Jon Vislie: - Enormt hyggelege tal for SV og UiO

SV-fakultetet har fått ein auke i talet på primærsøknader på 74,6 prosent. Det vil seia at 4564 søkjarar har eitt av SV-faga som førsteprioritet. - Dette er enormt hyggelege tal både for SV og UiO, synest programstyreleiar ved Økonomisk institutt, Jon Vislie ved SV-fakultetet.

Studentar vil gjerne studera samfunnsøkonomi og andre SV-fag som kan gi dei høve til å overta maktstillingane i offentleg forvalting, meiner programleiar for samfunnsøkonomistudiet, Jon Vislie.
Foto: Trine Nickelsen

Ved SV-fakultetet skårar programmet i internasjonale studiar høgast på popularitetsratinga. Det er 576 primærsøknadar til dei 40 studieplassane. Også programmet i utviklingsstudiar gjer det bra med 207 primærsøknadar til dei 60 studieplassane. Samtidig ser det ut som om eit fag som samfunnsøkonomi er på veg opp igjen etter at det i nokre år har opplevd nedgang i talet på søkjarar. Når det gjeld bachelorstudiet i samfunnsøkonomi har 212 personar faget som førsteprioritet medan det er 130 plassar. Også på masterstudiet i samfunnsøkonomi er det høg søking. Der er det 156 primærsøknadar til dei 30 plassane.

- Desse tala må me feira. Det er klart at dei nye studentane ynskjer studium som vil gi dei jobbar etterpå, og vik unna typiske pop-fag som journalistikk og design. Det er også eit klokt val. Mange av dei som i dag har mange av dei viktigaste stillingane i offentleg forvalting, vil om 10-15 år gå av for aldersgrensa, og då vil det vera behov for folk med samfunnsøkonomi og andre SV-fag. Men også om fem til seks år vil det vera eit stort behov for fornying av den offentlege arbeidskrafta, meiner programstyreleiar Jon Vislie ved Økonomisk institutt

- Kva trur du kan vera grunnen til at så mange søkjer seg til UiO og til SV-fakultetet?

- Eg trur reklamefilmen til UiO har hatt ein svært stor effekt. Den sette BIs reklamefilm heilt i skuggen, og har fått folk til å sperra augene opp. Samtidig er også den usikre situasjonen på arbeidsmarknaden ein viktig grunn. Den siste tida har Økonomisk institutt opplevd at både siviløkonomar og studentar som har tatt lågare gradar ved BI har søkt seg inn på studietilboda til Økonomisk institutt sidan dei treng meir fagleg påfyll for å få jobb, konstaterer Vislie.

- Det er klart at desse søkjarane har store forventingar til UiO. No blir det vår oppgåve å gjera ein så god jobb at dei får innfridd forventingane sine, legg han til. I dag skal Jon Vislie feira dei hyggelege tala saman med kollegaene sine på SV-fakultetet.

Emneord: Undervisning, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 9. mai 2003 10:14 - Sist endra 10. des. 2008 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere