- Ta engelskspråkleg mastergrad ved UiO!

Universitetet i Oslo vil no lokka norske studentar til engelskspråklege bachelor- og mastergradskurs ved denne utdanningsinstitusjonen. - Det vil gjera dei norske studentane meir internasjonale samtidig som dei utanlandske studentane lettare vil bli kjende med norske studentar, seier direktør for Studie- og forskingsadministrativ avdeling ved UiO, Toril Johansson.

SFA-direktør Toril Johansson oppfordrar norske studentar til å ta engelskspråkleg bachelor- og mastergradskurs ved UiO.
Foto: Ståle Skogstad

I dag finst det rundt 17 engelskspråklege mastergradskurs fordelte på sju av dei åtte fakulteta ved UiO. Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet er det einaste fakultetet som enno ikkje har oppretta eit engelskspråkleg mastergradskurs. Kursa spenner frå menneskerettar til media, demokrati og utvikling til samanliknande og internasjonal utdanning og internasjonal samfunnsmedisin. På ein del av kursa finst det allereie ein del norske studentar, men målet er altså å få inn norske studentar på alle dei eksisterande kursa. Og dette vil ikkje gå utover inntaket av internasjonale studentar.

Viktig for studentutveksling

- Nei, på ingen måte. Dei norske studentane må på vanleg måte søkja seg inn på det kurset dei ynskjer å koma inn på, medan dei internasjonale studentane blir tatt opp gjennom kvoteprogrammet eller gjennom utvekslingsavtalar mellom UiO og universitet i USA, Europa, Afrika, Australia og Asia, seier Johansson. Ho viser til at UiO heile tida må oppretta nye engelskspråklege mastergradskurs, men at institusjonen i samsvar med Kvalitetsreforma også bør leggja til betre til rette for utveksling på bachelornivå.

- Det er den einaste måten me kan få våre studentar inn på utanlandske universitet for eit eller to semester. Men då er me samtidig nøydde til å tilby noko igjen for det, og då har me ikkje noko anna val enn å ha engelskspråklege tilbod for studentar frå samarbeidsuniversiteta våre, forklarar ho.

Ynsker fleire kvotestudentar

Samtidig talar ho også varmt for å auka talet på kvotestudentar, altså studentar frå Sør og frå Aust-Europa, i tillegg til studentar som finansierer studia sine sjølve.

- I dag er det til saman rundt 148 kvotestudentar ved UiO. Årleg tar 12 000 studentar frå Sør og frå Aust-Europa kontakt med oss med ynskje om å studera ved UiO som etter streng siling munnar ut i om lag 1200 godt kvalifiserte søknader. Det seier seg at desse må silast enda meir og med hard hand, når me berre er tildelt 60 nye studieplassar for kvotestudentar, slår ho fast. Toril Johansson håpar fleire norske studentar på dei engelskspråklege kursa kan gjera studieopphaldet enda betre for dei internasjonale studentane.

- Difor er det viktig at desse studentane går i miljø der dei treff og blir kjende med norske studentar, synest ho.

UiO tilbyr desse engelskspråklege mastergradskursa:

Det medisinske fakultetet:
M.Phil. in International Community Health

Det teologiske fakultetet:

M.Phil. in Contextual Theology

Det juridiske fakultetet:

M.A. in the Theory and Practice of Human Rights
LL.M. in Maritime Law
LL.M. in Information and Communication Technology Law
LL.M. in Public International Law

Det historisk-filosofiske fakultetet:

M.Phil. in Media, Democracy and Development
M.Phil. in Tibetan and Buddhist Studies
M.Phil. in Nordic Viking and Medieval Culture

Det odontologiske fakultetet:

M.Sc. in Dentistry

Det samfunnsvitskaplege fakultetet:

M.Sc. in Environmental and Development Economics
M.Phil in Development Geography
M.A. in Society, Science and Technology in Europe
M.A. in Development Studies

Det utdanningsvitskaplege fakultetet:

M. Phil. in Comparative and International Education
M.Phil. in Special Needs Education
M.Phil. in Higher Education

BLI INTERNASJONAL PÅ UIO: SFA-direktør Toril Johansson oppfordrar norske studentar til å ta engelskspråklege bachelor- og mastergradskurs ved UiO.

Emneord: Internasjonalisering, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 6. mars 2002 10:58 - Sist endra 10. des. 2008 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere