak, opplyser universitetsdirektør Tor Saglie til Uniforum.

Fleire løysingar

Det kan også vera eit alternativ å lata ansvaret for den forskingsbaserte nyskapinga bli plassert i den nyoppretta Seksjon for forskingsadministrasjon og næringslivskontakt (SFN) i Studie- og forskingsadministrativ avdeling (SFA). Ei anna løysing kan vera å oppretta eit eige kontor sentralt ved universitetet, ved utanlandske universitet referert til som "Office of Technology Licensing" (OTL). I ein slik modell vil Seksjon for forskingsadministrasjon og næringslivskontakt (SFN/OTL) få ansvaret for sakshandsaming av oppfinningar som kan patenterast. Det gjeld både å registrera og vurdera innkomne idear og prosjekt og vera serviceapparat for forskarar, institutt og fakultet, går det fram av innstillinga frå Universitetsdirektøren.

-Klart rolleskilje

- Når eg går inn for at Universitetsstyret vedtar å oppretta eit eige selskap utanfor universitetet, er årsaka at det då vil bli lettare å skilja universitetet si rolle som ein kritisk og uavhengig samfunnsinstitusjon ved at dei kommersielle oppgåvene blir klarte skilde frå dei ordinære oppgåvene, altså forsking og utdanning, seier universitetsdirektør Tor Saglie. Han peikar på at ei organisering av denne verksemda i eit UiO Technology Transfer Office (UiO TTO) også vil tydeleggjera rolle- og ansvarsfordelinga for desse oppgåvene mellom universitetet og den eksterne eininga.

- Samtidig vil det redusera utfordringar knytte til habilitet mellom forsking og forretningsverksemd, understrekar universitetsdirektøren.

Lovendring

Bakgrunnen for at UiO opprettar eit slikt selskap er endringa i "Lov om retten til oppfinningar som er gjort av arbeidstakarar." Frå 1. januar 2003 har nemleg også universitet og høgskular fått høve til å overta retten til næringsmessig utnytting av oppfinningar som kan patenterast, og som er gjorde av lærarar og vitskapleg tilsette ved institusjonen. Alle andre arbeidstakarar ved universitetet er omfatta av lova frå tidlegare. Denne endringa må dessutan sjåast i samanheng med endringa av paragraf 2 i Universitets- og høgskulelova, der universiteta og høgskulane får eit spesielt ansvar for å leggja forholda til rette for at forskingsresultata blir utnytta slik at dei på ein best mogleg måte kjem samfunnet til gode, både i offentleg forvalting, kulturliv og næringsliv.

Som ein fylgje av dette sende Utdannings- og forskingsdepartementet før jul i fjor ut eit brev der det oppfordra alle universitet og høgskular til å etablera eit velfungerande system for kommersialisering av forskingsresultat som er gjorde ved institusjonane. Dette har Universitetsdirektøren fylgd opp ved å koma med framlegg til å oppretta eit UiO Technology Transfer Office.

På forskinga sine premiss

- Dette vil sikra at UiOs system for forskingsbasert nyskaping skal etablerast og drivast på forskinga sine premiss. På den måten skal det fungera som eit serviceapparat for forskarane og prega av forståing av forsking. Nyskaping skal heller ikkje setjast i gang dersom det vil gå utover forskinga eller vera i mot forskaren sine eigne ynskje, poengterer Saglie.

Det er grunnen til at han går inn for at ansvaret og gulrotmekanismar for dei første stega av nyskapingsprosessen skal leggjast til fakulteta og institutta.

- Ei slik organisering vil stimulera til forskingsbasert nyskaping ved at forskarane sjølve deltar i prosessen og får tilført ressursar til nyskaping, trur Saglie. Det nye selskapet vil fungera som eit serviceapparat for forskarane, institutta og fakulteta og hjelpa dei i dei tidlege fasane av nyskapingsprosessen.

Dessutan skal det etablerast innovasjonsselskap i samarbeid med Forskingsparken AS, Medinnova SF og Simula Innovation.

- Dei skal systematisk og nært samarbeid med det nye selskapet få i oppgåva å utvikla og drifta nettverk, vera inkubator og driva fram bedriftsetableringsprosjekt, opplyser Saglie.

- Mange av dei tenestene som me i dag kjøper hos Forskingsparken AS, vil gå inn i det nye selskapet, fortel han. I 2004 vil det nye selskapet ha eit budsjett på 50 millionar kroner, medan målsettinga er å få eit budsjett på 100 millionar kroner i 2007. På slutten av 2004 skal det også ha blitt etablert ein stab på 5 til 6 medarbeidarar. Det blir ikkje rekna med store inntekter frå denne verksemda dei første 10-15 åra. Difor må heile systemet finansierast fullt ut av offentlege midlar, går det fram av vedtaksforslaget frå Universitetsdirektøren.

UiO Technology Transfer Office:

- dotterselskap under Unirand AS
- skal forvalta, vidareutvikla og selja rettane til UiOs patent og forskingsresultat som kan kommersialiserast
- skal etablerast frå 1. januar 2004 med fire til seks tilsette og eit budsjett på 50 millionar kroner

Emneord: Næringsliv, Universitetspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 5. mai 2003 09:15 - Sist endra 10. des. 2008 15:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere