Doktorgradsutdanninga i Noreg er for dårleg

Det blir utdanna for få doktorgradskandidatar innan dei fleste fagområde i Noreg i høve til dei andre nordiske landa,doktorgradskandidatane er for gamle når dei disputerer og gjennomstrøyminga i doktorgradsstudiet er for dårleg.

Statssekretær Bjørn Haugstad i Utdannings- og forskingsdepartementet.
Foto: Martin Toft

Dette er tre av hovudfunna i ei evaluering av norsk doktorgradsutdanning som er utført av Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) på oppdrag frå Universitets- og høgskulerådet, Utdannings- og forskingsdepartementet og Noregs forskingsråd.

Evalueringa som har hatt Svein Kyvik frå NIFU som prosjektleiar, konkluderer også med at forskingsmiljøa ikkje har tatt eit klart nok brot med dr.philos.-tradisjonen. Med det meiner ein at det er for mange som ser på doktorgradsavhandlinga som ei livsoppgåve, og ikkje ei avhandling som ein må bli ferdig med innanfor eit bestemt tidsrom.

Evalueringspanelet kjem difor med framlegg om til dels store endringar i forskarutdanninga ved norske utdanningsinstitusjonar. For det første meiner gruppa at forskarutdanninga må sjåast på som ein integrert del av eit heilskapleg høgare utdanningsløp. Opptak til doktorgradsstudiet bør normalt gå føre seg etter det første året av mastergradsstudiet slik at forskarutdanninga kan gjennomførast medan kandidatane enno er unge.

Fire år med doktorgradsutdanning

Det blir også kome med framlegg om å lata forskarutdanningsperioden bli fire år for samtlege doktorgradsstudentar. Til erstatning for den eitt år lange pliktarbeidsdelen skal det innførast eit halvt års opplæringsprogram i blant annan undervisning og vitskapleg formidling med ein praksisdel.

Dette vil gi studentane eit halvt år ekstra til arbeidet med avhandlinga, eller til styrking av det noverande oppæringsprogrammet i forskingmetode og teori i dei faga der dette er svakt utvikla. I dei faga der dr.philos.-tradisjonen framleis heng igjen skal omfanget av avhandlinga reduserast til eit normalt internasjonalt nivå.

Evalueringspanelet meiner dessutan at det er naudsynt å oppretta eigne forskarskular i tilknyting til dei beste forskingsmiljøa. Slike forskarskular kan setja ein standard for andre miljø med omsyn til å driva doktorgradsstudentane gjennom med eit godt resultat i løpet av normert tid, står det i evalueringsrapporten.

Meir pengar til forsking

Leiar for Universitets- og høgskulerådet, rektor Kirsti Koch Christensen, meiner det er viktig å satsa på forsking, men ho ynskjer også meir pengar frå styresmaktene.

- Regjeringa bør ha som ambisjon at Noreg skal kjempa i verdstoppen, slik dei andre nordiske landa gjer. Me kan ikkje nå dette ambisiøse målet utan å fylgja opp med økonomiske tiltak. Noreg kan betra doktorgradsutdanninga si ved å styrkja dei generelle driftsmidla til institusjonane og syta for at det skjer ei fullfinansiering av doktorgradsstipendiatar, meiner Christensen.

Evalueringsrapporten blei offentleggjort under ein pressekonferanse i Utdannings- og forskingsdepartementet 8. mars, og der var statssekretær Bjørn Haugstad svært klar på at resultata i denne rapporten kunne få fylgjer ved fordelinga av forskingspengar i framtida.
- Ja, då vil me leggja vekt på kva institusjonar som klarer å få doktorgradskandidatane ut på normert tid, og på kva institusjonar som ikkje klarer det. Dei som er flinkast i klassen, vil sjølvsagt få meir pengar til finansiering av nye doktorgradsstudentar, sa Haugstad.

Under presentasjonen av funna i evalueringa peika også prosjektleiar Svein Kyvik på at det i Noreg ofte tar mellom to og sju månader frå ein kandidat leverer inn doktorgradsavhandlinga til han eller ho får den endelege godkjenninga frå dei tre forskarane som sit i "bedømmelseskomiteen."
- Ved dei svenske universiteta er det eit krav at alle kandidatar skal få det endelege svaret på om avhandlinga er godkjent tre veker etter at ho er innlevert, opplyste Kyvik. Konsekvensen blir at gjennomstrøyminga av doktorgradskandidatar er mykje betre i Sverige enn i Noreg.

Desse forskarane har sete i evalueringspanelet:

Professor Janne Carlsson, Kungliga Tekniska Högskolan, Stockholm (dr.ing.)
Professor Ole Fejerskov, Danmarks grunnforskningsfond (dr. med.,dr.odont.)
Professor Kirsten Hastrup, Københavns Universitet, (dr.polit.)
Professor Lars Engwall, Uppsala universitet(dr.oecon.)
Professor Britt- Lousie Gunnarsson, Stockholms universitet (dr.art.)
Professor Gunnar Öquist, Umeå universitet(dr.scient.)

Prosjektleiar og sekretær, Svein Kyvik(dr.philos.)

Emneord: Forskning, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 12. mars 2002 17:29 - Sist endra 10. des. 2008 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere