Omstillingsavtalen er sagt opp

Universitetsdirektør Tor Saglie har sagt opp omstillingsavtalen ved UiO med verknad frå 15. juni 2002. Ein viktig klausul i denne avtalen har vore at ingen ved UiO kan seiast opp under omstilling. Fagforeiningane raser og varslar kamp for å få ha omstillingsavtalen slik den er. - Ei oppseiing av avtalen vil ikkje føra til fleire oppseiingar av tilsette, forsikrar universitetsdirektøren.

Fagforeiningsleiarar Ruth Norseng frå NTL/Foreining 90, Eirik Rikardsen frå Forskarforbundet og Unni Bingen frå 2 Fo ser raudt etter at omstillingsavtalen er sagt opp.
Foto: Martin Toft

I brevet frå Tor Saglie til tenestemannsorganisasjonane heiter det at "medbestemmelse og ivaretakelse av personalets interesser under omstilling ved UiO reguleres etter dette av statens overordnede lov-, avtale- og regelverk. Som supplement til det rammeverket kan det være aktuelt å nedfelle enkelte overordnede prinsipper knyttet til omstilling i universitetets tilpasningsavtale".

I det same brevet gjer Saglie det klart at det i framtida kan vera aktuelt å inngå omstillingsavtalar knytte til konkrete prosjekt der omstillinga fører med seg store personalmessige konsekvensar. Han lovar også å kalla tenestemannsorganisasjonane inn til forhandlingar så snart det ligg føre eit førebels utkast til revidert tilpassingsavtale. Organisasjonane har krevd reforhandling av Tilpassingsavtalen i høve til den reviderte Hovudavtalen i staten.

- Brot på kollegievedtak

Oppseiinga av omstillingsavtalen får difor dei tre fagforeiningane, NTL/Foreining 90, Forskarforbundet og 2Fo til å sjå raudt.
- Dette er eit klart brot på kollegievedtaket frå i haust der Kollegiet gav universitetsdirektøren fullmakt til å reforhandla omstillingsavtalen. No har partane halde på med diskusjonar kring omstilling og omstillingsavtalen i over eitt år. Det har frå organisasjonane si side heile tida lege i korta at Saglie har ynskt å seia opp avtalen. Dette blei altså forhindra i Kollegiet då dei gjorde vedtak om reforhandling., altså ikkje oppseiing av avtaleverket, seier hovudtillitsvald Eirik Rikardsen i Forskarforbundet, nestleiar Ruth Norseng i NTL/Foreining 90 og leiar Unni Bingen i 2Fo til Uniforum

- Dessutan blei det også vedtatt at dei overordna prinsippa for personalmessig handtering av omstillingsproblematikken når det galdt dei vitskapleg tilsette, skulle takast opp som eiga sak på eit av kollegiemøta i fjor haust etter at eit eige utval hadde førebudd saka for Kollegiet. Dette blei aldri gjort, noko som viser at kollegievedtaket ikkje blei fylgd opp. Organisasjonane har heile tida vore villige til å sjå på rutinar og prosedyrar som kan gjera omstillingprosessar lettare, men under føresetnad av at omstillingsavtalen skulle gjelda. Dei har derimot vore einige i at omgrepet omstilling burde definerast klarare, understrekar dei tre.

- Feil signal

Dei meiner at omstillingsavtalen sitt punkt om at ingen ved UiO skal seiast opp under omstilling har ført til at folk ikkje har levd i uvisse om si eiga framtid under endrings- og omstillingsprosessar ved UiO.

- Difor er det eit heilt feil signal av Tor Saglie å senda ut varsel om oppseiing av omstillingsavtalen akkurat no, når UiO er godt i gang med innføringa av Kvalitetsreforma. Tidlegare har jo mange av dei teknisk/administrativt tilsette vore gjennom omstilling og effektivisering utan å ha risikert å bli sagt opp. Når dei vitskapleg tilsette no må gå gjennom det same, så skal ikkje dei ha dårlegare vilkår enn dei teknisk/administrativt tilsette, meiner dei tre.

Dei peikar dessutan på det faktum at Universitetet i Oslo har fått mange millionar kroner i omstillingspengar frå Utdannings- og forskingsdepartementet.

- Desse midlane har ikkje gått til omstilling av tilsette, men til meir tekniske endringar. Formålet var blant anna at dei skulle gå til finansiering av kompetanseendring for personar som er blitt overflødige. Desse pengane fell no bort, samtidig som me står overfor store omstillingsprosjekt i framtida, konstaterer dei.

- Kva trur de er grunnen til at universitetsdirektør Tor Saglie seier opp omstillingsavtalen no?

- Ein grunn kan vera at UiO har fått signal om at det ikkje får nok pengar til å dekka utgiftene i samband med innføringa av Kvalitetsreforma, og difor føler seg forplikta til å setja i verk drastiske tiltak og skapa auka handlingsrom for arbeidsgjevar.

- Men dersom ein del av dei vitskapleg tilsette og av dei teknisk/administrativt tilsette ikkje gjer jobben sin, har UiO då noko anna val enn å seia opp folk?

- Det hadde vore taktisk klokare av universitetsdirektøren å ha venta to eller tre år til når fleire av dei vitskapleg tilsette og mange teknisk/administrativt tilsette likevel går av for aldersgrensa. Då ville han hatt sjansen til både å rekruttera nye forskarar og lata vera å tilsetja nye i stillingane til dei som blir pensjonistar, slår dei fast.

Alle tre varslar at oppseiinga av omstillingsavtalen kjem til å bli tatt opp som ei eiga sak av fleire kollegiemedlemar på neste møte i Kollegiet 9. april.

- Ingen blir sagt opp

Universitetsdirektør Tor Saglie ser det som lite dramatisk at omstillingsavtalen no er sagt opp.

- Det har vist seg at omstillingsavtalen ikkje er formålstenleg for universitetet i den generelle forma den har, og slik avtalen framstår i dag. Dette knyter seg dels til konkrete røynsler i bruk av avtalen, der det har vore gjort feil i sakshandsaminga som fylgje av upresise og til dels motsetningsfylte avgjerder. Lite naudsynt byråkrati og stor uvisse hos både tilsette og lokale arbeidsgjevarar har vore resultatet. Dels er problemet at avtalen ikkje har vore godt nok tilpassa dei einskilde omstillingane. Oppfatninga til universitetsdirektøren er at det vil vera meir formålstenleg å inngå omstillingsavtalar i samband med konkrete omstillingsprosjekt, forklarar Saglie.

- Det må klart understrekast at ingen av UiOs tilsette mister rettar ved oppseiinga av omstillingsavtalen. Særleg viktig er det å understreka at ei oppseiing av avtalen ikkje vil føra til fleire oppseiingar av tilsette, seier Saglie.

- Fagforeiningane viser til at i det same kollegievedtaket står det "overordnede prinsipper for personalmessig håndtering av omstillingsproblematikken når det gjelder vitenskapelig ansatte tas opp som egen sak på kollegiemøte i september eller oktober, evt. på kollegieseminaret i forbindelse med spørsmålet om fagdimensjonering. Det nedsettes et utvalg ved HF, SV og JUS til å forberede saken". Fagforeiningane meiner at dette utvalet aldri har blitt sett ned, og som ein konsekvens av dette kom saka heller aldri opp på eit av møtene i kollegiet i haust. Korleis vil du forklara dette?

- Det er rett at saka er blitt skyvd fram i tid blant anna på grunn av arbeidet med gradsreforma som gjorde det naudsynt å sjå på fagdimensjoneringsarbeidet i eit anna lys enn det som fagdimensjoneringsutvalet hadde lagt til grunn. Arbeidet med gradsreforma er no kome så langt at utvalet nemnt i kollegievedtaket no er under oppnemning.

- UiO og dei andre universiteta har jo fått omstillingspengar frå UFD tidlegare. Går det ikkje an å bruka desse pengane til å gi tilsette ved UiO ny kompetanse i staden for å seia opp ein omstillingsavtale som til no har hindra at dei har kunna bli oppsagde?

- Omstillingsmidlane kan absolutt gå til ny kompetanse, og Kollegiet har då også sett av midlar til dette.

- I løpet av få år vil store delar av den vitskaplege staben og den teknisk/administrative staben ved UiO gå av for aldersgrensa. Ville det ikkje vore betre reint psykologisk å lata vera å gi signal om eventuelle oppseiingar no og heller setja i verk naudsynte tiltak etter at dei eldste tilsette har blitt pensjonistar?

- Som det går fram av forklaringa innleiingsvis, vil altså ingen tilsette, som ei fylgje av oppseiinga av omstillingsavtalen, mista dei rettane dei har i dag. Det blir ikkje gitt nokon signal om oppseiingar, snarare tvert imot, jamfør kollegievedtaket. Formålet med heile forhandlingsprosessen er eine og åleine ei forenkling av regelverk og prosedyrar, inklusivt ei avtalefesting av Kollegiets intensjon om at UiO - så langt det er mogleg - skal unngå oppseiingar som fylgje av omstilling, presiserer universitetsdirektøren.

Emneord: Universitetspolitikk, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 18. mars 2002 10:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere