Osnes avviser påstandar om omkamp

Tidlegare rektorkandidat Eivind Osnes avviser at støttespelarane hans ynskjer at kollegievalet skal bli ein omkamp etter at deira kandidat tapte rektorvalet. - Det er ein konspirasjonsteori som ikkje har noko med røyndomen å gjera. Eg har ført ein open og reieleg valkamp, utan noko skjult agenda, og har tatt til etterretning at eg tapte, seier han til Uniforum.

Tidlegare rektorkandidat Eivind Osnes avviser at han står bak kampanjen for åtte av kollegiekandidatane.
Foto: Ståle Skogstad

- Eg blei spurt om eg kunne støtta enkelte kandidatar til kollegievalet medan eg var i utlandet, og eg sa ja til å støtta dei, men det finst på ingen måte nokon Osnes-fraksjon som står bak desse åtte kandidatane slik det er framstilt i Uniforum, seier han.

- Så du avviser at du står bak organiseringa av kampanjen for åtte av dei tolv kandidatane til Kollegiet?

- Ja, det gjer eg, og det kunne Uniforum ha funne ut på førehand om ein hadde spurt meg. Eg har sagt ja til å vera forslagsstillar for desse kandidatane fordi eg i det store og heile deler deira universitetspolitiske syn og fordi me ynskjer eit representativt og demokratisk kollegium. Men eg har ikkje vore med på å organisera ei felles liste med forslagsstillarar for desse åtte kandidatane, presiserer Osnes overfor Uniforum og legg til at det ikkje er grunnlag for å kritisera initiativtakarane.

- Dei fortener heller ros for at dei har teke sitt universitetsdemokratiske ansvar på alvor. Og kvifor skulle nokon no vera redde? Under rektorvalkampen blei dei to kandidatane kritiserte fordi dei var for like!

For reformer

Osnes reagerer også på at han blir kalla for lite reformivrig i Uniforum-artikkelen.

- Det har heller ingenting med røyndomen å gjera. Som rektorkandidat kom eg mellom anna med framlegg om å utnemna tre viserektorar som min motkandidat avviste utan at han hadde nokre dramatiske reformer å tilby i staden for, seier Osnes, som sjølv har takka nei til å vera kandidat for ein ny valperiode i Kollegiet.

Emneord: Kollegievalet 2001, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. nov. 2001 10:16 - Sist endra 10. des. 2008 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere