God kjemi i 150 år

Norske kjemiforskarar feirer 150-årsdagen for norsk kjemi med eit stortstilt jubileumsarrangement i Georg Sverdrups hus, Blindern torsdag 16. mai. Utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet opnar dagen før det blir helsingar frå UiO-rektor Arild Underdal og Forskingsrådets direktør Christian Hambro.

Kristin Clemet opnar 150-årsjubileet til kjemifaget i Noreg.
Foto: Trine Nickelsen

Seinare vil kjemiprofessor Bjørn Pedersen, UiO fortelja om høgdepunkt frå norsk kjemi. Deretter vil Ada Yonath frå Weizmann Institute og Max Planck Research Unit, Hamburg halda årets Hasselforelesing. Resten av ettermiddagen blir det vitskaplege foredrag med Gerard van Koten, Universitetet i Utrecht, Nicholas Handy, University of Cambridge, Robert J. Cava, Princeton University og Andrew G. Myers frå Harvard University. Feiringa blir avslutta med festmiddag i lokala til Det Norske Vitskapsakademiet i Drammensveien 78.

Emneord: Kjemi, Forskning
Publisert 7. mai 2002 11:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere