- Naudsynt med dialog mellom Vesten og dei islamske landa

- Det bør setjast i gang ein dialog mellom Den europeisk/amerikanske sivilisasjonen og Den islamske sivilisasjonen på same måte som Konferansen om tryggleik og samarbeid i Europa (KSSE) frå 1975. Den skapte eit klima for samarbeid mellom dei kommunistiske og ikkje-kommunistiske landa som enda med at Den kalde krigen tok slutt. Det foreslår seniorforskar Asbjørn Eide ved Nasjonalt senter for menneskerettar, UiO.

DIALOG: - Det bør setjast i gang samtalar mellom Vesten og dei islamske landa, foreslår seniorforskar Asbjørn Eide ved Norsk senter for menneskerettar.
Foto: Martin Toft

Asbjørn Eide fylte nyleg 70 år og er offisielt blitt pensjonist. Men han vil ikkje slutta å arbeida, så han kan framleis treffast på kontoret sitt, om han då ikkje er ute på ein av dei mange utanlandsreisene sine for FN, Europarådet eller som talar på internasjonale konferansar. Uniforum trefte han mellom ei nyleg gjennomført reise til Mali og ei like føreståande reise til Aserbajdsjan. Akkurat no er han oppteken av USAs og Storbritannias krig mot Irak.

- Det er heilt klart at det er naudsynt med samtalar mellom Vesten og dei islamske landa. Menneskerettane bør få ei viktig og konstruktiv rolle i desse samtalane. Og dersom krigen mot Irak ikkje trekkjer i langdrag og går altfor hardt utover dei sivile, trur eg det skal bli mogleg å få til. I motsett fall kan dei sporadiske protestane mot krigen i dei andre landa i Midtausten etter kvart bli revolusjonære og føra til at dei mest vaklevorne regima fell saman. Eg håpar verkeleg at dei europeiske landa som gjekk imot å støtta krigen, kan leggja fram eit slikt forslag, seier ein brennande engasjert Eide. Saman med avdøde jusprofessor Torkel Opsahl og førsteamanuensis Jan Helgesen har han æra for opprettinga av Institutt for menneskerettar. Frå 1987 og fram til 1998 var han også direktør for instituttet.

Internasjonale spørsmål

Etter jusstudiet var det ingenting som tyda på at han skulle spesialisera seg i menneskerettar. Først blei han kalla til ein jobb i Justisdepartementets lovavdeling før han blei kalla tilbake til UiO for å forelesa i kjøps- og privatrett.

- Det var ikkje så frykteleg spennande fordi eg ville aller helst jobba med internasjonale spørsmål. Sjansen kom då eg fekk høve til å skriva bok om FNs fredsbevarande rolle blant anna i Suez, Kongo og Kypros, fortel han. Etter at Asbjørn Eide på oppdrag frå dåverande utanriksmininister Knut Frydenlund hadde skrive ei utgreiing til Stortinget om korleis menneskerettane kunne fungera som retningslinjer for norsk utanrikspolitikk, blei trekløveret oppmuntra til å grunnleggja Institutt for menneskerettar.

Jimmy Carter og menneskerettane

- På den tida hadde forskinga på menneskerettane like lite status i det juridiske miljøet som forskinga på naturretten. Seinare har jo interessa for menneskerettane eksplodert ikkje berre her i landet, men i heile verda. Ein av dei viktigaste grunnane til det er truleg valet av Jimmy Carter som president i USA i 1976. Etter at USA hadde deltatt i blodige militærkupp både i Hellas i 1967 og i Chile i 1973, fylgd av grove brot på menneskerettane, gjorde Jimmy Carter respekten for menneskerettane som hovudtema i valprogrammet sitt.

- Konsekvensen blei at FNs menneskerettskommisjon fekk større gjennomslag og innverknad, sjølv om dett gjekk litt tilbake då Ronald Reagan blei vald til president og USA gav mindre støtte til dette arbeidet, seier han.

Eide blei valt som medlem av FNs undergruppe for vern av minoritetar i 1981 og sit der enno. Då tok han også initiativet til å få etablert ei arbeidsgruppe som skulle diskutera rettane til urfolka og blei valt til den første leiaren for denne gruppa.

- Den har gjort det mogleg for representantar for urfolk å få større påverknad og betre høve til å fremja urfolksrettane sine rundt i verda, seier han.

Mekling hindra uro

I 1995 blei han vald som leiar for FNs arbeidsgruppe til vern av minoritetar. Han har arbeidd nært saman med Høgkommisæren for vern av minoritetar i OSSE (Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa) og har deltatt i meklingar fleire stader i verda.

- Takka vera samtalar og meklingar mellom partane, klarte me å hindra at det braut ut open konflikt mellom russarar og baltarar i Baltikum og mellom ungararar og rumenarar i Romania. Det såg lenge ut til at samanstøytar i Makedonia også kunne forhindrast, men etter at konflikten braut laus i Kosovo, var det ikkje mogleg å hindra at det smitta over til nabolandet, fortel han.

Retten til mat

Eide har i mange år arbeidd hardt internasjonalt for å få gjennomslag også for dei økonomiske og sosiale rettane i Menneskerettserklæringa. Difor har han også pressa på for at statane skal oppfylla forpliktingane sine for desse menneskerettane. Av dei er det retten til mat som har gjort beslag på mest heile arbeidstida hans.

- Når du ser kor mange millionar menneske som ikkje har denne retten, blir du ikkje deprimert?

- Fridom frå svolt er den einaste retten som er blitt etablert som ein grunnleggjande rett i dei internasjonale menneskerettane. Likevel er det over 800 millionar menneske som lir av feilernæring. Men det positive er at det går an å gjera noko med denne situasjonen. Det trengst ikkje store ressursar, men betre reguleringar.

- Difor har eg peika ut tre obligatoriske vilkår som staten må oppfylla for at retten til mat skal kunna realiserast. For det første må staten respektera den fridomen som kvart individ har til å finna sine eigen løysingar. For det andre må den verna denne fridomen mot andre aggressive private aktørar og for det tredje må staten gjera det den kan for at alle skal nyta godt av retten til mat, forklarar han.

11. september

Når det gjeld dagens situasjon i verdspolitikken er han uroa over USAs krig mot terror etter åtaka mot World Trade Center og Pentagon 11. september 2001.

- Eg forstår godt at noko må gjerast for å hindra slike ting. Likevel ser det ut som om mange av tryggingstiltaka som er sette i verk i USA går over stokk og stein. Det viser ikkje minst behandlinga av fangane frå krigen i Afghanistan som sit innesperra utan lov og dom på Guantanamo-basen på Cuba. Dessutan blir mange muslimar utsette for overgrep både i Europa og USA i kjølvatnet av det som skjedde 11. september 2001, konstaterer han.

Han vil likevel minna amerikanarane om at det finst ein annan 11. september også.

- Ja, den 11. september 1973 gjorde general Augusto Pinochet kupp mot Chiles folkevalde president Salvador Allende. Bak kuppet stod nettopp USA. I 1978 kom eg sjølv dit på ein konferanse om menneskerettar som Den katolske kyrkja skipa til. Eg fekk i oppgåve å halda ei innleiing om menneskerettane og militæret i ei av arbeidsgruppene. I talen byrja eg med å samanlikna Chile og Noreg.

"Begge land har ein lang kyst og ein lang demokratisk tradisjon som brått blei avbroten. For Noregs del skjedde avbrotet etter ein tysk invasjon. For Chiles del kom avbrotet innanfrå etter eit blodig militærkupp. Eg hugsar kor stor gleda var då me fekk demokratiet igjen etter ein fem år lang tysk okkupasjon. Av heile mitt hjarta håpar eg at de i Chile også snart må få oppleva ei slik glede", sa eg.

- Dagen etter sa dei chilenske vertane mine til meg at no måtte dei passa på meg. På førstesida i dei to største avisene i Chile figurerte nemleg eg som den fæle nordmannen som hadde våga å samanlikna Pinochetregimet med tyske okkupasjonsstyrkar i Noreg under 2. verdskrigen. Då eg ringde til Noregs ambassadør Frode Nilsen like etterpå stilte han meg berre fylgjande spørsmål "Sit du i fengsel?

Asylsøkjarar

- Du har sett på brot på menneskerettane i mange land. Korleis er situasjonen her i landet?
- Det mest positive er at Noreg ved eiga lov av 1999 har gjort dei viktigaste Menneskerettskonvensjonane til norsk rett med forrang over annan norsk lov. Svært viktig er det at både FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar no er ein del av norsk rett. Dermed er dei bindande for både domstolane og andre.

- Blant negative trekk er den utstrekte bruken av glattcelle og den dårlege behandlinga av asylsøkjarar. Politiet tyr for ofte til vald når dei skal utvisast. Me er også uroa over bruk av tvang overfor psykisk utviklingshemma i Noreg. Trass i dette er menneskerettssituasjonen her i landet god samanlikna med dei fleste andre land, konkluderer Eide.

Ikkje arbeidsnarkoman

- Og kva gjer du når du ikkje arbeider?

- Då er eg saman med dei tre barnebarna mine og resten av familien. Sonen min Espen (Barth Eide) med familie og kona mi, Wenche og eg bur i kvar vår del av ein stor villa. Difor er dei tre barnebarna våre hos oss kvar dag. Det er dei som hindrar at eg blir arbeidsnarkoman, avslører han.

Og til hausten er han kalla til å ta imot Torgny Segerstedts gjesteprofessorat ved Gøteborgs universitet.

- Men eg ville ikkje ha meir enn ein 40 prosent stilling. Eg må vera saman med barnebarna i Oslo, ser du.

Emneord: Forskning, Sentrene, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 4. apr. 2003 14:51 - Sist endra 10. des. 2008 15:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere