Opprørte over UiO-leiinga

- Universitetsdirektøren bryt Hovudavtalen for partane i arbeidslivet. Retten til medverknad som dei tilsette har i viktige avgjerder, blir ikkje fylgd. Det meiner dei tre største fagforeiningane ved UiO, NTL, 2fo og Forskarforbundet som i dag publiserer eit ope brev til Universitetsdirektøren i Uniforum. - Eg kjenner meg ikkje igjen i denne situasjonsskildringa, seier universitetsdirektør Tor Saglie.

MISTER TOLMODET: - Fagforeiningane har mista tolmodet med universitetsleiinga, seier leiar Unni Bingen i 2fo, tillitsvald Kristian Mollestad i Forskarforbundet og leiar Anita Solhaug i NTL.
Foto: Ståle Skogstad

Fagforeiningane ved UiO slår altså på krigstrommene mot universitetsdirektør Tor Saglie etter at dei føler at dei er blitt neglisjerte før viktige avgjerder om UiOs framtid er blitt tatt.

- No har me mista tolmodet, og me ynskjer ikkje lenger å sjå på at viktige rettar for dei tilsette blir sette til side ved UiO. Me er uroa over at retten til medverknad som me har etter Hovudavtalen og Tilpassingsavtalen blir sett til side i mest alle viktige saker som no går føre seg ved universitetet, og som i høgste grad vedgår dei tilsette. Det seier tillitsvald Kristian Mollestad i Forskarforbundet, Anita Solhaug i NTL og Unni Bingen i 2fO til Uniforum.

Dei viser til at det går så fort i svingane at ingen av fagforeiningane blir kalla inn til informasjonsmøte før det er for seint å setja seg inn i sakene.

Kort varslingsfrist

- Tidlegare fekk me varsel ei veke på førehand, medan me no ikkje blir varsla før to eller tre dagar før det skal haldast eit møte med fagforeiningane. Under omstruktureringa ved MN-fakultetet har det hendt fire gonger så langt i år at me ikkje er blitt kalla inn i det heile tatt. Det ser mest ut som om universitetsdirektør Tor Saglie prøver å fråskriva seg ansvaret ved å delegera viktige prinsipielle avgjerder til fakulteta.

- Så lenge det skal gjerast eit vedtak, må Universitetsdirektøren syta for at Hovudavtalen blir fylgd. Difor må me fylgja med på brevvekslinga mellom Universitetsdirektøren og fakulteta for å finna ut om me skal haldast orienterte eller vera representerte i viktige utval i samband med endringar ved det fakultetet, fortel dei tre.

Blir ikkje høyrde

Forhandlingane om ein ny Omstillingsavtale for dei tilsette har lege på is sidan i fjor sommar.

- Det kunne ha vore ein fin gest frå nytilsett personaldirektør Elisabeth Halsen om ho hadde invitert oss til å byrja med reforhandlingar om denne avtalen. Den lange tida det tar å få reforhandla Omstillingsavtalen, tyder på at personalpolitikken framleis er totalt fråverande ved UiO, seier dei tre samrøystes.

Dei synest heller ikkje dei er blitt høyrde i samband med samanslåing og reorganisering av institutt, i endringar som er knytte til innføringa av Kvalitetsreforma på institutta og fakulteta eller i endringa av styringsstrukturen ved universitetet.

- Det har ikkje vore så store reformer ved UiO på over 50 år. Dette er avgjerder som vil bestemma korleis framtida til dei tilsette vil vera dei neste ti åra. Difor er det viktig at me blir tatt med på råd, krev dei.

Ingen informasjonsmøte

Dei viser til at fagforeiningane heller ikkje er kalla inn til informasjonsmøte i samband med etableringa av senter for framifrå forsking og randsoneselskapet UNIRAND AS.

- Der ser det ut som om dei gjer akkurat det dei vil. Me veit ikkje noko om kva rammevilkår dei skal styra etter, om dei blir ståande utanfor eller innanfor universitetssystemet. Fortvilte tilsette ved Åtferdssenteret ved Psykologisk institutt som er overflytta til UNIRAND AS, tar kontakt med oss for å høyra kva rettar dei vil ha i det nye selskapet. Diverre kan me ikkje informera dei fordi me ikkje er godt nok orienterte om situasjonen sjølve.

- Når det gjeld sentra for framifrå forsking så fylgjer dei ikkje dei vanlege reglane for tilsetjing av forskarar. Ingen fagforeiningsrepresentant har deltatt i tilsetjingsprosessane der, fortel Mollestad, Solhaug og Bingen.

- Kan ikkje grunnen til at de ikkje er informerte vera at universitetsleiinga meiner det vil forseinka alle dei avgjerdene som skal takast?

- Nei, det vil ta mykje lenger tid om fagforeiningane ikkje blir tatt med på råd. Me fryktar at dei tilsette sin rett til medverknad kan bli like amputert her som ved NTNU i Trondheim.

Saglie avviser kritikken

Universitetsdirektør Tor Saglie avviser synspunkta til fagforeiningane.

- Eg kjenner meg ikkje igjen i situasjonsskildringa som dei gir. Tvert imot er eg som universitetsdirektør svært oppteken av at alle avtalar som er inngått, blir overhaldne. Ikkje minst i dei omstillingsprosessane som UiO no er midt oppe i, understrekar Saglie. Han synest heller ikkje kommunikasjonen med fagforeiningane har vore dårleg.

- Personleg opplever eg det som om eg har ein god dialog med organisasjonane. Likevel erkjenner eg at me i enkelte samanhengar kunne fått organisasjonane inn i biletet tidlegare dei gongene organisasjonsendringar har vore planlagde, seier han og vedgår at Hovudavtalen er særleg viktig.

- Der er eg heilt samd med organisasjonane fordi avtalen har som formål å vera ein reiskap for omstilling, effektivisering og modernisering, jfr. paragraf 1 i Hovudavtalen. Han opplyser også at han saman med tenestemannsorganisasjonane skal halda eit seminar om denne avtalen.

- Eg har registrert at det er behov for opplæring og informasjon om Hovudavtalen. Difor skal alle dei administrative leiarane som rapporterer direkte til Universitetsdirektøren, delta på dette seminaret, fortel han til Uniforum.

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 3. apr. 2003 10:43 - Sist endra 10. des. 2008 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere