Forskar på nyskaping i små land i Asia og Europa

Ei forskargruppe ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) skal saman med forskarar frå åtte andre land forska på nyskaping i Nederland, Noreg, Finland, Sverige, Irland, Singapore, Taiwan og Sør-Korea.

SMÅ LAND: Førsteamanuensis Terje Grønnings gruppe ved TIK skal saman med utanlandske forskarar sjå på system for nyskaping i ni små land.
Foto: Martin Toft

- Formålet er å sjå på kva miljø det er i kvar einskild av dei ni landa når det gjeld nyskaping. Difor vil me sjå på blant anna forholdet mellom universiteta og næringslivet og næringslivet og kva system dei har for å rekruttera folk til vitskapen, seier Terje Grønning, som leiar forskargruppa ved TIK-senteret i Forskingsparken.

Denne gruppa har fått ansvaret for å laga ein presentasjon av prosjektet, før ei forskargruppe ved Linkøpings universitet skal overta ansvaret for å koordinera heile forskingsprosjektet. Gruppa som Terje Grønning leier har nyleg fått tildelt 1,5 millionar kroner fordelt over tre år frå Noregs forskingsråd gjennom eit program kooordinert av the European Science Foundation.

- Me søkte først om EU-midlar, men fekk avslag. Difor var det hyggeleg at me fekk tildelt pengar gjennom ein annan europeisk forskingsorganisasjon, synest Grønning. Pengane skal dekka ei forskarstilling og drifta av den delen av prosjektet som TIK har ansvaret for.

- Oppgåva vår blir å forska på system for innovasjon eller nyskaping i Noreg. Seinare skal gruppene koma saman for å gjera samanliknande studiar av desse landa. Då kan me sjå kva som skil dei og kva som gjer dei like når det gjeld miljø og politikk for nyskaping. Dei tre hovudsfærane me ser på er industristrukturen, kunnskapsinfrastrukturen og den institusjonelle samansetjinga, det vil seia lovar og reglar med tilknyting til innovasjon, forklarar Grønning.

Til saman er 50 forskarar med på prosjektet, og dei vil for første gong samlast i Oslo den 20. og 21 mars.

SMÅLANDSØKONOMI: Førsteamanuensis Terje Grønnings forskargruppe ved TIK skal saman med utanlandske forskarar sjå på system for nyskaping i ni asiatiske og europeiske land.

Emneord: Forskning, Næringsliv, Sentrene Av Martin Toft
Publisert 4. mars 2003 11:18 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere