Fleire eksterne representantar i Kollegiet

- Frå 2003 skal fire av dei elleve representantane i Kollegiet vera eksterne. - Det skal opprettast eit sjølvstendig organ for akkreditering og evaluering som skal fylgja opp og kontrollera kvaliteten ved institusjonane. - Kollegiet får makt til sjølv å fastsetja den interne organiseringa ved institusjonen. - Det skal innførast ein felles internasjonal karakterskala frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått.

- Desse framlegga gir kvar institusjon større fridom til å styra si eiga verksemd, meiner rektor Arild Underdal.
Foto: Trine Nickelsen

Dette er fire av framlegga regjeringa kjem med i odelstingsproposisjon 40 (2001-2002) om endringar i universitetslova. Lovendringane er eit ledd i gjennomføringa av Kvalitetsreforma i høgare utdanning.

Regjeringa foreslår at alle studentar skal ha krav på ein studieplan, og at det skal skapast tettare kontakt mellom institusjon og student. Dessutan skal institusjonane få større faglege fullmakter, men departementet kan bestemma at bestemte studieførebuande emne inntil 20 studiepoeng skal inngå i ein lågare grad.

Dersom desse endringsframlegga blir vedtekne av Stortinget kjem Kollegiet i framtida til å vera sett saman av 11 representantar, 4 vitskaplege, 4 eksterne, 2 studentar og 1 representant for dei teknisk/administrativt tilsette. Sidan lova kjem til å gjelda frå nyttår, vil fylgja bli at det allereie til hausten må haldast nytt kollegieval om kven som skal representera dei vitskaplege og dei teknisk/administrativt tilsette etter innføringa av den nye samansetjinga av Kollegiet.

Kan oppretta eller nedleggja fakultet

Samtidig vil det nye Kollegiet få så mykje makt i organisatoriske spørsmål at det på eiga hand kan vedta å leggja ned eller oppretta nye fakultet. Det vil også kunne avgjera om dekanar og instituttstyrarar skal veljast eller tilsetjast på åremål. Utdanningsinstitusjonane kan åleine bestemma kva nye fag som skal opprettast og kva fag som skal leggjast ned. Dette gjeld for alle fag som det ikkje er lagt bestemte nasjonale føringar på, som til dømes medisin.

Underdal positiv

Rektor Arild Underdal ved Universitetet i Oslo er stort sett positiv til regjeringa sine framlegg til endringar i universitetslova.

- Ja, desse framlegga gir kvar institusjon større fridom til å styra si eiga verksemd. Slik sett er dette ei tillitserklæring til institusjonane, seier Underdal, som likevel hadde håpa på løyve til å setja strengare faglege krav ved opptak til nokre av studia.

- Eg er lei meg for at departementet ikkje gjev institusjonane rett til å setja strengare opptakskrav enn allmenn studiekompetanse der det er gode faglege grunner til å gjera det. Me ville til dømes hatt høve til å krevja matematikk-kunnskap over minimumsnivået hos dei studentane som vil studera realfag. Det er paradoksalt at me får vide fullmakter til å oppretta eller leggja ned fag, men ikkje høve til å gjera små justeringar i opptakskrava. Eg trur grunnen til dette er at Utdannings- og forskingsdepartementet er redd for at institusjonane skal ha heilt ulike opptakskrav slik at utdanningssøkarane ikkje veit kva krav som gjeld.

- Kva synest du om framlegget til samansetjing av dei nye styra for universitet og høgskular?

- Det gamle Kollegiet ved UiO gjekk imot dette framlegget i høyringsfråsegna frå UiO, men sjølv trur eg eksterne medlemmer kan hjelpa oss andre til å sjå universitetet under eitt og til å læra av andre sine røynsler. Det faktum at Kollegiet no kan delegera alle fuskesaker til ei eiga Klagenemnd, avlastar Kollegiet og gjev sakene ei meir profesjonell handsaming.

NSU kritisk
Norsk Studentunion reagerer svært sterkt på at ikkje regjeringa har pålagt utdanningsinstisjonane å tilsetja dekanar og instituttstyrarar på åremål.

- Den faglige leiinga ved institusjonane i dag er for svak, seier Mats Larssen, nestleiar i Norsk Studentunion.

- Det er utan tvil behov for å gjera noko for å styrkja den faglege leiinga og det er trist at Kristin Clemet ikkje vil ta dei naudsynte grepa for å sikra dette, Utan styrka fagleg leiing blir gjennomføringa av reforma mykje
vanskelegare, meiner Larssen.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. mars 2002 17:02 - Sist endret 10. des. 2008 14:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere