Tysk pris til Cathrine Fabricius Hansen

Professor Cathrine Fabricius Hansen ved Germanistisk institutt, UiO er tildelt den tyske Jacob og Wilhelm Grimm-prisen for 2002. Prisen er på 5000 euro og blir delt ut av Den tyske akademikarutvekslingstenesta (Deutschen Akademischen Austtauschdienstes (DAAD).

Fabricius Hansen får denne utmerkinga på grunn av hennar framifrå virke både som universitetslærar og forskar i tysk. Det nære samarbeidet ho heile tida har hatt med forskingsmiljø i Tyskland, blir også trekt fram. Fabricius Hansen tok doktorgrad i tysk språk ved Københavns Universitet, og sidan 1986 har ho vore tilsett som professor ved Germanistisk institutt ved UiO. Det er åttande gongen at Jacob og Wilhelm Grimm-prisen er delt ut, og første gong den er gått til ein forskar ved eit norsk universitet. Prisen blei delt ut av presidenten i DAAD, professor Theodor Berchem i Berlin 16. april.

Emneord: Internasjonalisering, Priser
Publisert 19. apr. 2002 11:09 - Sist endra 10. des. 2008 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere