Osnes-fraksjon mobiliserer til kollegievalet

Det er kome inn framlegg på tolv kandidatar som skal kjempa om dei fem plassane til dei vitskapleg tilsette i Kollegiet for perioden 2002-2004. Åtte av kandidatane er foreslått av personar som ikkje er rekna som UiOs mest reformivrige. Blant dei finn me tidlegare rektorkandidat Eivind Osnes, men også nyvald rektor Arild Underdals våpendragar, Tore Hansen.

Førebels er det berre nyvald rektor Arild Underdal (biletet) og prorektor Anne-Brit Kolstø som er sikra plass i Kollegiet i neste valperiode.
Foto: Ståle Skogstad

Åtte av dei tolv kandidatane er altså foreslått av dei same 17 vitskapleg tilsette. Dette gjeld Gunn Elisabeth Birkelund ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Jens Braarvig ved Institutt for kulturstudiar, Johan Elsness ved Institutt for britiske og amerikanske studiar, Kristian Gundersen ved Biologisk institutt, Cathrine Fabricius Hansen ved Germanistisk institutt, Jens Gustav Iversen og Gunnar Nicolaysen ved Instituttgruppe for medisinske basalfag og tidlegare prorektorkandidat, Camilla Serck-Hanssen ved Filosofisk institutt.

Når det gjeld Gunnar Handal ved Pedagogisk forskingsinstitutt, Harriet Bjerrum Nielsen ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, noverande dekan Jan Trulsen ved MN-fakultetetet og Frederik Zimmer ved Institutt for offentleg rett, står det ulike grupperingar bak kvar av dei.

Organisert aksjon

Difor meiner mange at det står ein organisert aksjon bak åtte av desse kandidatane for å hindra at nyvald rektor Arild Underdal og prorektor Anne-Brit Kolstø får gjennomslag for dei mest dramatiske framlegga til reformer ved UiO. Tre av dei åtte har tidlegare også stilt seg bak rektorkandidaturet til Eivind Osnes. Og nettopp Eivind Osnes er ein av dei som står bak framlegget på desse kandidatane. I tillegg går mange av forslagsstillarane på desse åtte kandidatane også igjen på lista over dei som foreslo Osnes som rektorkandidat. Difor er det nokon som meiner at dette er eit tydeleg teikn på at støttespelarane til Eivind Osnes no vil ha omkamp og vinna fleirtalet i Kollegiet, sidan dei ikkje klarte å få Osnes i rektorstolen.

Dobbeltverv ingen hindring

Mange har stilt spørsmål ved kandidaturet til Jan Trulsen, Institutt for teoretisk astrofysikk, fordi han er regjerande dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetetet. På same måte blir det sett spørjeteikn ved kandidatura til både Gunnar Nicolaysen og Camilla Serck-Hanssen som begge er instituttstyrarar. Men tidlegare leiar for Valstyret ved UiO, Aanund Hylland, viser til at det i dag ikkje er noko som kan hindra verken Trulsen, Nicolaysen eller Serck-Hanssen i å bli valde til kollegierepresentantar, sjølv om dei har slike verv frå før.

- Det var faktisk forbode å ha to slike verv samtidig i fylgje Universitets- og høgskulelova av 1989. Men dette forbodet blei oppheva i Universitets- og høgskulelova av 1995. Etter mitt syn er det likevel uheldig at same person fungerer i to slike verv samtidig, meiner Hylland. Dermed kan altså dei tre omstridde kandidatane Jan Trulsen, Camilla Serck-Hanssen og Gunnar Nicolaysen, vera sikre på at dei kan bli valde trass i dei moglege dobbeltverva dei vil få.

Lucy Smith støttar Zimmer

Ein annan ting som blir lagt merke til, er det faktum at tidlegare dekan ved Det juridiske fakultetetet, Frederik Zimmer ved Institutt for offentleg rett, også har fått med seg tidlegare rektor Lucy Smith blant forslagsstillarane.

Kven av dei tolv kandidatane som blir å finna blant dei fem som skal representera dei vitskapleg tilsette i Kollegiet, skal vera avgjort ved postval innan måndag 26. november klokka 16. Kven som skal bli dei to representantane til dei teknisk-administrativt tilsette i Kollegiet blir også avgjort ved postval, men siste frist er 3. desember klokka 16.

Ottesen og Sverdrup på topp
Ser me på valet av to kollegierepresentantar for dei teknisk-administrativt tilsette, toppar driftssjef Astri Ottesen ved Teknisk avdeling og forskingskonsulent Kristian Moldestad ved Det teologiske fakultetetet felleslista til Forskarforbundet og 2fo (LUHF). Hovudbibliotekar Harald Ulrik Sverdrup og studiekonsulent Hanna Ekeli ved Pedagogisk forskingsinstitutt toppar lista til Tenestemannslaget ved UiO. Når det gjeld spørsmålet om kven som skal erstatta dagens to studentrepresentantar i Kollegiet, så blir det avgjort av Studentparlamentet.

Dei to eksterne representantane Borger A. Lenth og Tove Veierød har sete i Kollegiet sidan det blei vedtatt at det skulle vera eksterne representantar i Kollegiet. Dei blei valde inn under Lucy Smiths rektorperiode, og er dei to som har sete lengst samanhengande i Kollegiet. No kjem dei til å bli skifta ut, men det er enno ikkje klart kven Kollegierådet plukkar ut for å erstatta dagens to eksterne representantar i Kollegiet.
Torsdag 15. november kl. 1415, blir det valdebatt i Georg Sverdrups hus. Alle kandidatane kjem til å delta i debatten.

Her fylgjer lista over kandidatane og forslagsstillarane:

Val for vitskapleg tilsette til Kollegiet:

Gunn Elisabeth Birkelund, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi,
Jens Braarvig, Institutt for kulturstudiar,
Johan Elsness, Institutt for britiske og amerikanske studiar,
Kristian Gundersen, Biologisk institutt,
Cathrine Fabricius Hansen, Germanistisk institutt,
Jens Gustav Iversen, Instituttgruppe for medisinske basalfag
Gunnar Nicolaysen, Instituttgruppe for medisinske basalfag
Camilla Serck-Hanssen, Filosofisk institutt
Foreslått av:
Kaare Aksnes og Oddbjørn Engvold, Institutt for teoretisk astrofysikk, Per Brandtzæg, Instituttgruppe for laboratoriemedisin, Haakon Breien Benestad, Instituttgruppe for medisinske basalfag, Liv Bliksrud, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Juliette Frølich og Karin Gundersen, Klassisk og romansk institutt, Jens Saugstad og Olav Gjelsvik, Filosofisk institutt, Tore Hansen, Institutt for statsvitskap, Henning Jakhelln, Institutt for offentleg rett, Håkon Nordbø, Institutt for klinisk odontologi, Eivind Osnes, Fysisk institutt, Reidun Sirevåg, Biologisk institutt, Sigurd Skirbekk, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Bjørg Stabell, Institutt for geologi og Vigdis Ystad, Senter for Ibsen-studiar.

Gunnar Handal, Pedagogisk forskingsinstitutt
Foreslått av: Knut Aukrust, Institutt for kulturstudiar, Per Brodal, Anatomisk institutt,
Monica Dalen, Institutt for spesialpedagogikk, Trond Skard Dokka, Det teologiske fakultetet , Oddbjørn Evenshaug, Pedagogisk forskingsinstitutt, Dag Fjeldstad, Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling,
Tor Egil Førland, Historisk institutt, Bente Hagtvet, Institutt for spesialpedagogikk, Trond Eiliv Hauge og Anders Isnes, Institutt for lærarutdanning og skoleutvikling, Ragnvald Kalleberg, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Berit Karseth, Pedagogisk forskingsinstitutt, Erling Kokkersvold, Institutt for spesialpedagogikk, Knut Lundby, InterMedia, Lars Løvlie, Pedagogisk forskingsinstitutt, Borghild Roald, Det medisinske fakultetet, Aud Marit Simensen, Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling, Kjell Skogen, Institutt for spesialpedagogikk, Oddvar Søråsen, Institutt for informatikk og Kjell Ivar Vannebo, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.

Jan Trulsen, Institutt for teoretisk astrofysikk
Foreslått av:
Winnie Eskild, Biokjemisk institutt, Carl Henrik Gørbitz, Kjemisk institutt, Stein Kaartvedt, Biologisk institutt, Knut Liestøl, Institutt for informatikk, Jon Nissen-Meyer, Biokjemisk institutt, Bjørn Pedersen, Kjemisk institutt, Hans Prydz, Instituttgruppe for klinisk medisin, Knut Sletten, Biokjemisk institutt, Nils Christian Stenseth, Biologisk institutt og Per S. Thrane, Institutt for klinisk odontologi.

Frederik Zimmer, Institutt for offentleg rett
Foreslått av:
Per Alf Brodal, Anatomisk institutt, Kirsti Strøm Bull, Institutt for privatrett, Nils Butenschøn, Institutt for menneskerettar, Vidar Christiansen og Aanund Hylland, Økonomisk institutt, Liv Finstad, Institutt for kriminologi og rettssosiologi, Ole Kristian Grimnes, Historisk institutt, Bjarne Hodne, Institutt for kulturstudiar, Ingeborg Jacobsen, Institutt for klinisk odontologi, Lise Kjølsrød, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Knut Kaasen, Nordisk institutt for sjørett, Walter Lund, Kjemisk institutt, Marit Melhuus, Institutt for sosialantropologi, Tarald Rasmussen, Det teologiske fakultetet, Erik Røsæg, Nordisk institutt for sjørett, Turid Karlsen Seim, Det teologiske fakultetet, Reidun Sirevåg, Biologisk institutt, Lucy Smith, Institutt for privatrett, Tone Sverdrup, Institutt for privatrett og Olav Torvund, Institutt for rettsinformatikk.

Harriet Bjerrum Nielsen, Senter for kvinne- og kjønnsforsking
Foreslått av:
Nora Ahlberg, Psykososialt senter for flyktninger, Tone Bratteteig, Institutt for informatikk, Svein Aage Christoffersen, Det teologiske fakultetet, Reidun Førde, Senter for medisinsk etikk, Jostein Grytten, Seksjon for samfunnsodontologi, Kjetil Hafstad, Det teologiske fakultetet, Beatrice Halsaa, Senter for kvinne- og kjønnsforskning Anne Hellum, Institutt for offentlig rett, Cecilie Høigård, Institutt for kriminologi og rettssosiologi, Hanne Haavind, Psykologisk institutt, Desmond McNeill, Senter for utvikling og miljø, Nils Axel Nissen, Institutt for britiske og amerikanske studiar, Anne Birgitte Rønning, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Helge Rønning, Institutt for medier og kommunikasjon, Turid Karlsen Seim, Det teologiske fakultetet, Hege Skjeie, Institutt for statsvitskap, Ola Stafseng, Pedagogisk forskingsinstitutt, Torill Steinfeld, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Karin Widerberg, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi og Olaf G. Aasland, Senter for helseadministrasjon og Institutt for allmennmedisin og samfunnsmedisinske fag.

Val for teknisk og administrativt tilsette til Kollegiet:

Liste for 2fo-UiO og Forskarforbundet-UiO:
1. Astri Ottesen, Teknisk avdeling
2. Kristian Moldestad, Det teologiske fakultetetet
3. Lars Riddervold, Teknisk avdeling
4. Førstekonsulent Hanne Sjølos Nygaard

Liste for NTL/foreining 90

1. Harald Ulrik Sverdrup, MN-fakultetetsbibliotek
2. Harald Ulrik Sverdrup, MN-fakultetetsbibliotek
3. Hanna Ekeli, Psykologisk forskingsinstitutt
4. Ellen Dalen, SV-fakultetets sekretariat

Emneord: Kollegievalet 2001 Av Martin Toft
Publisert 14. nov. 2001 11:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere