Frå skalpell til laser

Fjerning av kreftsvulstar med laserkanonar og iskuler er ikkje science fiction, men dagleg rutine på operasjonsstovene til Intervensjonssenteret på Rikshospitalet på Gaustad. Ved mange operasjonar er det ikkje lenger naudsynt å skjera opp pasienten med skalpell. Det er nok å føra eit minikamera gjennom ein sonde fram til staden der inngrepet skal skje. Så kan kirurgen lokalisera kreftsvulsten og sikta inn laserkanonen før kirurgen skyt laserstrålar mot kreftsvulsten som slik kan fjernast.

Eit mikrokamera og ein laserkanon er instrumenta kirurg Arve Sundset brukar for å fjerna delar av ein kreftsvulst i lungene til ein pasient.
Foto: Ståle Skogstad

Første pasient
På operasjonsbordet ligg ein pasient med lungekreft. Det er for seint å kurera denne pasienten, men livskvaliteten kan betrast. Difor vil overlege Arve Sundset ved Lungemedisinsk avdeling ved Rikshospitalet gå inn og fjerna så mykje som mogleg av kreftsvulsten slik at det skal bli lettare for pasienten å pusta.

Pasienten ligg utan medvit, og det er blitt plassert ein sonde frå munnen hans og ned i lungene slik at Sundset ved hjelp av eit minikamera kan sjå kvar kreftsvulsten ligg og så sikta seg inn med laserkanonen og fjerna så mykje som mogleg av svulsten ved å fyra av fleire laserstrålar ved hjelp av ein "gasspedal" som han styrer med høgrefoten. Alt dette blir gjort utan at så mykje som ein dråpe blod piplar fram frå pasienten.

Slik kikholskirurgi eller laparaskopiske inngrep er i ferd med å ta over for dei tradisjonelle operasjonsmetodane ved mange norske sjukehus. Oppgåva til Intervensjonssenteret er å driva utvikling og kvalitetssikring av nye metodar før dei blir tatt i vanleg bruk på sjukehusa.

Difor blei kikholskirurgi ved innhausting av nyrer frå levande personar først utvikla og kvalitetssikra ved Intervensjonssenteret før det i dag er ein vanleg metode som kirurgane ved Transplantasjonsseksjonen ved Rikshospitalet kan utføra utan hjelp frå dei som først utvikla metoden.

Andre pasient

Ein annan dag på ein annan operasjonssal på same avdeling, ligg ein gris på operasjonsbordet med open buk. Stipendiat Tom Mala ved Det medisinske fakultetet er i ferd med å undersøkja om kryobehandling eller frysebehandling av kreftsvulstar i levra kan gjerast enda meir effektivt enn til no.

Frysebehandling av kreftsvulstar kan nyttast hos nokre pasientar som har svulstar i levra som ikkje kan skjerast bort. For å øydeleggja svulstane må ein lage store iskular. Han vil difor prøva å finna ut om ein kan lage større iskular enn vanleg i levra hos gris ved å redusere blodsirkulasjonen i leveren når iskula blir laga.

Han har to grupper med grisar, ei gruppe med vanleg blodsirkulasjon og ei gruppe med sterkt nedsett blodsirkulasjon når iskulene blir laga. Når inngrepa er over, vil han samanlikna levrane til dei to gruppene med grisar for å sjå om han i grisane med nedsett blodsirkulasjon har øydelagd eit større område av levra enn hos grisane med normal blodsirkulasjon i leveren då iskulene blei laga.

Om han finn ein slik skilnad, kan kanskje nedsett blodsirkulasjon i levra også nyttast til å lage større og kanskje meir effektive iskuler i levra hos pasientar med tjukktarmskreft som har spreidd seg til levra.

Opna i ei brakke

Intervensjonssenteret blei offisielt opna av Kong Harald V den 6. juni 1996 i ei brakke i parken til det gamle Rikshospitalet. Fem år seinare kunne Intervensjonssenteret flytta inn i topp moderne lokale med alt det siste i høgteknologi på det nye Rikshospitalet. Overlege Erik Fosse er professor i minimalinvasiv og biletrettleia behandling og har leia senteret sidan sommaren 1995.

- Senteret blei oppretta som ei fylgje av den enorme teknologiutviklinga i medisinen dei siste 20 åra. Innan biletbehandlinga var teknologien komen så langt at det var blitt meir og meir vanleg med røntgenretta behandling. I dag bli om lag halvparten av alle pasientane behandla på denne måten. Det er dei økonomiske innskrenkingane som har tvunge fram denne utviklinga, som også får fylgjer for organiseringa av sjukehusa.

- Medan Noreg er eitt av dei landa som brukar mest pengar på helsevesenet, er berre 10 prosent av den nye teknologien produsert i Noreg, medan det i oljeindustrien er over 50 prosent. Difor ville tidlegare helseminister Werner Christie etablera eit nasjonalt forskings- og utviklingssenter for å kunna styrkja utviklinga av norsk teknologi innan helsesektoren. I 1995 vedtok Stortinget ei løyving på 90 millionar kroner til bygging av eit intervensjonssenter på Rikshospitalet, fortel Fosse.

Opninga av det nye senteret blei framskunda til 1996 etter at senteret fekk tilbod om å delta i utprøvinga av ein open intervensjonsmagnet som var under utvikling av det amerikanske selskapet General Electric.

Første i verda

- Me var i den unike situasjonen at me både fekk pengar til å byggja operasjonssalar og pengar til investering i høgteknologi innan biletbehandling og kirurgi på den same avdelinga. Dette var første gong i verda at nokon hadde gjort noko slikt, og det fekk også store konsekvensar for utforminga av dei lokala våre her på det nye Rikshospitalet. Faktisk måtte me byggja ein type sjukehusavdeling som ingen hadde bygd før. Utfordringa vår var å byggja opp eit team som kunne fungera i eit slikt miljø.

- Resultatet blei eit tverrfagleg miljø samansett av kirurgar, radiografar, anestesilegar, indremedisinlegar og anestesisjukepleiarar i tillegg til personar med ikkje-medisinsk bakgrunn som sivilingeniørar, fysikarar, matematikarar og dataprogrammerarar med fleire. Slik har me heile tida tilsett dei nye me har bruk for i den perioden me har bruk for dei. Ein del arbeider fast her, medan andre til vanleg er tilsette ved andre avdelingar på Rikshospitalet, oppsummerer Fosse.

I juni 2001 var rundt 35 personar knytte til senteret, alt frå det faste medisinske personalet til doktorgradskandidatar.

Forsking- og utviklingsavdeling

- I dag er senteret i praksis forskings- og utviklingsavdeling for Rikshospitalet og dei andre sjukehusa i Oslo-regionen. Difor må me dela inn verksemda på sjukehusa i to, nemleg i ein produksjons- og ein forskings- og utviklingsprosess. Medan legane tidlegare utprøvde nye behandlingsmetodar på pasientane, som me kan kalla for produksjonsprosessen, kan dei no koma hit og prøva ut nye idear og nye metodar anten på dyr eller på frivillige pasientar. Når den nye metoden er ferdig kvalitetssikra og godkjent av oss, kan legane gå tilbake til avdelinga si og bruka metoden og vera sikre på at den fungerer, seier Fosse, som er overtydd om at dei norske helseforetaka blir nøydde til å driva meir med teambygging enn med tradisjonell organisering.

Kunnskapsbaserte team

- Her ved Intervensjonssenteret har me demonstrert at eit team arbeider best når ein ser kva kunnskapar folk har, og ikkje på kva sjukehusavdeling dei er knytte til. Difor spår eg at vår organisasjonsmodell med ein direktør på toppen med fleire mindre prosjektgrupper leia av kvar sin sjef, også kjem til å bli den framtidige organisasjonsmodellen for dei nye helseforetaka. Det ville jo ha vore heilt umogleg for meg å ha full oversikt over alle dei 60 prosjekta me er involverte i.

- Den tradisjonelle inndelinga i sjukehusavdelingar er upraktisk etter innføringa av dei nye tverrfaglege og høgteknologiske behandlingsmetodane i medisinen. Den gamle sjukehusstrukturen gir grunnlag for stor makt, og det er også årsaka til at det er så vanskeleg å gjera noko med desse fasttømra strukturane, meiner han.

Han samanliknar gjerne Intervensjonssenteret med forskings- og utviklingsavdelinga i ei industribedrift.

Modell for økonomisk lønsemd

- Me driv mest ikkje med grunnforsking, men med 50 prosent oppdragsforsking (anvendt forsking) og med 50 prosent utviklingsarbeid. På same måten som i industrien er me opptekne av at dei produkta og behandlingsmetodane me utviklar her skal vera økonomisk lønsame. Difor har me i samarbeid med Handelshøyskolen BI sett i gang eit doktorgradsarbeid der tanken er å finna ut ein modell for å måla om eit av våre produkt vil vera økonomisk lønsamt å ta i bruk for sjukehusa. På same måten vil me utvikla ein prosedyre som vil gjera det mogleg for ein pasient å vita nøyaktig korleis sjukdomssituasjonen hans eller hennar er, kva behandlingsmetodar som finst, og kor lenge den aktuelle personen vil vera borte frå jobben. Dette er krav som me må oppfylla straks den nye pasientrettslova er vedtatt, spår Fosse.

- Kva er du mest stolt over av dei tinga Intervensjonssenteret har vore med og utvikla?

- At me saman med Toraxavdelinga eller hjarte- og lungeavdelinga har vore utruleg tidleg ute med koronaroperasjon på pasientar med hjarteproblem, til dømes angina pectoris. Dette har ført til at det ikkje lenger er naudsynt å bruka hjarte- og lungemaskina på desse pasientane. Eg er også svært stolt over kor langt utviklinga av kikholsteknikken under operasjon i levra og i bukspyttkjertelen har kome her ved senteret, konstaterer Fosse.

Emneord: Medisin, Forskning Av Martin Toft
Publisert 21. mars 2002 09:52 - Sist endra 10. des. 2008 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere