Vil utvikla nye behandlingsmetodar

- Håpet vårt er at me kan utvikla ny kunnskap som kan danna grunnlag for nye behandlingsmetodar for nevrologiske sjukdomar som Alzheimers sjukdom, hjerneslag og epilepsi. Difor slår me saman to forskingsmiljø innan molekylærbiologi og nevrovitskap for å kunna bidra til ny kunnskap, fortel medisinprofessor Ole Petter Ottersen, som skal leia Centre for Molecular Biology and Neuroscience ved UiO.

Medisinprofessorane Ole Petter Ottersen (biletet) og Erling Seeberg ved Rikshospitalet tok initiativet til å søkja om å etablera eit felles Senter for framifrå forsking.
Foto: Ståle Skogstad

Dette senteret for framifrå forsking er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Oslo og Rikshospitalet. Frå UiO deltar Anatomisk institutt og Fysiologisk institutt ved Det medisinske fakultetet og Bioteknologisenteret medan Institutt for mikrobiologi deltar frå Rikshospitalet. Når senteret er etablert, vil det sysselsetja 110 personar. Erling Seeberg ved Mikrobiologisk institutt ved Rikshospitalet og Ole Petter Ottersen ved Anatomisk institutt har leia dei to medisin- og helsegruppene som slo seg saman for å søkja om å bli eit felles Senter for framifrå forsking. Ottersen håpar at senteret kan få plass til ein del av aktivitetane sine i det planlagde tilbygget til Domus Medica.

Leiande rolle

- Målet vårt er at senteret skal få ei leiande rolle når det gjeld forsking på signaloverføring mellom nerveceller og innan kartlegging og forklaring av genetiske forandringar i nervesystemet for å førebyggja nevrologiske sjukdomar og forstå aldringa til hjernen. Nevrologiske sjukdomar som mellom anna hjerneslag, migrene og Alzheimer råkar svært store menneskegrupper. I løpet av det siste tiåret har me dessutan hatt ein eksplosjonsarta auke i kunnskapane om hjernen og om oppbygginga av og funksjonen til nervesystemet.

- På den måten har me også tileigna oss nye kunnskapar om dei forskjellige nevrologiske sjukdomane. Ein viktig faktor i sjukdom og helse er balansen mellom genominstabilitet og DNA-reparasjon, noko som også gjer seg gjeldande i nervesystemet, fortel Ottersen, som gjerne vil understreka kor viktig det er at ekspertar på forskjellige fagfelt skal forska i fellesskap.

- Det vil seia at me får ein mykje større metodologisk breidde for å forstå korleis arvestoffet fungerer i utgangspunktet. Dessutan innser me at sjølv om nervecellene har slutta å dela seg, så er det likevel viktig å oppretthalda integriteten til arvecellene, forklarar Ottersen, som viser til at forskinga vil konsentrera seg om fem hovudområde.

Genom og aldring

- Fokuset i denne forskinga vil vera på komparative og funksjonelle genomstudiar frå mikrobar til nerveceller, aldring, DNA-reparasjon og hjernefunksjon, analysar av utviklinga i hjernebarken inkludert hippocampus gjennom genmodifisering, analysar og modifisering av stamceller frå hjernen og ny kunnskap om signaloverføring mellom nerveceller, opplyser han til Uniforum.

Senteret har også inngått ein intensjonavtale med det farmasøytiske selskapet Glaxo-Smith-Kline.

- Me skal halda kontakt med firmaet om utviklinga av forskinga vår, og me har heller ikkje bunde oss til å gi forskingsresultata våre til det selskapet. Planen vår er dessutan å knyta til oss fleire leiande internasjonale ekspertar på dette området, seier Ottersen. Han understrekar at senteret er sett saman av ei rekkje forskingsgrupper som kvar for seg allereie har hevda seg internasjonalt.

Dette er gruppeleiarane bak Centre for Molecular Biology and Neuroscience:

Ole Petter Ottersen, UiO
Jon Storm-Mathisen, UiO
Jan G. Bjaalie, UiO
Niels Chr. Danbolt, UiO
Johan F. Storm, UiO
Erling Seeberg, Rikshospitalet
Tone Tønjum, Rikshospitalet
Arne Klungland, Rikshospitalet
Stefan Krauss, Rikshospitalet
Torbjørn Rognes, Rikshospitalet
Michael Koomey, Bioteknologisenteret ved UiO

Emneord: Forskningspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 18. juni 2002 11:55 - Sist endra 10. des. 2008 16:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere