Asma Jahangir fekk overrekt UiOs menneskerettspris

- Dei gledelegaste augneblinkane i livet mitt, opplevde eg den tida eg sat i fengsel. Då vitsa me med kvarandre og me opplevde ekte kvinnesolidaritet uavhengig av utdanning og sosial klasse. Det sa den pakistanske menneskerettsadvokaten Asma Jahangir i talen sin då ho fekk overrekt UiOs menneskerettspris for 2002 i Georg Sverdrups hus tysdag 29. oktober.

PRIS: Menneskerettsadvoktaten Asma Jahangir frå Pakistan får overrekt UiOs menneskerettspris av prorektor Anne-Brit Kolstø.
Foto: Martin Toft

Asma Jahangir er særleg kjent for arbeidet sitt med å forhindra diskriminering og utbyting av religiøse minoritetar, kvinner og barn både i Pakistan og i andre delar av verda.

Jahangir fekk tildelt UiOs menneskerettspris - Lisl og Leo Eitingers pris for arbeidet sitt i kampen mot æresdrap, Hadood-lovene og liveigenskapen i Pakistan. Ein annan grunn til at prisen i år gjekk til henne, var hennar internasjonale engasjement som FNs spesialrapportør for utanomrettslege, summariske og vilkårlege avrettingar, står det i grunngjevinga til priskomiteen.

Modig og energisk

- Ho er ei modig og energisk kvinne som aldri gir opp. Difor skreiv ein journalist ein gong at om Asma Jahangir sto åleine mot ein million menn, så ville det likevel ikkje vera nokon tvil om at Asma Jahangir ville vinna, sa seniorforskar Asbjørn Eide ved Institutt for menneskerettar då han skulle gi tilhøyrarane eit bilete av prisvinnaren.

Sjølv kvitterte Jahangir med å gi vidare det rådet ho sjølv hadde fått av ein pakistansk jurist som hadde kjempa for å betra vilkåra for menneskerettane i Pakistan.

- Gå omkring i fattigkvartera og bank på dørene der og finn ut kva folk er opptekne av og kva endringar dei ynskjer. Finn ut kva lover dei gjerne vil ha endra. Deretter kan du gå til topps i samfunnet for å prøva å få endra dei lovene som er urettferdige, forklarte ho.

Kvinnelege vitnemål
Jahangir gjorde nettopp det, og var spesielt oppteken av situasjonen til kvinnene.
- Då me fekk den pakistanske nasjonalforsamlinga til å vedta at vitnemålet til to kvinner tel like mykje som vitnemålet til ein mann, var det ein stor siger for oss. Før hadde ikkje vitnemålet frå kvinnene telt noko som helst, sa ho.

USA og sharialovene

Jahangir var også krass i kritikken mot USA, som på 1980-talet inngjekk den uheilage alliansen med Pakistans tidlegare militærdiktator Zi-ul Haq og med Mojahedin-rørsla i Afghanistan.

- På den tida blei det innført sharia-lover både i Afghanistan og Pakistan utan at USA, som den såkalla forsvarar for den frie verda, løfta ein finger for å protestera mot den praksisen, påpeika ho.

Atomopprustinga

Jahangir gjekk også til eit verbalt åtak på atomopprustinga til Pakistan og India.

- Det er katastrofalt. Etter dei pakistanske og indiske atomprøvesprengingane i 1998, tok me difor kontakt med våre medsystrer i India via Internett, og inviterte dei over til Pakistan. Seinare besøkte med dei i India, og saman starta med "Foundation of Women´s Rights. " Både folk i India og i Pakistan vil ha fred. Eg er sikker på at om dei to landa hadde opna grensa, så ville det ha vore trafikk-kork i over eitt år. I grensestroka snakkar folk same språk, dei fortel dei same vitsane, dei syng dei same songane og dei et den same maten, understreka ho.

- Eg er svært takksam for at eg har fått tildelt denne menneskerettsprisen, og eg tar imot den på vegner av alle dei som har kjempa og som framleis kjempar for menneskerettane i min del av verda, sa Jahangir før ho fekk overrekt prisen av prorektor Anne-Brit Kolstø. Også ein stor delegasjon frå det norsk-pakistanske miljøet var til stades under prisoverrekkinga.

Emneord: Menneskerettar, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 30. okt. 2002 11:10 - Sist endra 10. des. 2008 14:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere