Æresdoktor Thor Heyerdahl er død

Eventyraren, etnografen og æresdoktor ved UiO, Thor Heyerdahl døydde torsdag 18. april, 87 år gamal. Heyerdahl blei utnemnt til den første norske æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1961. Heyerdahl er mest kjent for Kon Tiki-ekspedisjonen frå Peru til Polynesia i 1947.

Heyerdahl er også berømt for å ha den norske arkeologiske ekspedisjonen til Galapagos utanfor Ecuador i 1953 og til Påskeøya, Chile i 1955-56. Han leia Ra I-ferda i 1969 og Ra II-ferda 1970 med sivbåt frå Marokko til Barbados i Karibia. I 1977-78 leia han Tigris-ekspedisjonen frå Irak via Pakistan til Afrikas horn. Heyerdahl har også organisert og leia utgravingar på Maldivane frå 1982 til 1983 i tillegg til Kon-Tiki-museets utgravingar i Tucumé i Peru. Sidan 1990 har han også vore involvert i eit arkeologisk prosjekt på Tenerife på Kanariøyane.

Det siste året har han vekt stor debatt i forskingsmiljøa i Noreg på grunn av boka Jakten på Odin, som han gav ut saman med Per Lillestrøm i 2001. Heyerdahl og Lillestrøm meinte at Odin var ein historisk person og at mykje av Snorres arbeid er truverdig historieforsking. Fleire forskarar ved UiO, blant andre, professor Gro Steinsland ved Senter for vikingtid og mellomalder, UiO og lingvistikkprofessor Even Hovdhaugen som begge har uttalt at boka ikkje tilfredsstiller vitskaplege krav. Mange av dei tok opp det spørsmålet då Thor Heyerdahl deltok på eit møte om boka i Georg Sverdrups hus, UiO i regi av Seminaret i vitskapsteori 14. mars i år. Dette var truleg den siste offentlege debatten Heyerdahl deltok i før han blei innlagt på sjukehus i Italia i påska før han la ut på si aller siste reise torsdag 18. april.

Det var også ved Universitetet i Oslo han starta sin akademiske karriere med studiar i etnografi og zoologi på 1930-talet, men sidan den tida har han drive forsking på mange forskjellige felt. I eit intervju med Universitas 20. mars meinte han at det var årsaka til at han ikkje har hatt noko særleg høg stjerne blant alle forskarar ved Universitetet i Oslo. Men Heyerdahl var rask til å understreka at han også hadde fleire gode venner blant dei tilsette og forskarane ved UiO. Og ein del av dei hadde han samarbeidd med. Framleis er Thor Heyerdahl den einaste nordmannen som har fått ein Oscar-pris. Han fekk den for dokumentarfilmen om Kon-Tiki-ekspedisjonen i 1951.

Thor Heyerdahl var verdas mest kjente nordmann, og den norske staten vil også betala for gravferda hans anten det skjer i Noreg eller i utlandet.

(Kjelder: Store Norske leksikon, Hvem er Hvem 1994, Kunnskapsforlaget, Universitas)

Emneord: Museene Av Martin Toft
Publisert 19. apr. 2002 12:19 - Sist endra 10. des. 2008 14:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere