Ber studentar dra til Colombia

To norske studentar skal få høve til å læra om studentdemokrati i Colombia medan to colombianske studentar får høve til å læra om norsk studentdemokrati gjennom arbeidet til Studentparlamentet i Oslo. Dette er mogleg takka vera det nyleg inngått samarbeidet mellom Colombia Studentforening (CSF) og Fredskorpset, opplyser Ingjerd Utkilen og Heidi Ryste i CSF til Uniforum.

- Studentar som kan tenkja seg eit opphald i Colombia, kan ta kontakt med oss, seier Heidi Ryste og Ingjerd Utkilen i Colombia Studentforening.
Foto: Martin Toft

Dei er no på jakt etter kandidatar som er interessert i å tilbringa eitt år av studentlivet i Colombias hovudstad, Bogota.

- Me er ute etter studentar som har vore innanfor universitets- eller høgskulemiljøet nokre år, og som har røynsle frå ein student- eller solidaritetsorganisasjon. Det er også ein fordel om dei har kjennskap til studentdemokrati. Dei me plukkar ut, må sjølvsagt kunna både spansk og engelsk, og dei må vera mellom 22 og 35 år, fortel Utkilen og Ryste.

Colombia er hardt ramma av ein over 30 år lang borgarkrig, men Utkilen og Ryste forsikrar at alt vil bli gjort for at tryggleiken til dei som reiser, skal vera så god som mogleg.

- Studentane skal jobba saman med og hjelpa Den colombianske studentorganisasjonen (ACEU) i arbeidet deira og informera dei om situasjonen i Noreg, seier Ryste og Utkilen. Både reiseutgifter og opphaldsutgifter vil bli dekka av Fredskorpset. Søknadsfristen er 1. mai.

- Dei to colombianske studentane som kjem hit, skal vera knytte til Studentparlamentet etter at dei er ferdige med eit engelskkurs i Colombia. Me håpar at me kan få innlosjert dei i eit studentkollektiv slik at dei fort kan bli kjende med andre studentar, seier Utkilen og Ryste.
Dei som er interesserte, kan ta kontakt på epostadresse. inj_U@hotmail.no eller tlf. 93 89 96 27.

Emneord: Studentsaker, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 29. apr. 2002 10:49 - Sist endra 10. des. 2008 14:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere