Hydro-sjef og Lund-rektor med i Kollegiet

Utdannings- og forskingsdepartementet har oppnemnt Egil Myklebust og Boel Flodgren som eksterne medlemar i Kollegiet ved Universitetet i Oslo. Myklebust er tidlegare generaldirektør og noverande styreformann for Norsk Hydro medan Flodgren er avtrappande rektor ved Lunds universitet i Sverige.

EKSTERN MEDLEM: Styreformann i Norsk Hydro, Egil Myklebust er oppnemnt som ekstern medlem i Kollegiet ved UiO.(Foto: Jarle Ree, Norsk Hydro)

Egil Myklebust er også kjent som tidlegare direktør for Norsk Arbeidsgjevarforeining (NAF) og Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO). I tillegg til vervet som styreformann i Hydro, er han også styreformann i SAS og styremedlem i Norske Skog ASA. Men han byrja karrierevegen sin med å ta cand.jur.-eksamen ved Universitetet i Oslo i 1967.

Boel Flodgren har vore rektor ved Lunds universitet sidan 1992, og vil altså ha hatt dette vervet i over ti år når ho no går av ved årsskiftet. Ho er professor i jus, og spesialist på handelsrett.

Inger Hagen er oppnemnt som vararepresentant for desse to eksterne medlemane.

Med oppnemninga av Boel Flodgren og Egil Myklesbust som eksterne medlemar, er det klart kven alle dei 11 personane som skal sitja i det nye kollegiet blir: Rektor Arild Underdal, prorektor Ann-Brit Kolstø, representantar for dei vitskaplege tilsette, Kristian Gundersen og Harriet Bjerrum Nielsen, representant for dei teknisk-administrativt tilsette, Hanna Ekeli, studentrepresentantane Silje Winther og Torgeir Tofte Jørgensen og dei fire eksterne representantane: Paul Chaffey, Hilde Haugsgjerd, Boel Flodgren og Egil Myklebust.

Emneord: Universitetspolitikk, Kollegievalget 2002 Av Martin Toft
Publisert 17. des. 2002 16:01 - Sist endra 10. des. 2008 15:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere