Teknisk/administrative kandidatar til kollegievalet klare

Hanne Ekeli, Kristian Moldestad og Hanne Skjølås Nygaard er alle kandidatar til den eine plassen som representant for dei teknisk/administrativt tilsette i det nye kollegiet.

Førstekonsulent Hanne Ekeli frå Pedagogisk forskingsinstitutt representerer NTL, medan førstekonsulent Kristian Moldestad frå Det teologiske fakultetet representerer Forskarforbundet. Førstekonsulent Hanne Skjølås Nygaard frå Det utdanningsvitskaplege fakultetet representerer 2FO (tidl. LUHF).

Framlegga er sette fram innanfor den kunngjorde tidsfristen, og godkjent av valstyret. Alle kandidatane har også sagt seg villige til å lata seg velja. Sidan det berre skal veljast ein representant for dei teknisk/administrativt tilsette til det nye kollegiet, har Kollegiet vedtatt at også valet for dei teknisk/administrativt tilsette skal gjennomførast som eit preferanseval. Då kan du rangera alle kandidatane frå den du helst vil ha vald til den du minst ynskjer valt. Den kandidaten som får nest-mest stemmer blir valt til vararepresentant. Representanten som blir valt skal sitja i det nye kollegiet fram til 31. juli 2005.

Fristen for å stemma er 26. november klokka 16.00. Også poststemmer må vera valstyret i hende innan denne fristen. Difor bør stemma di postleggjast seinast fredag 22. november. Om du ikkje rekk det, kan stemmekonvolutten leverast direkte til Valstyret v/valsekretariatet, Administrasjonsbygningen, 5. etasje.

Emneord: Kollegievalget 2002, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. nov. 2002 14:19 - Sist endra 10. des. 2008 15:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere