Brennpunkt Midtausten

- Babylon skal tilby norske og andre skandinaviske lesarar akademisk, kritisk analyse av politiske, kulturelle og sosiale spørsmål i den arabiske og islamske verda. Det seier universitetslektor Jacob Høigilt, som er redaktør for det nye magasinet Babylon - tidsskrift om Midtøsten og Nord-Afrika .

BABYLON: Redaktør Jacob Høigilt viser fram det første nummeret av magasinet Babylon - tidsskrift om Midtøsten og Nord-Afrika.
Foto: Martin Toft

Magasinet blir utgitt av Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar med støtte frå stiftinga Fritt Ord og kulturstyret til Studentsamskipnaden i Oslo.

- Dette er det einaste aktualitetsmagasinet om Midtausten og Nord-Afrika i Noreg. Det holet ynskjer me å fylla, seier Høigilt. Han arbeider som universitetslektor ved dette instituttet og har hovudfag i arabisk.

Større innsikt

- Formålet er å gi samfunnsinteresserte nordmenn større innsikt i politikk, kultur og sosiale spørsmål i dette området. Difor skal alle artiklane vera populærvitskaplege slik at også dei som ikkje er ekspertar kan lesa artiklane utan at dei treng å slå opp referansane heile tida, understrekar Høigilt.

Magasinet, som har eit opplag på 1000 eksemplar, har ein redaksjon på åtte personar både ved universiteta i Oslo og Bergen. Alle arbeider gratis, og førebels vil heller ikkje eksterne bidrag bli honorerte.

- Det er økonomien for dårleg til at me kan klara, forklarar magasinredaktøren. - Dette vil bli eit forum der både hovudfagsstudentar og andre som held på med interessante tema og prosjekt kan få sleppa til og få vist fram kva interessante spørsmål dei held på med, seier han.

Mangel på demokrati

Det første nummeret prøver å svara på spørsmålet om kvifor det ikkje finst demokrati i Midtausten og Nord-Afrika. Ein artikkel handlar om krigen i Irak og USAs politikk i regionen medan ein annan drøftar Israels demokratiske problem. Andre artiklar ser på den politiske utviklinga i Iran og Bahrain, og på kva forhold desse landa har til demokratiet.

Redaksjonen har også gjort eit intervju med avisa The Independents Midtausten-ekspert, Robert Fisk. Magasinet vil koma ut to gonger i året og vil vera til sals både hos bokhandlarar og etter kvart også hos Narvesen. Moglege bidragsytarar og abonnentar kan senda ein e-post til jacob.hoigilt@east.uio.no

Emneord: Internasjonalisering, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 20. mai 2003 14:58 - Sist endra 10. des. 2008 14:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere