Astronomi og nye material skal selja realfaga

Material og energi for framtida, økologi og evolusjon og astronomi, fysikk og meteorologi er tre av dei ti studieprogramma MN-fakultetet kan tilby frå hausten 2003. - Me håpar me har gjort programma så attraktive at studentane blir her i staden for å dra til Australia, seier professor Svein Stølen ved Kjemisk institutt.

- Studentane som tar dei nye tverrfaglege bachelorstudia, vil vera meir oppdaterte på kva som rører seg i forskingsverda enn dagens studentar, meiner kjemiprofessor Svein Stølen.
Foto: Martin Toft

På alle fag utanom informatikk og farmasi har studenttilgangen på MN-fakultetet vore svært dårleg dei siste åra. Det har fakultetet tatt konsekvensen av under arbeidet med dei ti studieprogramma som skal frista studentane til å velja realfag når Kvalitetsreforma blir innført frå hausten 2003. Studieprogramma blei endeleg vedtatt av fakultetsstyret 3. april.

Alternativ tenking

- Det har vore svært viktig for oss å tenkja alternativt i høve til tidlegare. Difor er nokre av desse studieprogramma tvers igjennom tverrfaglege. Me har rett og slett tenkt mindre fag og meir på spennande og interessante samansetjingar av ulike fag, fortel Svein Stølen engasjert. Han vedgår at den manglande valfridomen kan bli eit problem for enkelte studentar.

- Det er som regel dei mest reflekterte og oppegåande studentane som truleg kunne ha tenkt seg å ha høve til å velja fagkombinasjonane sjølve. Men det vil jo vera høve for dei til å skifta studieprogram undervegs i studiet om dei kjenner behov for det. For dei fleste studentane trur eg likevel det er greitt at me har gjort valet for dei. På den måten håpar me at desse studentane skal få ein felles gruppeidentitet sidan dei skal fylgja kvarandre gjennom det tre år lange bachelorstudiet, seier Stølen, som også lovar at fakultetet vil gjera alt det kan for å skapa eit godt studiemiljø og gode og attraktive fagkombinasjonar.

Inspirerande læringsmiljø

Populærvitskaplege foredrag og faste utekveldar for studentar og lærarar kan vera to av fleire slike tiltak.

- Me vil laga slike integrerte og tverrfaglege studieprogram for å få eit læringsmiljø som kan virka inspirerande både på studentar og lærarar. For at desse opplegga skal bli vellykka, er ein slik vekselverknad heilt naudsynt, understrekar han før han trekkjer fram studieprogrammet Material og energi for framtida som eit døme på kva han meiner.

-Her vil me ta utgangspunkt i den internasjonale satsinga på nye material, som i Noreg har utkrystallisert seg i forskingssatsinga (FUNMAT) og i Senter for materialvitskap ved Universitetet i Oslo. På dette studieprogrammet vil dei få innføring i nanoteknologi, sensorteknologi og andre teknologiske nyvinningar innan dette feltet.

- Det vil sjølvsagt bli sett sterkt fokus på energi og energimaterial. Slik vil faget vera sett saman av tema frå både kjemi, fysikk og matematikk i tillegg til det obligatoriske ex.phil.-studiet. Men allereie frå første semester vil dei få velja ein modul som heiter Material og energi for framtida slik at dei får ein smak av kva dette studieprogrammet går ut på. Eg vil spå at desse studentane vil få ein betre bakgrunn og vera betre oppdaterte på kva som rører seg i forskingsverda enn mange av dagens studentar, seier Stølen.

- Korleis vil de klara å fylgja opp kvar student?

- Sannsynlegvis vil me klara å frigjera ein del undervisningsressursar ved at me ikkje kjem til å tilby så mange ulike kurs som i dag. Men det vil nok likevel bli naudsynt med fleire ressursar enn i dag, trur Stølen.

Dette blir studieprogramma ved MN-fakultetet:

Elektronikk og datateknologi
Astronomi, fysikk og meteorologi
Material og energi for framtida
Kjemi
Livet sine molekyl
Økologi og evolusjon (organismebiologi)
Geofag og naturmiljø
Rein informatikk
Matematikk og data
Matematikk

Emneord: Undervisning Av Martin Toft
Publisert 17. apr. 2002 11:07 - Sist endra 10. des. 2008 14:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere