Ny modell for å måla vitskap

Alle vitskaplege artiklar med fagfellevurdering som er publiserte i eit vitskapleg tidsskrift skal telja med i den nye modellen for registrering av publisering ved UiO. Frå 2004 kan 100 millionar kroner av UiOs budsjett fordelast etter denne modellen, som publiseringsutvalet ved UiO foreslår. Verken formidling eller patentering vil bli inkludert.

- MÅLER FORSKING: - Det auka presset frå samfunnet gjer det naudsynt for oss å dokumentera forskingsproduksjon, seier Kristian Gundersen.
Foto: Martin Toft

Publiseringsutvalet blei sett ned av rektor Arild Underdal i juni 2002 med mandat til å utarbeida ei skisse til ei resultatbasert system for finansiering av forsking. Målet var å kunna premiera vitskapleg kvalitet dokumentert gjennom publikasjonar eller andre kanalar. Utdannings- og forskingsdepartementet hadde då gjort kjent at det i den nye finansieringsmodellen inngår ein resultatbasert forskingsdel i grunnløyvinga til universitetet. Kollegiet sette difor i fjor haust av 100 millionar kroner til fordeling mellom institutta etter kva dei har produsert av forsking for 2003. Tilskottet vil utgjera rundt 20 000 kroner for kvar medverknad i publikasjon. Professor Kristian Gundersen ved Biologisk institutt blei oppnemnt som leiar for utvalet som skulle finna fram til ein modell for fordeling av denne potten.

Måling av åndsprodukt

- Det kan jo virka både grovt og usivilisert at me skal driva måling av åndsprodukt på denne måten. Men det auka presset frå samfunnet rundt oss til å dokumentera forskingsproduksjon, gjer det likevel naudsynt. Modellen vår kan vera ei måling av forskingskvalitet som eit alternativ til den politisk bestemte tematiske forskinga. Det er det gode med denne modellen, meiner Gundersen. I innstillinga går det fram at utvalet vil avgrensa fordelingsmodellen til publikasjonar som har gjennomgått ei vitskapleg kvalitetsvurdering i ein vitskapleg redaksjon eller ved andre godkjende fagfelleprosessar.

Strenge kriterium

Etter publiseringsutvalet si meining må det som kan definerast som vitskapleg publisering, presentera ny innsikt, vera i ei form som gjer resultata mogleg å etterprøva og kunna brukast i ny forsking, i formidling og andre former for bruk. Dei må også vera i eit språk og med ein distribusjon som gjer publikasjonen tilgjengeleg for dei fleste forskarar som kan ha interesse av den, og den må vera i ein publiseringskanal, det vil seia tidsskrift, serie, forlag med rutinar for fagfellevurdering. Alle desse kriteria må vera oppfylte for å bli kategoriserte som ein vitskapleg publikasjon.

Ein artikkel, ei registrering

Utvalet legg også vekt på at ein publikasjon berre skal telja med éin gong.

- Eit nettverk av ti forskingsgrupper som produserer ti publikasjonar er ikkje meir produktivt enn ei gruppe som produserer éin publikasjon åleine, men nettverket vil likevel kunna rapportera inn 100 medverknader. Det store talet på medforfattarar er også forklaringa på at enkeltforskarar på til dømes medisin og biologi har mange fleire publikasjonar på sine publikasjonslister enn forskarar i andre fag, forklarar Gundersen.

I tillegg til alle vitskaplege tidsskrift som er registrerte i den store databasen Institute for Scientific Information (ISI), vil også vitskaplege tidsskrift som er brukte som publiseringskanal for fag på humaniora og teologi, telja med. Dette gjeld også om dei brukar andre språk enn engelsk. Berre publiseringa til forskarar i fast stilling og stipendiatar med nær tilknyting til UiO, til dømes NFR-stipendiatar, skal reknast med når forskingskomponenten på 100 millionar kroner skal fordelast til institutta.

- Me brukte denne modellen på vitskapleg publisering gjort ved UiO i år 2000. Me fann ut at det ikkje blei noko stor omfordeling mellom dei naturvitskaplege fakulteta og dei humanistiske og samfunnsvitskaplege fakulteta. Men internt innanfor kvar gruppe kom Det odontologiske fakultetet, UV-fakultetet og SV-fakultetet dårlegare ut enn dei andre, fortel Gundersen. Verken formidling eller patentering er rekna som vitskapleg publisering i denne modellen.

- Oppgåva vår har vore å laga ein modell som kan oppmuntra forskarane til å publisera dei beste vitskaplege artiklane sine i dei beste vitskaplege tidsskrifta, presiserer Kristian Gundersen.

Betre enn ForskDok

Forskar Gunnar Sivertsen ved NIFU (Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning) har vore konsulent for publiseringsutvalet ved UiO.

- Dette er ein modell som gir betre analyse av og insentiv til kvalitet i vitskapleg publisering enn det som har vore mogeleg i ForskDok til no. Kategoriane i Forskdok er erstatta av eit fokus på kvar ein har publisert og på graden av medverknad der publikasjonen har fleire forfattarar. Modellen tek omsyn til at "normale", "gode" og "særs gode" publiseringskanalar kan ha ulik type, språk og geografisk lokalisering i ulike fag. Likevel treng modellen justering etter utprøving i år og eit betre datagrunnlag i framtida, seier Gunnar Sivertsen i ein
kommentar til Uniforum Innstillinga frå publiseringsutvalet blir no sendt ut på høyring til fakulteta før Universitetsstyret skal gjera endeleg vedtak 6. mai. Den nye modellen for registrering av vitskapleg publisering kan også koma til å bli brukt ved dei andre norske universiteta.

Desse sit i publiseringsutvalet:

Professor Kristian Gundersen, Biologisk institutt (leiar)
Professor II Dominique Caugant, Institutt for oral biologi
Professor Vidar Christiansen, Økonomisk institutt
Professor Olav Gjelsvik, Filosofisk institutt
Seniorrådgjevar Dag Tveit Bråthen, Økonomi- og planavdelinga (sekretær)

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 19. mars 2003 09:50 - Sist endra 10. des. 2008 15:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere