Sør-Afrika nytt studieland for UiO-studentar

UiO-studentar kan frå neste år ta eit eller to semester ved eit sørafrikansk universitet som ein del av ein bachelor- eller mastergrad. Studieopphaldet blir finansiert av Lånekassen.

SØR-AFRIKA: UiO-delegasjonen framfor University of Cape Town. Frå venstre Jan Trulsen, Frøydis Hertzberg,Thenjiwe Kona , Arild Underdal og Karen Crawshaw Johansen.(Foto: Solveig Aas)

Rektor Arild Underdal har nyleg skrive under på ein institusjonsavtale med University of Cape Town.. Frå før har UiO avtalar med universiteta University of the Western Cape og University of the North.

UIO@SOUTH-AFRICA

- Dette vil gjera det mogleg å få studentutvekslinga inn i meir ordna former. Difor kjem me no til å etablera eit eige utvekslingsprogram UIO@SOUTH-AFRICA på same måte som me frå før har UIO@AUSTRALIA og UIO@CANADA. Det vil førebels ikkje bli sett noko tak på kor mange UiO-studentar som kan dra til Sør-Afrika, opplyser førstekonsulentane Solveig Aas og Karen Crawshaw Johansen i Seksjon for internasjonale program (SIP).

UiO utarbeider akkurat no avtalar med både University of Natal og University of Pretoria, og håpar også å få til samarbeidsavtalar med eit par andre sørafrikanske universitet. Mellom 1995 og 2002 har 60 UiO-studentar vore i Sør-Afrika medan 25 sørafrikanske studentar har opphalde seg ved UiO. Dette er utvekslingar som har gått føre seg på initiativ frå enkelte fagmiljø og ikkje som ein del av ein større avtale.

- Gledeleg

UiO-rektor Arild Underdal er godt nøgd med institusjonsavtalane med dei sørafrikanske universiteta.
- Det er svært gledeleg at me får ein avtale om studentutveksling og forskingssamarbeid med Sør-Afrika. Men me er nok heilt nøydde til å få økonomisk bistand frå norske styresmakter for å få sørafrikanske studentar hit, seier Underdal. Han håpar også det kan bli ein avtale for vidarekomne studentar.

- Mange av doktorgradsstudentane me var i kontakt med, var interesserte i å koma til Noreg, om dei kunne fått opphaldet dekka. I alle fall vil studentutveksling og forskingssamarbeid vera ein fin måte å hjelpa Sør-Afrika på, meiner Underdal.

Mange fordelar

Førstekonsulent Solveig Aas ser mange fordelar med Sør-Afrika som studieland.
- For det første er engelsk undervisningsspråket på universitetsnivå og for det andre finst det universitet på eit høgt internasjonalt nivå. Eit tredje moment er det faktum at nokre fagmiljø ved UiO allereie har utveksla studentar med institusjonar i Sør-Afrika, påpeikar ho. Dei norske universiteta har til no hovudsakleg samarbeidd med dei tradisjonelt svarte universiteta, og hatt eit klart solidaritetsperspektiv på dette samarbeidet.

- Undervisninga ved dei sørafrikanske universiteta held eit høgt internasjonalt nivå og i tillegg er kostnadsnivået i Sør-Afrika svært lågt i høve til Noreg. Studieavgiftene er også låge samanlikna med universitet i til dømes USA og Australia, fortel Aas til Uniforum.

Vilje til endring

Camilla Houeland er nyleg uteksaminert frå hovudfagsstudiet i statsvitskap ved UiO. Ho har to lengre opphald i Sør-Afrika bak seg. Ho studerte ved University of Cape Town i 1998.

- Det er enormt mange folk som vil noko ved dette og andre universitet. Apartheidtida har gjort at folk er svært politiske og heile tida vil noko. I Sør.-Afrika ser du også at det hjelper å gjera noko med det som er urettferdig og det er større vilje til endring i høve til til dømes Guatemala, der eg også har vore. Cape Town er dessutan ein by som på mange måtar er enda meir internasjonal enn Oslo, fortel Houeland, som også er nøgd med studia.

Valde på øvste hylle

- Eg kunne velja fem fag på øvste hylle medan eg tok Diploma of African Studies, som er ein overgangsgrad etter Bachelor. Faga spente frå økonomi og politikk, historie og filmfotografi til avgjerande debattar i afrikansk historie. Det var også eit sosialt og godt studentmiljø. Difor kan eg absolutt tilrå andre UiO-studentar å dra til Sør-Afrika, seier Camilla Houeland.

Emneord: Internasjonalisering, Sør-Afrika, Undervisning, Afrika Av Martin Toft
Publisert 28. nov. 2002 11:16 - Sist endra 10. des. 2008 15:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere