Clemet opna forskning.no

- Noreg brukar 20 milliardar på forsking i året. Sjølv om me håpar å auka den summen, så inneber det likevel at forskarane har ei plikt til å formidla kva desse pengane går til. Ein nasjonal nettstad som forskning.no kan vera ein god reiskap for å få dette til. Det sa utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet då ho opna forskingsportalen forskning.no onsdag 10. april.

Kristin Clemet opnar forskning.no
Foto: Martin Toft

Forskingsportalen forskning.no er ein nasjonal nettstad for allmennretta forskingsformidling, eigd og driven av Noregs forskingsråd, Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø, NTNU i Trondheim, Noregs landbrukshøgskule, fleire høgskular og forskingsinstitutt.

- Dess fleire forskarar som deltar i samfunnsdebatten, dess meir vil dei bidra til folkeopplysning og utvikling av demokratiet. Så lenge det ikkje finst formidling av kva forsking institusjonane held på, så blir det vanskeleg for folk flest å bestemma seg for om dei skal slutta opp om forskingspolitikken eller om dei skal kritisera den, meinte Clemet . Ho understreka også kor viktig det er at forskning.no, villeggja journalistiske kriterium til grunn for forskingsformidlinga, før ho trykte på tasten som opna forskning.no for alle Internett-brukarar.

Vil nå folk over 15

Og ansvarleg redaktør for nettstaden, Steinar Q. Andersen legg ikkje skjul på at redaksjonen har store ambisjonar.
- Gjennom god forskingsjournalistikk skal me bli den fremste nettbaserte kanalen for formidling av forsking i Noreg. Målgruppa vår er alle dei som til vanleg ikkje blir nådd gjennom dei vanlege kanalane for forskingsstoff, og me legg spesiell vekt på dei over 15 år, understreka Andersen under presentasjonen av denne forskingsportalen.

Redaktørplakat

Andersen skal saman med redaktør Erik Tunstad byggja opp ein sentral redaksjon i Oslo, som saman med bidrag frå frilansarar og eigarinstitusjonane skal levera nyhende, bakgrunnsinformasjon og faktainformasjon om forsking. forskning.no skal drivast etter dei journalistiske prinsippa som blir slått fast i Redaktørplakaten. Nettstaden blir finansiert av bidrarfrå eigarane og blant andre Nærings- og handelsdepartementet.

Emneord: Forskning, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 11. apr. 2002 10:25 - Sist endra 10. des. 2008 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere