- Engelsk er bannlyst!

- Engelsk er bannlyst på denne konferansen, seier Marianne Hobæk Haff, Hallvard Dørum, Anne Sletsjøe og Birte Stengaard, som alle er med i arrangementskomiteen for Den 15. skandinaviske romanistkongressen som fann stad i Georg Sverdrups hus i førre veke.

Birte Stengaard, José María Izquierdo, Marianne Hobæk Haff, Anne Sletsjøe og Hallvard Dørum organiserte romanistkongress på Blindern.
Foto: Ståle Skogstad

- På denne konferansen blir fransk eller spansk brukt som kommunikasjonsspråk mellom forskarar frå dei nordiske landa om dei ikkje forstår kvarandre på eit nordisk språk, understrekar franskprofessor Marianne Hobæk Haf.

- Difor blei eg introdusert på spansk, sjølv om foredraget mitt var på portugisisk, skyt førsteamanuensis Anne Sletsjøe inn.

- For aller første gong var både italiensk og portugisisk administrasjonsspråk under denne konferansen. Tidlegare har det berre vore fransk og spansk, forklarar førsteamanuensis i italiensk, Hallvard Dørum og Hobæk Haff.

Til saman har 150 deltakarar frå universitet i Norden og Baltikum deltatt på denne konferansen, som har spent frå tema som kva som går føre seg i hovudet til ein tolk under tolking til analyse av litteratur frå den spanske gullalderen på 1600-talet til forskingsarbeid om nyare fransk litteratur.

- Alle foredraga frå denne konferansen vil for aller første gong bli tilgjengeleg for alle interesserte på Internett, fortel José María Izquierdo, som er fagreferent for romanske språk ved Universitetsbiblioteket.

Emneord: Lingvistikk, Internasjonalisering, Litteratur (skjønn-) og forfattere Av Martin Toft
Publisert 20. aug. 2002 14:50 - Sist endra 10. des. 2008 14:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere