Kamil Azhar valt til NSU-leiar

UiO-studenten Kamil Azhar er valt til ny leiar i Norsk Studentunion. Azhar er 22 år og studerer for tida Midtausten- og Nord-Afrikakunnskap ved Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar.

Han overtar vervet etter Trond Yngve Larsen, som også er registrert som student ved UiO. Med seg i arbeidsutvalet får han informatikkstudent Kristin Sten (21) og historiestudent Ragnhild Hutchinson frå UiO og psykologistudent Håkon Sønstebø frå Universitetet i Bergen. Under Landstinget blei også eit forslag om å slå saman Norsk Studentunion og Studentenes Landsforbund nedstemt sidan forslaget ikkje oppnådde det naudsynte 4/5 fleirtal, går det fram av ei pressemelding frå NSU.

Emneord: Studentsaker, Norsk Studenunion
Publisert 9. apr. 2002 12:04 - Sist endra 10. des. 2008 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere