Studenten i litteraturen

- Det er skrive mykje om studenten i norsk skjønnlitteratur. Veeeldig mykje ..!

BLINDERN I BØKENE: - Studenten og studentlivet er godt representert i litteraturen, konstaterer Otto Hageberg.
Foto: Trine Nickelsen

Noen dager før Humanioradagene 2003 braket løs, løp Uniforums lettbente og selv-utsendte reporter over plenen til Henrik Wergelands hus og like inn på litteraturprofessor Otto Hagebergs kontor. - Er det mulig å få noen små smakebiter fra din bebudede forelesning "Blindern" og andre studentsteder i skjønnlitteraturen"? lød spørsmålet.

- Å, det kåseriet, ja. Sant å seia veit eg enno ikkje kva eg skal snakka om. Men eg trur det skal gå bra. Det blir vel til at eg les opp ein del tekster.

- Så det er slik at studenten går igjen i skjønnlitteraturen?

- Ja, det kan du vera viss på. Studenten treff ein mange stader i romanar, novellar og dikt. Den fyrste eg trur eg vil visa til i foredraget mitt, er Olaf Bull. Han skreiv På lesesalen. Det er eit svært godt dikt. Ein mann som Sigurd Hoel skriv om studentane. Det er så mange, så mange. Problemet er å finne ei avgrensing.

- Forfattere fra din egen tid ved UiO ...

- Ja, dei er det mange av. Då instituttet flytta frå sentrum og opp hit til Blindern i 1962, fekk eg plass på hovudfagslesesalen her nede. På inste benkerad satt fire forfattarar, Ola Jonsmoen, Bjørn Nilsen, Kjetil Gjessing og Kolbein Falkeid. Det er mykje litteratur som er blitt til her i huset. Dei fyrste som flytta inn der kor ekspedisjonskontoret no held til, var tidsskriftet Profil med Jan Erik Vold, Dag Solstad, Tor Obrestad, Espen Haavardsholm. Jau, mykje litteratur er blitt til her. Forfatteren Henrik Langeland er til dømes stipendiat her no.

- Hvem har skrevet best om Blindern?

- Dag Solstad. Han har etter mi meining skrive både mest og best om Blindern. Mykje av romanen Irr! Grønt! (1969) går føre seg i Sophus Bugges hus. I Professor Andersens natt (1996) er det til dømes framifrå skildringar av studentlivet på Sogn. Det same i Genanse og Verdighet (1994). Og så gjekk dei på Krølle og drakk øl. Skikkelig skildring av studentkvardag, det. Eg kjem til å lesa opp ein god del frå romanane hans. Også Lars Saabye Christensen skildrar studentlivet. I Amatørene (1977) er hovudpersonen ein student.

- I boka til Hanne Ørstavik: Like sant som jeg er virkelig (1999) er mykje av handlinga lagt til SV-fakultetet. I Sigurd Hoels roman Syndere i sommersol (1927) er alle, minus legen, studentar. Å, det er mykje vondt, mykje, mykje vondt studentane har lidd.

- Men ikke bare lidelser?

- Å, nei. I Homo Falsus eller det perfekte mord (1984) skildrar Jan Kjærstad sterke, hemmelige sex-møter i øvingsromma under Niels Treschows hus. Det er sikkert realistisk nok. Eit eller anna må eg flette inn om det. Hehe. Eg vonar det blir morosamt. Det er så mykje, veit du. Eg kunna halde seminar om dette i ei årrekkje. Men no får det klara seg med ein time.

Auditorium 14, Domus Bibliotheca, Universitetet i sentrum

Lørdag 5. april kl. 15.30

"Blindern" og andre studentsteder i skjønnlitteraturen. Otto Hageberg
Møt 1880-tallets Kristiania-student. Gudleiv Bø.

Emneord: Litteratur (skjønn-) og forfattere Av Trine Nickelsen
Publisert 2. apr. 2003 09:56 - Sist endret 10. des. 2008 15:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere