Alt du treng vita om samfunnsvitskapen

Universitetsbiblioteket ved UiO har nyleg kjøpt inn samfunnsvitarane sin bibel, The International Encyclopedia of the Social and Behaviorial Sciences (IESB) . Det samfunnsvitskaplege leksikonet består av 26 bind. - Dette blir til stor glede for samfunnsforskarane, meiner univeristetsbibliotekar Bredo Berntsen.

- Dette bokverket blir til glede for samfunnsforskarar, meiner universitetsbibliotekar Bredo Berntsen.
Foto: Martin Toft

Den siste utgåva av dette verket kom ut i 2001 og har bidragsytarar frå 52 forskjellige land og til saman 400 oppdaterte fagartiklar. Noreg er representert med 20 forskarar som medarbeidarar. Det er fleire enn Danmark og Finland, men færre enn Sverige. Bredo Berntsen har sett nærmare på dei norske bidraga.

- Den norske veteranen er Johan Galtung som denne gongen også har skrive om temaet fred, akkurat som i den førre utgåva av verket, som kom ut i 1968. I tillegg skriv sosialantropologen Eduardo Archetti om sporten som antropologi, psykologen Svein Magnussen handsamar den visuelle hukommelsen sin psykologi og sosiologen Lars Mjøset tar for seg omgrepet teori i samfunnsvitskapleg samanheng, fortel Berntsen.

Dei to sjefredaktørane for verket er Neil J. Smelser frå USA og Paul B. Baltes frå Tyskland.

- På eitt felt har dei stramma inn i høve til tidlegare,
nemleg når det gjeld biografiane. Her valde ein berre ut 150 personar, av desse er berre ein norsk, nemleg statsvitaren og den politiske sosiologen Stein Rokkan (1921-1979) frå Universitetet i Bergen. Han er omtalt som ein av verdas leiande statsvitarar etter Den andre verdskrigen, forklarar Bredo Berntsen.

Til saman inneheld leksikonet 90 000 bibliografiske referansar. Den aller første utgåva av dette store samfunnsvitskaplege leksikonet utkom i New York i åra 1930-1935.

- Bibliotek for humaniora og samfunnsvitskap i Georg Sverdrups hus, kan alle interesserte finna samlinga i 2. etasje med signatur Ref 2 300.3. Det kan seinare bli aktuelt å abonnera også på ei elektronisk utgåve av leksikonet, seier Berntsen.

Emneord: Forskningsformidling, Forskning Av Martin Toft
Publisert 29. apr. 2002 18:30 - Sist endra 10. des. 2008 14:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere