Læreboka kjem ut samtidig med at dei kinesiske styresmaktene har opna for at det blir oppretta studium i menneskerettar ved universiteta i Kina. Ved China University of Political Science and Law, som har over 20 000 jusstudentar, er det allereie oppretta eit eige uavhengig senter for menneskerettar, opplyste rektor Xu Xianming under den norske lanseringa av læreboka tysdag 18. februar.
Norske bidrag
Innhaldet i læreboka er plukka ut av ei nordisk og ei kinesisk arbeidsgruppe. Leiaren for Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar, Lisa Stearns har sete i den nordiske arbeidsgruppa saman med 9 andre nordiske menneskerettsekspertar. I boka er Noreg representert med artiklar av seniorforskar Asbjørn Eide og avdøde menneskerettsprofessor Torkel Opsahl.
Måtte finna nye omgrep
" Under arbeidet med boka oppdaga me ord og uttrykk i den internasjonale menneskerettslovgjevinga som ikkje fanst på mandarin. Difor måtte me i fellesskap og i dialog med andre ekspertar finna dekkande omgrep på mandarin" , går det fram av forordet som er forfatta av dei to arbeidsgruppene.
"Boka presenterer også fleire ulike meiningar om ei sak, slik at det blir opp til studentane å analysera innhaldet og danna seg si eiga meining om saka. Dette er uvanleg i Kina, men svært vanleg i andre land", står det i forordet.
-Milestolpe
Statssekretær Vidar Helgesen i Utanriksdepartementet skildra bokutgjevinga som ein milestolpe i menneskerettssamarbeidet mellom Noreg og Kina.
- Det viser at det er mogleg å oppnå store ting gjennom dialog og kunnskapsbygging på begge sider. Eg er svært stolt over at Utanriksdepartementet har kunna finansiera eit så positivt prosjekt. Dessutan kan eg lova at UD vil halda fram med å støtta bruken av boka også, ikkje berre produksjonen, sa Helgesen.
Glad rektor
Rektor ved the China University of Political Science and Law, Xu Xianming var glad for endeleg å ha fått ei lærebok om den internasjonale menneskerettslovgjevinga på mandarin.
- Studiet av og forskinga på menneskerettane skaut fart i Kina på 1990-talet etter at dei kinesiske styresmaktene aksepterte at menneskerettane var universelle. I dag har me 100 masterstudentar på menneskerettsstudiet vårt medan det er 30 Ph.D.kandidatar, sa Xu Xianming. Han gav også uttrykk for eit ynske om å få integrert menneskerettane i dei statsborgarlege rettane til alle kinesarar.
- Eg håpar verkeleg at det kan koma enda fleire gode resultat ut av samarbeidet vårt i framtida, sa universitetsrektoren.
Søte frukter
Professor Ben Wenzhan, som var medlem av den kinesiske arbeidsgruppa, samanlikna dette samarbeidet med behandlinga av ein sjuk person.
- Ein kan ikkje hogga den sjuke kroppsdelen av ein person. Her må ein prøva å bruka både tradisjonell kinesisk medisin og tradisjonell vestleg medisin. Ofte verkar dei best i fellesskap. På same måten kan kinesisk kultur og vestleg kultur læra av kvarandre og saman klara å utvikla eit betre samfunn. På den måten har arbeidet med denne læreboka fungert, og det har hausta søte frukter, meinte Ben Wenzhan. Læreboka er førebels trykt opp i 3000 eksemplar.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere