Studentar hjelper forskarar

- Forskarar som vil ha hjelp til å laga forretningsplanar kan no få det av studentar frå Handelshøyskolen BI. Alle dei som har funn som dei ynskjer å kommersialisera kan få dette tilbodet og slik kan dei også vera med og delta i Venture Cup, seier prosjektleiar Kristian Pfanzelter. Førstepremien i denne landsomfattande konkurransen er 250 000 kroner.

- Fleire av dei tidlegare vinnarane er allereie etablerte med eigne bedrifter, fortel Pfanzelter, som gjerne vil trekkja fram at Venture Cup no har utvikla seg til noko annan enn berre ein forretningsplankonkurranse.

- Frå dette semesteret er det etablert eit tovekttalskurs ved MN-fakultetet i korleis ein kan etablera eiga verksemd. Dette semesteret har kurset ni studentar, blant dei tre jenter. Dei fleste av dei kjem frå Institutt for informatikk, men det er også tre studentar frå HF på kurset, seier Pfanzelter. Han minner også om at Venture Cup tilbyd rettleiing frå eksterne ekspertar for både forskarar og studentar som ynskjer å etablera eiga verksemd.

- Kommersialisering er eit viktig satsingsområde for universitetsleiinga, men det tar lang tid før denne politikken festar seg hos forskarane, meiner Pfanzelter, som håpar det kan bli lettare å få økonomisk støtte til kommersialisering av forskingsresultat i framtida.
- Visjonen vår er at det blir etablert eit eige fond ved UiO for dei som vil driva med kommersiell forsking, fortel han. I mellomtida ber han forskarar med nyskapingsplanar om å delta på Gründerdagen 2002 i Forskingsparken 14. februar. Han minner også om at innleveringsfristen for forretningsplanar til Venture Cup er 2. mai. Kristian Pfanzelter kan kontaktast på e-postadresse: kristian@venturecup.org

Emneord: Forskning, Næringsliv Av Martin Toft
Publisert 14. feb. 2002 09:09 - Sist endra 10. des. 2008 15:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere