Drar til Cuba for å undervisa

Pensjonert førsteamanuensis i fransk ved UiO, Pedro Estop Garanto drar no til Cuba for å undervisa. - Dette er ei rein solidaritetshandling overfor kubanske studentar og lærarar, seier han.

CUBA KALLAR: Pedro Estop Garanto er hjarteleg velkomen som lærar i fransk kulturkunnskap ved Universitetet i Havanna, seier Cubas charge d´affaires i Noreg, Guillermo Vázquez Moreno.
Foto: Martin Toft

No har han rydda kontoret sitt i Niels Treschows hus for å dra til Cuba for å undervisa ved Universitetet i Havanna.

- Der har eg også arbeidd som gjesteprofessor sidan 1999 og pendla mellom Oslo og Havanna. Eg har stor sans for dei kubanske studentane og universitetslærarane som trass i ein vanskeleg livssituasjon er fulle av entusiasme og lærelyst. Det er eit skrikande behov for både bøker og utanlandske tidsskrifter og aviser på det universitetet. Difor tar eg alltid med meg ein bunke med franske aviser og tidsskrifter kvar gong eg drar til Cuba, fortel Estop Garanto, som er vaksen opp i Frankrike med spanske foreldre.

Studentstipend

Sidan han fekk eit studentstipend frå Studentersamfundet på 1950-talet, har han studert både fransk, spansk og sosiologi ved UiO. Seinare har han undervist i fransk kulturkunnskap ved Klassisk og romansk institutt, UiO. På byrjinga av 1990-talet gav han også ut ei lærebok i fransk kulturkunnskap: La société française, une introductio, Oslo, Universitetsforlaget, 1993. Denne boka er i bruk ved alle universitet og høgskular i Noreg. No vil også dei kubanske studentane få glede av den.

Gir bøker i gåve

- Universitetsforlaget hadde eit restopplag på 300 eksemplar av denne boka. Eg foreslo overfor forlaget at desse bøkene kunne gjevast i gåve til franskstudentane ved Universitetet i Havanna. Forslaget tok eg også opp med charge d´affaires Johan Vibe ved Den norske ambassaden på Cuba. Han syntest det var ein god idé og sytte for at bøkene blei sende med diplomatcontainer til Havanna. Når eg kjem tilbake til Cuba, kjem universitetet truleg til å markera denne bokgåva med eit lite norsk-kubansk kulturarrangement, spår Garanto, som også har fått tildelt eit eige diplom frå Universitetet i Havanna for sitt faglege bidrag på franskstudiet.

Høgt nivå

På Cuba studerer alle studentane hovudsakleg berre eit fag. Det vil seia at om dei tar ein bachelorgrad i fransk, studerer dei fransk i fem år, og om dei tar ein mastergrad i fransk, så studerer dei fransk i sju år.

- Difor har alle desse studentane svært høge kunnskapar i fransk, understrekar Garanto, som slett ikkje ynskjer å krisemaksimera den økonomiske situasjonen på Cuba.

- Både medisinsk forsking og bioteknologi ligg på eit svært høgt nivå på Fidel Castros øy. Dei forskarane som arbeider der, får både gratis husvære, ein del av lønna i dollar og høve til utanlandsreiser, forklarar Garanto. Han vil dessutan leggja til at læreboka hans vil koma i nytt opplag i byrjinga av neste år.
- Det er difor ingen grunn til å frykta at den forsvinn frå marknaden, påpeikar han.

Emneord: Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 18. des. 2002 10:51 - Sist endra 10. des. 2008 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere