Karakteren 2,7 eller C opptaksrav for master

Tallkarakteren 2,7 eller bokstavkarakteren C blir det faglege minstekravet for studentar som søkjer om opptak på eitt av masterprogramma ved UiO. Det vedtok Universitetsstyret tysdag 25. mars.

Utrekninga skal basera seg på dei emna som inngår i det faglege grunnlaget for opptak til masterprogrammet. For dei studentane som søkjer om opptak på masterprogram på bakgrunn av mellomfag i noverande studieordning, skal utrekningsgrunnlaget anten vera gjennomsnittskarakteren for heile mellomfaget eler karakteren på mellomfagstillegget.

Det blei også vedtatt med sju stemmer å krevja karakteren 4 i engelsk frå den vidaregåande skulen for studentar som søkjer seg inn på engelskspråklege masterprogram. I det opprinnelege framlegget var kravet sett til karakteren 5. Dei fleste av dei som tok ordet i debatten meinte at det kravet ville vera for strengt. Men prorektor Anne-Brit Kolstø meinte at ei karaktergrense på 5, var eit rimeleg krav.

- Det er viktig at engelskkunnskapane er høge nok til at studentane klarer å fylgja undervisninga, understreka ho.

Når det gjeld søknadsfristar blei det vedtatt å lata 1. juni/1. desember og 15. april/15.oktober vera felles søknadsfristar. Det er opp til kvart fakultet å bestemma kva søknadsfrist som skal gjelda for kvart masterprogram og om det skal vera opptak ein eller to gonger i året. Universitetsstyret avgjorde også å delegera til fakulteta å vedta at bestemte fag, emne eller emnegruppe skal inngå i det utdanningsløpet mastergraden byggjer på.

- Krev engelskkunnskapar!
Det blir også stilt krav om generell studiekompetanse for opptak til masterprogramma. I framlegget til vedtak får også fakultetet fullmakt til å dispensera frå dette kravet for søkjarar med utanlandsk utdanning som ikkje fyller norskkravet. Akkurat på dette punktet peika representanten Kristian Gundersen på at då måtte ein i staden kunne krevja at dei kunne godt engelsk.

- Viss ikkje kan me risikera at alle utanlandske studentar som ikkje kjem inn ved andre universitet i Europa eller USA, søkjer seg til UiO fordi det universitetet ikkje stiller krav om gode engelskkunnskapar, konstaterte han.

Representanten Harriet Bjerrum Nielsen meinte at dersom det blei tatt inn eit krav om gode engelskkunnskapar, måtte kunnskapar i andre verdsspråk, som til dømes fransk og tysk, kunna kompensera for kravet om engelsk, i alle fall i fag som t. d. filosofi. Rektor Arild Underdal avgjorde deretter at Styret først måtte stemma over alle dei andre punkta i forslaget bortsett frå det omtalte punktet om generell studiekompetanse. Studie- og forskingsdirektør Toril Johansson fekk ansvaret for å formulera det punktet annleis, og eventuelt vurdera om det er mogleg å leggja inn eit krav om kunnskapar i engelsk eller eit anna verdsspråk for dei søkjarane som har ei utanlandsk utdanning.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 25. mars 2003 16:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere