Mai - Side 2

Publisert 6. mai 2003 17:47

Universitetet i Oslo kjem til å oppretta eit eige aksjeselskap som skal forvalta, vidareutvikla og selja rettane til UiOs patent og alle forskingsresultat som kan kommersialiserast. Det er klart etter at Universitetsstyret 6. mai samrøystes vedtok Universitetsdirektørens forslag om å etablera eit såkalla UiO Technology Transfer Office .

Publisert 5. mai 2003 17:25

Ny studieplan for examen philosohicum, ph.d.-program og organisering av forskingsbasert nyskaping blir tre av hovudsakene i Universitetsstyrets møte 6. mai.

Publisert 5. mai 2003 09:15

Universitetet i Oslo kan koma til å oppretta eit eige aksjeselskap som skal forvalta, vidareutvikla og selja rettane til UiOs patent og alle forskingsresultat som kan kommersialiserast. Føresetnaden er at Universitetsstyret 6. mai stemmer for Universitetsdirektørens forslag om å etablera eit såkalla UiO Technology Transfer Office.

Publisert 2. mai 2003 16:17

- Regjeringa gir 5 millionar kroner til fullføringa av undersøkinga av det det første kjente bysamfunnet i Noreg, Kaupang ved Larvik. Det sa statsminister Kjell Magne Bondevik i sin 1.-maitale på Gjennestad i Stokke torsdag. - Eg er ein svært glad mann etter denne avgjerda, seier prosjektleiar Dagfinn Skre i ein kommentar til Uniforum.

Publisert 2. mai 2003 14:42

75 forskarar frå UiO og SINTEF ventar på å få flytta inn i det nye og førebels ubrukelege mikroteknologisenteret i Gaustadbekkdalen. Målingar viser nemleg at laboratoria som skulle ha vore vibrasjonsfrie, vibrerer. Entreprenøren skuldar på dårlege grunnforhold. Difor står bygget til 232 millionar kroner tomt fire månader etter at det skulle ha opna dørene.

Publisert 2. mai 2003 12:54

Sykle, løpe, gå, svømme, sparke, hoppe, hinke, rulle ... Det spiller ingen rolle. Så lenge du lar bilen stå, trikk og buss seile sin egen sjø og isteden tar egen kropp fatt.