Matematikaren som løyste Fermats siste teorem

- Lær barna matematikk og fortel dei at utan matematikken ville det verken ha vore fly, datamaskinar eller mobiltelefonar. Tenk dykk då kor primitivt livet hadde vore! Det seier verdas mest berømte nolevande matematikar, engelskmannen Andrew Wiles frå Princeton University i USA.

- Det var vidunderleg å finna beviset på Fermats siste teorem, fortel verdas fremste matematikar, Andrew Wiles frå Princeton University i USA.
Foto: Martin Toft

Som tiåring drøymde han om å løysa den franske matematikaren Fermats siste teorem frå det 17. hundreåret. 30 år etter starta han arbeidet med å løysa den gåta og mest åtte år seinare kunne han koma ut av lønnkammeret sitt og fortelja heile verda at problemet var løyst.

Under Abelkonferansen var han ein av foredragshaldarane og då fekk Uniforum også høve til ein kort liten prat med
den beskjedne, men genierklærte matematikaren.

Vidunderleg

- Korleis reagerte du då du hadde funne ut at du hadde løyst Fermats siste teorem?

- Det var vidunderleg, men du kan finna meir ut om det om du går inn på BBCs nettsider og finn programmet som dei lagde om meg og om korleis eg gjekk fram for å løysa denne matematiske gåta, oppfordrar Andrew Wiles. Me tar oppmodinga til fylgje og slik fortel Wiles om det som skjedde på arbeidsrommet hans måndag 19. september 1994:

- Eg fann ut at løysinga på problemet låg i Iwasawateori-forsøket mitt tre år tidlegare. Det var den viktigaste augneblinken i heile arbeidslivet mitt. Ingenting av det som eg kjem til å gjera i framtida vil overgå dette. Dette var ei openberring som det ikkje går an å skildra. Den var heilt utruleg vakker, så enkel og så elegant at eg berre sat og stirra i vantru i over 20 minuttar.

- Resten av dagen gjekk eg fram og tilbake på arbeidsrommet berre for å sjekka om løysinga eg hadde kome fram til framleis var der. Først neste dag klokka 11 var eg sikker nok i mi sak til at eg kunne fortelja kona mi at eg endeleg hadde fått det til. Eg har endeleg funne løysinga på Fermats siste teorem, sa eg til henne, fortel Wiles til BBC 2. oktober 1997.

Uløyste gåter

I dag blir han invitert til å halda foredrag på matematikarkonferansar og universitet over heile verda. Men han vil gjerne løysa andre av dei uløyste matematiske gåtene.

- Det hadde vore fantastisk å kunna løysa Rieman-hypotesen frå 1859 eller Poincaré-antagelsen. For Wiles er matematikken både vakker og utfordrande.

- Eg kan likna røynsla mi med matematikken som det å gå inn ein svær villa i mørket. Først kjem du inn i eit rom der det er stummande mørkt, så snublar du bort i møblane heilt til du lærer kvar dei forskjellige møblane er, og så først etter seks månader finn du lysbrytaren og alt blir opplyst og du finn ut nøyaktig kvar du er, seier Wiles til BBC.

Fermats siste teorem

Og det var ei bok om Fermats siste teorem som han fann på kommunebiblioteket i heimbyen sin i England då han var ti år gammal som altså fekk Andrew Wiles til seinare å bruka over sju år av livet sitt på å løysa den matematiske gåta som den franske matematikaren Fermat lanserte i 1637. Fermat tok utgangspunkt i Pytagoras`læresetning (teorem) for rettvinkla trekantar: x2+y2=z2. Fermat hevda at denne likninga ikkje stemmer for x3+y3=z3 eller for ei kvar likning xn+yn=zn der n er større enn 2 og x,y,z og n er positive heiltal. Fermat hevda også at han hadde funne beviset for denne teorien, men at han ikkje hadde nok plass i boka si til å skildra den. I 350 år jakta matematikarar over heile verda på beviset for Fermats siste teorem, før Andrew Wiles til slutt klarte det 19. september 1994. Det er bakgrunnen for at fleire matematikarar peikar på han som ein av dei sterkaste kandidatane når den første Abelprisen i matematikk skal delast ut neste år.

(Kjelder: Andrew Wiles og BBCs program Fermat´s Last Theorem, 2. oktober 1997)

Emneord: Forskning, Niels Henrik Abel Av Martin Toft
Publisert 14. juni 2002 15:20 - Sist endra 10. des. 2008 15:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere