Skal kartleggja farlege bylgjer

Matematikarar, geofysikarar og sivilingeniørar ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og ved NTNU i Trondheim har fått 10,3 millionar kroner frå Forskingsrådet for å kartleggja dei undersjøiske havstraumane utanfor norskekysten og laga modellar over korleis farlege undervass- og overflatebylgjer kan oppstå.

Forskar på bylgjer: Frå venstre Arve Kvalheim, Svein Vesterby, John Grue, Geir K. Pedersen og Bjørn Gjevik, Matematisk institutt og Jan Erik Weber, Institutt for geofysikk.
Foto: Ståle Skogstad

- Forskinga kan få mykje å seia for korleis olja utanfor norsk kontinentalsokkel skal utvinnast i framtida, og den vil også ha mykje å seia for utsiktene til å vinna ut andre mineral frå havbotnen. Dessutan vil denne forskinga gjera det lettare å kunna kartleggja fiskeressursane og havmiljøet i dei aktuelle områda, fortel professor John Grue ved Matematisk institutt, UiO.

Han er programkoordinator for forskingsteamet, som elles er sett saman av Bjørn Gjevik og Geir K. Pedersen frå Matematisk institutt, UiO, Jan Erik Weber frå Institutt for geofysikk, UiO, Jarle Berntsen og Kristian B. Dysthe frå Matematisk institutt, UiB og Odd M. Faltinsen frå Institutt for marin hydrodynamikk ved NTNU.

- Formålet vårt er altså å laga både matematiske modellar og laboratoriemodellar for bylgje- og straumforhold som kan nyttast til kartlegging av fiskeressursar og for utforsking av ressursar på djupt vatn. Dette vil vera viktig for å kunna forvalta både hav og fjordar betre i Noreg. Dette er eit svært viktig felt for Noreg, som lenge har spelt ei leiande rolle internasjonalt innan maritim forsking, fortel Grue.

Samlar kreftene

Både han og professorkollega Bjørn Gjevik ved Matematisk institutt er glade for at dei har klart å realisera dette samarbeidsprosjektet mellom dei tre største universiteta i Noreg.

- Det er berre ved å samla kreftene at me kan auka det internasjonale gjennomslaget for forskinga vår. Difor samarbeider me både om denne forskinga og om doktorgradsundervisninga som har tilknyting til dette prosjektet, understrekar Gjevik og Grue. I framtida vil det bli mogleg å få kartlagt forholda i lokale havområde, men også korleis havstraumane rører seg på kanten av den norske kontinentalsokkelen. Forskarane vil ikkje driva feltforsking sjølve, men basera modellane sine på data som allereie er blitt innsamla av selskap som Statoil, Hydro, Aker-Kværner og ABB.

Botnstraumar

På Ormen Lange-feltet i Nordsjøen er det målt store botnstraumar. Dagens modellar klarer ikkje å rekna godt nok ut kor sterke desse straumane er.
- Dei modellane som me så vidt har klart å få laga her, har klart å rekna dette ut eit stykke på veg. Me vil no sjå på korleis topografien på havbotnen kan påverka botnstraumane. Det me veit, er at dette kan ha ein spesiell effekt ved kverveldanningar der det ofte blir ei forsterking av straumen. Det er også truleg at spesielle erosjonsforhold og sedimenttransporten kan ha stor påverknad på bioproduksjonen og på grunnforholda i havet. I ytste konsekvens kan det føra til ei utgliding av grunnen som dei faste oljeinstallasjonane står på med fare for skred og flodbylgjer. Reint konkret vil me driva med data- og laboratoriesimulering og bruk av feltdata frå olje- og teknologiselskap i arbeidet med å laga spesielle modellar over det aktuelle området, seier Gjevik.
- Med slike modellar kan me kanskje sjå inn i det ukjende, spår Grue.

Kjempebylgjer

I framtida vil det då kanskje bli mogleg å koma med eigne varsel for undervassbylgjer og botnstraumar. Prosjektet vil også bruka anvendt matematikk for å rekna ut og analysera overflatebylgjer, ikkje minst kjempebylgjer som hundreårsbylgja i Nordsjøen. Forskarane vil også prøva å finna ut kva effektar slike kjempebylgjer vil få for oljeinstallasjonar til havs og landbaserte installasjonar. Dei vil samtidig prøva å rekna ut i kva grad dette kan føra til springflo på land. Også straumane langs smale sund og fjordar skal målast for å finna ut kva effektar dei har på skipstrafikken.

- Dette er grunnforsking som kan brukast direkte på den norske kontinentalsokkelen samtidig som den også utviklar reine generelle metodar innanfor innanfor anvendt matematikk. Forskinga kan bli til stor nytte både for det norske samfunnet og næringslivet fordi me leverer ei vare som det er stor interesse for, påpeikar Grue. Prosjektet som tok til i førre månad, skal halda på fram til 2006. Innan den tid skal prosjektet ha produsert mellom fem og ti ferdige doktorgradskandidatar. Også fleire postdok-stipendiatar og utanlandske gjesteforskarar får finansiert forskinga si gjennom dette prosjektet.

Internasjonal interesse

- Det er klart at dette prosjektet gjer at det blir meir attraktivt både for utanlandske studentar og forskarar å koma hit til Oslo for å delta i denne forskinga. Difor er me godt i gang med nettverksbygginga via Internett. Mange amerikanske forskarar ser allereie på vår samarbeidsmodell som ein modell dei kunne tenkja seg å gjennomføra sjølve, opplyser Grue og Gjevik til Uniforum. Og både i USA, Russland, Storbritannia, Frankrike og Italia har dei norske forskarane etablert kontakt med andre forskarar innan dette fagfeltet.

Emneord: Naturfag, Forskning Av Martin Toft
Publisert 4. apr. 2002 09:41 - Sist endra 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere