Studentane må betala kopiavgift

Alle heiltidsstudentar ved UiO må betala 200 kroner i semesteret i kopiavgift. Det vedtok Universitetsstyret mot tre stemmer tysdag 25. mars.

Det var dei to studentrepresentantane, Silje Winther og Torgeir Tofte Jørgensen og representanten for dei teknisk-administrativt tilsette, Hanna Ekeli som stemte imot forslaget frå universitetsdirektøren. Vedtaket inneber altså at alle programstudentar bortsett frå studentar på den praktisk-pedagogiske utdanninga må betala 200 kroner i kopiavgift kvart semester. PPU-studentane skal betala 125 kroner kvart semester, medan deltidsstudentar skal betala 100 kroner i semesteret. Privatistar skal ikkje betala noko. Studentar som har barselspermisjon, er på feltstudiar eller oppheld seg i utlandet eitt semester må likevel betala denne kopiavgifta. Pengane skal krevjast inn saman med semesteravgifta til Studentsamskipnaden i Oslo.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 25. mars 2003 16:46 - Sist endra 10. des. 2008 15:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere