EUs miljøkommisær lova offensiv miljøpolitikk

Rundt 200 personar dukka opp då EUs miljøkommisær Margot Wallstrøm heldt årets ARENA-forelesing om EUs miljøpolitikk i Georg Sverdrups hus måndag 7. april.

MILJØOFFENSIV: - EU skal ha ein offensiv miljøpolitikk, lova EUs miljøkommisær Margot Wallstrøm i årets ARENA-forelesing.
Foto: Martin Toft

Slagordet "EU er ikke et miljøprosjekt" og representantar for Natur og Ungdom og Naturvernforbundet var det første som møtte EUs miljøkommisær Margot Wallstrøm før ho fann plassen sin i foajeen i Georg Sverdrups hus. I foredraget sitt gjekk ho derimot offensivt til verks og prøvde å argumentera nettopp for at EU er eit miljøprosjekt. Ho tok likevel utgangspunkt i den pågåande krigen i Irak.
- Dei første som blei såra i denne konflikten var EU og FN. Inntrykket av at EU hadde ein felles utanrikspolitikk fekk eit solid skot for baugen etter at Storbritannia, Spania og Portugal stod på USAs side i FNs Tryggingsråd, konstaterte ho. Men ho kunna lova at miljøpolitikken skulle halda fram med å vera offensiv.

Overnasjonale miljøavgjerder

- Alle dei nye søkjarlanda må innføra EUs miljødirektiv før dei kan bli medlemar av EU, anten det gjeld industriutslepp eller anna forureining. Det kan få store positive konsekvensar for dei 100 millionar innbyggjarane i desse landa. For meg er det difor ei takksam oppgåve å vera miljøkommisær. Både EU-tilhengjarar og EU-motstandarar ser behovet for overnasjonale avgjerder på dette området. Den sure nedbøren og den globale oppvarminga tar ikkje omsyn til landegrenser. Miljøproblema er eit globalt problem som må handsamast på globalt nivå, understreka ho. Wallstrøm gav også honnør til ein både utskjelt og beundra nordmann.

- Eg har treft Thor Heyerdahl. Det var ein mann som både provoserte og samtidig vågde å gå sine eigne vegar. Gjennom sjøreisene sine blei han tidleg merksam på dei globale miljøproblema. EU vil gjera alt det kan for at dei dystraste spådomane om kva miljøkatastrofar me kan venta oss blir gjort til skamme. Difor har me sett opp dei klima, helse og miljø, naturvern og biologisk mangfald og privat hushald som dei fire satsingsområda våre som det må gjerast noko med innanfor miljøpolitikken, fortalde ho.

- Ser til Norden

Dessutan la ho vekt på den rolla dei nordiske landa spelar som pådrivarar for å ta vare på grøne område.

- Det er ei kjensgjerning at folk ser på dei nordiske landa som føregangsland når det gjeld å ta vare på skog, grøntområde og villmarksområde. Ei av årsakene til at me i desse landa har så store grøntområde, er sjølvsagt at det bur så få folk her samanlikna med landa lenger sør i Europa, forklarte ho. Wallstrøm var også nøgd me utfallet på miljøtoppmøtet i Johannesburg i fjor.

- Det gjer det enda lettare å få til eit globalt samarbeid for å få løyst dei globale miljøproblema, meinte ho før ho avslutta med ei oppmoding til Noreg:

- Eg håpar at Noreg blir med i EU, sjølv om eg er medviten om at det er det norske folket som skal avgjera det spørsmålet. Det er eit paradoks at Noreg er så engasjert i FN, men ikkje viser den same entusiasmen for EU, som skal ta seg av Europas interesser,sa ho i ein engasjert sluttappell.

Emneord: Internasjonalisering, EU Av Martin Toft
Publisert 7. apr. 2003 12:20 - Sist endra 10. des. 2008 14:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere