Skal samordna all studieinformasjon

-Informasjonsavdelinga får eit overordna ansvar for å samordna all studieinformasjon både på nett og i trykt versjon.
- All informasjon om studietilbod ved UiO skal samlast i ein felles studiekatalog.
- Kvar student skal få sin eigen individuelle utdanningsplan på nettet.
Dette er tre av dei mest radikale framlegga til KOST-prosjektet eller prosjektet for omstrukturering og koordinering av UiOs skriftelege studieinformasjon.

- Målet vårt er å utvikla skreddarsydd informasjon til studentane, seier Marianne Braaten, som er prosjektleiar for KOST.
Foto: Ståle Skogstad

Fagdirektørane ved UiO med universitetsdirektør Tor Saglie i brodden, gav førre veke klarsignal til at Informasjonsavdelinga kunne overta systemeigaransvaret for UiOs skriftelege studieinformasjon. Det vil seia at Informasjonsavdelinga får ansvaret for å koordinera informasjonen som kjem frå Studie- og forskingsavdelinga (SFA), fakulteta, institutta og SiO. Men det blir dei same einingane som før som skal bestemma innhaldet, altså vera sakseigarar.

Fleire ressursar

- Me tar gjerne på oss systemeigaransvaret, men den absolutte føresetnaden er at Informasjonsavdelinga får tilført eller overført så mange ressursar som naudsynt for å kunna ta på oss dei ekstra arbeidsoppgåvene dette vil innebera, seier informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal i ein kommentar til avgjerda på direktørmøtet.

Marianne Braaten er prosjektleiar for KOST-prosjektet. Ho meiner det er viktig at Informasjonsavdelinga får hovudansvaret for å koordinera all informasjon om studuetilbod ved UiO.

- Dersom studieinformasjonen frå UiO skal framstå som heilskapleg er det viktig at nokon med informasjonsfagleg bakgrunn har oversynet med dette. Difor har me også tilrådd eit eige redaksjonsråd, sett saman av representantar for fakulteta, Sentraladministrasjonen, SiO og studentane.

- Dette rådet skal samordna og sy saman informasjonen frå forskjellige redaksjonsgrupper med ansvar for til dømes studietilbodskatalogen, studieinformasjon på web, trykt studieinformasjon på engelsk og profilering på messer, fortel ho og legg til at målet med å oppretta KOST-prosjektet var å utvikla målretta og heilskapleg informasjon for moglege studiesøkjarar, nye studentar og dei som allereie er studentar ved UiO.

Kvalitetsreforma

- Behovet har vore der lenge, men med innføringa av Kvalitetsreforma, fekk me kniven på strupen, og endeleg eit godt argument for å få gjennomført ambisjonen om å samordna arbeidet og publiseringa av den skriftlege studieinformasjon så godt at me i størst mogleg grad kan unngå dublisering av informasjon. Me innføring av nye gradar, opptak på studieprogram i staden for på fakultet og med eit nytt karaktersystem, var me heilt nøydde til å organisera arbeidet med studieinformasjon på ein betre måte.
- Slik skal prosjektet vidareutvikla løysingar for at studieinformasjonen kan publiserast i både elektroniske og trykte utgåver utan at informasjonen må bli oppdatert og vedlikehalde meir enn på ein stad, understrekar Braaten, som er svært oppteken av at dei som har ansvaret for å laga studieinformasjonen, gjer det på premissane til brukarane.

Skreddarsydd informasjon

- Me må syta for å gi skreddarsydd informasjon til studentane. Difor må me setja oss inn i deira stad, og på ein måte byrja å tenkja som dei. Difor har me også sett i gang brukartesting av studieinformasjonssidene våre på webben. Det skal bli mogleg å finna mest mogleg relevant informasjon der utan å klikka for mykje fram og tilbake, lovar ho.

Ein fylgje av dette vil bli at studieprogramma vil bli lista opp tematisk og ikkje etter fakulteta i det skriftelege materialet frå UiO. KOST-prosjektet har likevel ikkje fått negative reaksjonar frå fakulteta.

- Nei, det har me ikkje, og eg trur grunnen til det er at representantar for fakulteta både er med i prosjektgruppa og i undergruppene til KOST-prosjektet. Dermed står alle einingane samla bak dette framlegget. I hovudsak vil me lata det informasjonsfaglege telja over det reint faglege, når det er spørsmål om kva me skal leggja vekt på i informasjonen til studentane, påpeikar ho.

- Korleis skal dette finansierast?

- Akkurat i år treng ikkje KOST-prosjektet store summar, anna enn dei menneskelege ressursane med treng internt til planlegging og utvikling. Men i neste års budsjett, vil me ha behov ein god del ekstra pengar for at dette skal kunna gjennomførast. Når det gjeld til dømes produksjon av ein felles studietilbodskatalog, så kan denne truleg finansierast med ein del av dei pengane som fakulteta i dag brukar på å laga studietilbodsbrosjyrer frå kvart fakultet. Den tekniske løysinga for individuelle utdanningsplanar på webben blir utikla hos USIT, medan brukartestinga og testinga av det såkalla brukargrensesnittet er sett ut til eit eksternt firma. Det er også oppgåva med å brukartesta dei nye webløysingane og den nye informasjonsstrukturen til UiO, seier Braaten.

Dei individuelle utdanningsplanane vil vera kopla til Felles Studentsystem(FS) og vil til dømes gjera det mogleg for Studie- og forskingsavdelinga å finna ut kor mange studentar som planlegg å ta eit bestemt emne eit bestemt semester.

- Når dette prosjektet er avslutta rundt juletider neste år, håpar eg at UiO skal bli lettare å kjenna att i alt informasjonsmateriell frå universitet uansett kva fakultet eller institutt informasjonen kjem frå. Då skal det dessutan bli mykje lettare for søkjarane og studentane våre å finna akkurat den informasjonen dei treng, lovar prosjektleiar Marianne Braaten.

Dette er KOST:

- prosjekt for omstrukturering og koordinering av UiOs skriftelege studieinformasjon
- hovudmålet er å utvikla gode kommunikasjonsløysingar for studieinformasjon ved UiO

Styringsgruppa for KOST:

IT-direktør Arne Laukholm
Avdelingsdirektør Toril Johansson, SFA
Informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal, IA
Fakultetsdirektør Inge Øystein Moen, HF-fakultetet
Fakultetsdirektør Birger Kruse, MN-fakultetet
Leiar Torstein Lindstad, Studentparlamentet

Prosjektleiar: Marianne Braaten, SFA

Emneord: KOST Av Martin Toft
Publisert 4. sep. 2002 13:21 - Sist endret 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere