Ex.phil. og ph.d i Universitetsstyret

Ny studieplan for examen philosohicum, ph.d.-program og organisering av forskingsbasert nyskaping blir tre av hovudsakene i Universitetsstyrets møte 6. mai.

Universitetsdirektøren går inn for at styret godkjenner prinsippa i dei studieordningane for ex.phil. som er lagde fram. Styret vil føresetja at dei ansvarlege fagmiljøa skal tilpassa studieplanane til dei ressursane som er stilt til disposisjon for ex.phil.-undervisninga. Difor vil Styret be om at HF-fakultetet set i gang arbeidet med å planleggja tilpassinga i høve til kapasiteten. Når det gjeld prislappen for omleggingane, vil Styret beda Universitetsdirektøren om å koma tilbake med ein nærare gjennomgang av det.

Ph.d.-program

Universitetsstyret bør godkjenna fakulteta sine ph.d-program. Det tilrår Universitetsdirektøren. Han ber styret om å gi rektor fullmakt til å vedta dei aktuelle endringane i prosedyrane til fakulteta, tilsettingsreglement for UiO-tilsette stipendiatar og avtalemal for doktorgradskandidatar utan universitetsintern tilsetjing.

Styret blir også bede om å vidareutvikla systema sine for kvalitetssikring, og Forskingskomiteen blir beden om å fylgja opp arbeidet.

Når det gjeld organiseringa av forskingsbasert nyskaping ved UiO, går altså universitetsdirektør Tor Saglie inn for at det blir etablert eit såkalla UiO Technology Transfer Office (UiO TTO). Det framlegget har Uniforum nett no skrive om tidlegare, så den saka vil me ikkje skriva meir om her.

Elles vil Universitetsstyret handsama studentmobilitet og oppretting av eit læringsmiljøutval ved UiO. Dessutan skal styret handsama forslaget til oppdatering av statuttane for Anders Jahres fond til vitenskapens fremme. Om forslaget får fleirtal vil det innebera at grunnkapitalen til fondet blir nedskriven frå 100 millionar til 66,255 millionar kroner. Punktet om avsetjing til opplagsfondet vil i tilfelle bli endra frå 20 prosent til 10 prosent.

Konstituerer truleg Inger Stray Lien

Bak lukka dører vil Styret ta opp utlysinga av stillinga som ny universitetsdirektør etter Tor Saglie. Universitetsdirektøren går inn for at Styret skal godkjenna at stillinga skal lysast ut før sommaren som ei åremålsstilling på seks år med høve til forlenging. Styret skal ta stilling til forslaget om å konstituera assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien i stillinga når Tor Saglie sluttar. Under diskusjonssakene skal Styret drøfta sin eigen arbeidsplan for 2003, undervisningsplikt og undervisningsrekneskap og oppfylginga av universitetet sin langtidsplan. Uniforums stilling og samarbeidet mellom UiO og Studentsamskipnaden i Oslo skal også drøftast. Når det gjeld rapporten "Forskning med tellekanter" om korleis forskingsresultat som blir publiserte i internasjonale fagtidsskrift skal premierast med ekstra pengedryss, så vil ikkje den rapporten bli handsama før i Universitetsstyrets møte 2. juni.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. mai 2003 17:25 - Sist endra 10. des. 2008 14:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere