NTNU slår UiO i Venture Cup

Det blei berre levert inn to bidrag frå UiO til første faste av idékonkurransen Venture Cup. Samtidig slo NTNU til med over 30 bidrag. I 2001 var det 11 bidrag frå UiO.

FOR DÅRLEG: - Det er for dårleg med berre to bidrag frå UiO til fase 1 av Venture Cup, seier Torunn Leine Auestad i Venture Cup og Kristian Pfanzelter ved Gründerskolen.
Foto: Martin Toft

- Dette er for dårleg. No oppfordrar me tilsette og studentar ved UiO om å melda seg på til fase 2, seier informasjons- og marknadsføringsansvarleg Torunn Leine Auestad i Venture Cup og rådgjevar Kristian Pfanzelter ved Gründerskolen.

Feilslått marknadsføring

Sjølv leitar dei no etter ei forklaring på kvifor oppslutnaden om Venture Cup har vore så dårleg ved Universitetet i Oslo.

- Det kan henda at det har vore feilslått marknadsføring å bruka plakatar og media for å få folk til å delta. No vil
me i staden ta direkte kontakt med fagmiljøa. Det burde me truleg ha gjort heilt frå byrjinga også, vedgår dei. Begge to trur likevel det kan vera naudsynt med ei ekstra gulrot for å få dei UiO-tilsette ut på bana.

- Ja, det kunne kanskje ha vore ein god idé om det blei lyst ut ein eigen premie for beste UiO-bidrag til Venture Cup. Trass alt så fekk jo eit av dei to UiO-bidraga som blei leverte inn til Venture Cup i fase 1, ein av pengepremiane på 10 000 kroner. Det var Torgeir Holen og Mohammed Amorquioui frå Bioteknologisenteret. Det viser jo at forskarar og studentar ved UiO kan hevda seg i denne konkurransen, meiner Auestad og Pfanzelter.

Ynskjer folk frå humaniora

- Og det er jo ikkje berre folk frå naturfaga og medisin som kan delta. Sjølv har eg historie hovudfag, og eg er ikkje det minste i tvil om at forskarar og studentar frå humaniora og dei samfunnsvitskaplege miljøa også kan delta, slår Pfanzelter fast.

- Kven veit? Om ti år kan det henda den beste idéen frå UiO er fødselshjelpar for ei bedrift med 250 tilsette. Både Auestad og Pfanzelter minner om at siste frist for å melda seg på til denne konkurransen er 5. mai. Då skal 500 000 kroner delast ut og førsteprisen er på 250 000 kroner.

Emneord: Sentrene, Næringsliv Av Martin Toft
Publisert 1. apr. 2003 16:18 - Sist endra 10. des. 2008 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere