- Verdikonservative må forsvara dagens universitetsmodell!

- Både rektor Arild Underdal og eg har ei felles "obskur" fortid i same parti. I dag vil ekte verdikonservatisme vera å oppretthalda universiteta som akademiske institusjonar. Den beste måten å gjera det på er å lata dei halda fram med å vera statlege forvaltingsorgan med særskilte fullmakter. Det sa jusprofessor Jan Fridthjof Bernt på eit møte i regi av Forskarforbundet onsdag 12. mars.

BEST: Dagens modell er den som best tar vare på den sjølvstendige stillinga til universiteta, konkluderte Jan Fridthjof Bernt.
Foto: Martin Toft

- Det går ikkje an å bruka ein bedriftsøkonomisk modell på organiseringa av universiteta. Anten ein tilhøyrer høgre- eller venstresida i norsk politikk er me einige om det, argumenterte Bernt. Han var også sterkt ueinig med rektor Arild Underdal som meinte at skilnaden mellom han og Bernt gjekk på at han var statsvitar og Bernt jurist. Som statsvitar såg Underdal korleis endringar i verdssamfunnet og i Noreg også ville føra til at universiteta ville bli meir konkurranseutsette og bli hardare pressa økonomisk.

- Dette har med økonomiske og politiske forhold å gjera, og dette kan ikkje juridiske endringar av universitets- og høgskulelova gjera noko med, meinte Underdal. Bernt delte på ingen måte den oppfatninga.

Jussen er korta

- Det er feil at me ikkje kan gjera noko med påverkinga frå samfunnet rundt oss gjennom endringar i universitets- og høgskulelova. Jussen avgjer ikkje kva som skjer i verda, men er dei korta me får utleverte i debatten om framtida til universiteta, understreka han i sluttinnlegget sitt. Før det hadde han halde eit foredrag om kva som kan skje med universiteta om dei blir endra frå å vera forvaltningsorgan med særskilte fullmakter til å bli statlege særlovselskap.

Gløym Humboldt

- Problemet er ikkje forholdet mellom fagleg autonomi og konsensusorienterte styringsformer. Derimot er det store trugsmålet samansmeltinga av den faglege og administrative leiinga. Det vil få alvorlegare fylgjer enn om instituttstyrarane blir tilsette på åremål. Me må gi eit betre svar på samfunnet sine forventingar enn det næringslivsnære og universitetsframande kritikarar vil tvinga på oss. Det er nemleg vårt ansvar å utvikla den indre organiseringa av universiteta. Sånn sett meiner eg at det er feil å fokusera på det ytre med argument som "Hald fast på Humboldt". Forsking og undervisning skjer ikkje på styrerommet.

- Om universiteta og dei private institusjonane skal handsamast på heilt like vilkår, vil til slutt ESA krevja at utanlandske utdanningsinstitusjonar får dei same vilkåra i Noreg. Dagens modell er den som best tar vare på den sjølvstendige stillinga til universiteta, konkluderte Bernt.

I debatten deltok også direktør for Abelia og representant i Universitetsstyret ved UiO, Paul Chaffey, leiar for KUF-komiteen, Rolv Reikvam og leiar for Forskarforbundet, Kolbjørn Hagen. Medan sistnemnde frykta for kva lagnad hovudavtalen, særavtalen og tilknytinga til Statens Pensjonskasse ville få om universiteta blei særlovselskap, prøvde Reikvam å roa dei universitetstilsette ned med at det ville sikkert vera mogleg å få med seg desse goda også innanfor eit eventuelt særlovselskap.

Gratisprinsippet

- Eg er meir uroleg over dei uuttalte endringane. Det farlegaste er presset mot gratisprinsippet innanfor høgare utdanning. Difor må me halda debatten på eit prinsipielt nivå, meinte Reikvam. Paul Chaffey delte ikkje den uroa dei to sistnemnde følte over ei mogleg endring av selskapsforma til universiteta.

Lever i ein marknad

- Alle universiteta lever i ein marknad. Difor må dei driva marknadstenking. Det finst ein studentmarknad der UiO ikkje alltid har hevda seg særleg godt. Det er difor naudsynt å ta i bruk tiltak som vil gjera det mogleg for UiO å lykkast betre på denne marknaden. Universitetet er også avhengig av at det blir produsert bra med vekttal for å få pengar frå staten, peika han på. Han slo fast at den gamle og tradisjonelle industrien i Noreg no er død.

Staten kan ikkje detaljstyra
- I framtida må Noreg satsa på eit kunnskapsbasert næringsliv. Difor må det satsast meir på forsking i næringslivet og på samarbeid mellom universiteta og næringslivet. Universiteta kan heller ikkje sjå bort frå at det skjer ei endring i synet på korleis staten skal styra. Den kan ikkje lenger detaljstyra, og difor delegerer staten ansvaret. På den måten kan staten fokusera på kjerneverksemda. Døme på dette er både energi- og helsesektoren. Eg synest universiteta skal vera opptekne av å ha ein modell som gir dei størst mogleg fridom, slo Chaffey fast. Rundt 220 personar møtte opp på debattmøtet i Helga Engs hus. Debatten blei leia av journalist i Dagsavisen, Jan Zahl.

Emneord: Personalbehandling/politikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. mars 2003 14:09 - Sist endra 10. des. 2008 16:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere