Hindrar hjerneflukt frå Russland

Det begynte som ein flygeidé for å hindra hjerneflukt av russiske forskarar. I dag finansierer UiOs Senter for medisinske studiar i Moskva tolv forskingsstipendiatar og ein seniorforskar. - Om det ikkje hadde vore for dette senteret, ville me truleg ha forska i utlandet eller arbeidd i det private næringslivet, seier forskingsstipendiatane Anton Golovnin og Alma Kourmanova til Uniforum.

Dagleg leiar Julia Ferkis (bak) med medarbeidarane sine ved senteret: F.v. sekretær Natalia Maaleva, forskingsstipendiatane Alma Kourmanova og Anton Golovnin og seniorforskar Yuri Kozlov.
Foto: Ståle Skogstad

I 1990 var den tidlegare Sovjetunionen i full oppløysing både politisk, sosialt og økonomisk. Mange russiske forskarar fekk feite jobbtilbod frå amerikanske og vesteuropeiske universitet medan andre såg seg tvungne til å jobba som drosjesjåførar. Medisinprofessor Frode Lærum ved Rikshospitalet såg at det ikkje ville bli nokon framgang i Russland om universitet i Vesten gjekk inn og forsynte seg av arvesølvet innanfor den russiske forskinga.

- Då fekk eg ideen om at Universitetet i Oslo heller kunne utnytta denne situasjonen slik at den ville vera til fordel for begge partar. Dette ville vera ein gylden sjanse for norske forskarar til å oppretta eit nettverk i dei russiske forskingsmiljøa slik at me ville få vita meir om kva forsking dei har drive med der borte samtidig som dei russiske forskarane kunne få økonomisk støtte til å halda fram med forskinga si, fortel Lærum.

Han tok kontakt med medisinprofessor Sjur Olsnes ved Radiumhospitalet som hadde arbeidd som forskingsstipendiat i Moskva i 1968. Gjennom han fekk dei kontakt med den russiske forskaren Yuri Kozlov, og saman stod dei som fødselshjelparar for etableringa av Senter for medisinske studiar i Moskva i 1993.

90 forskarårsverk

I dag er Frode Lærum leiar og Sjur Olsnes nestleiar i styret for senteret medan professor Yuri Kozlov er seniorforskar og vitskapleg leiar for forskingsaktivitetane ved senteret. Sidan 1993 har senteret finansiert 90 forskarårsverk i Moskva. I dag er altså tolv forskingsstipendiatar og ein seniorforskar engasjerte ved senteret i Moskva. Formelt sett er dei tilsette ved Engelhardt Institute of Molecular Biology og ved Institute of Gene Biology ved Det russiske vitskapsakademiet. Mellom 1993 og 2001 har desse forskarane publisert 85 vitskaplege artiklar i tidsskrift som til dømes Nature og Science.

Får forska i Russland

Senteret har nyleg flytta inn i nyoppussa lokale i bygningen til Institute of Gene Biology ved Det russiske vitskapsakademiet i Moskva. Der driv dagleg leiar Julia Ferkis og sekretær Natalia Maaleva på med å organisera forskingsaktivitetane og seminara til senteret. Og der treff me også seniorforskar Yuri Kozlov og forskingsstipendiatane Anton Golovnin og Alma Kourmanova.

- Målsetjinga til senteret om å finansiera forskinga til russiske forskarar i Russland er svært nyttig. Eg veit i alle fall at eg ikkje kunne ha drive med forskinga mi i Russland om eg ikkje hadde blitt engasjert som forskingsstipendiat av Senter for medisinske studiar, fortel Anton Golovnin, som driv med grunnforsking i genbiologi. Han veit om mange andre russiske forskarar som gjerne kunne tenkja seg å arbeida ved senteret.

- Dessutan veit eg om tre tidlegare kollegar ved Institute of Gene Biology som no arbeider ved universitet i Tyskland, USA og Storbritannia. Også Alma Kourmanova gir senteret æra for at ho kunne ta opp igjen forskarkarrieren etter eit kort avbrot.

- Eg jobba nokre år som dagleg leiar av eit farmasøytisk selskap. Men då eg fekk tilbod om å halda fram med forsking i molekylærbiologi ved Senter for medisinske studiar, takka eg sjølvsagt ja til det. Eg identifiserer meg nemleg som forskar og ikkje som forretningskvinne. No går eg både til og frå jobben full av entusiasme og glede, seier Kourmanova til Uniforum.

27 år gamle Anton Golovnin har allereie fått publisert ein vitskapleg artikkel i tidsskriftet Science. Den handlar om reguleringa og organiseringa av genar i ein spesiell flugeart .Alma Kourmanova har kartlagt strukturen på tre av genane i den giftige planten misteltein. Funna hennar kan føra til at det kan bli utvikla ny medisin i behandlinga av kreft og AIDS basert på desse tre spesielle genane i mistelteinen.

Stolt av stipendiatane

Seniorforskar og professor i molekylærbiologi, Yuri Kozlov er stolt over arbeidet som forskingsstipendiatane ved senteret gjer.

- Det er klart at eg er. Og eg trur også Alma snart vil få publisert ein artikkel i Science eller Nature om det ho held på med. Diverre er det ei kjensgjerning at rundt 60 prosent av dei yngre russiske forskarane allereie er engasjerte av universitet i utlandet. Det er desse unge forskarane som på ein måte er hagen der Russland skal dyrka fram framtida.

- Ei positiv samfunnsutvikling er avhengig av at det finst sterke vitskaplege miljø. Det er ikkje nok med oljeinntekter. Satsing på kunnskap er også viktig. Så når unge og glimrande forskarar forlet landet så er det til stor skade for det russiske samfunnet. Men så lenge du ikkje har godt nok vitskapleg utstyr til å kunna driva med god forsking, så drar du heller dit dei kan tilby deg det, og det vil som regel seia utanlands, seier Kozlov.

- Men er de ikkje redde for at de kan bli utnytta til å driva glimrande forsking for ein billeg penge for eit vestleg universitet som Universitetet i Oslo?

- Nei, det er me ikkje. Alternativet for oss ville ha vore ikkje å driva med forsking i det heile tatt eller å ha forska i utlandet. Dessutan tener me også betre enn det andre forskarar i Russland gjer, påpeikar Anton Golovnin og Alma Kourmanova.

Permanent finansiering

I mange år levde Senter for medisinske studiar i Moskva i uvisse på grunn av at dei ikkje hadde fått ordna permanent finansiering. No har både Utanriksdepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet, Sosial- og helsedepartementet saman med Universitetet i Oslo gått saman og sikra permanent finanisiering for senteret. I tillegg har også Den norske Kreftforeininga løyvd pengar til arbeidet senteret driv. Det er dagleg leiar Julia Ferkis glad for.

- Eg har ikkje tal på alle dei gode argumenta eg kan bruka for å understreka kor viktig arbeidet som senteret driv er. Dette er ein fantastisk måte å halda oppe den framifrå russiske forskinga på, samtidig som norske og russiske forskarar kjem i kontakt med kvarandre og kan utveksla informasjon om forskinga si. Dessutan har me klart å unngå komplikasjonane som andre norsk-russiske prosjekt har opplevd. Årsaka til det er at me heile tida har sett som eit ufråvikeleg krav at alle pengeoverføringar skulle gå direkte til senteret utan omvegar, understrekar Julia Ferkis.

Utvekslingsprogram

Ho vil gjerne trekkja fram student- og forskarutvekslingsprogrammet som senteret driv i samarbeid med Russlands største og viktigaste legeutdanningsinstitusjon, Sechenov Moscow Medical Academy.

- Dette har gjort det mogleg for 15 russiske medisinstudentar å opphalda seg to til tre månader ved Rikshospitalet, Radiumhospitalet, Ullevål sjukehus og ved Statens helsetilsyn. I år presenterte fem norske spesialistar arbeida sine ved Sechenov-akademiets årlege konferanse for unge forskarar, fortel Ferkis. Senteret har saman med russiske forskingsinstitusjonar skipa til rundt 30 medisinske symposium over heile Russland med til saman 6000 deltakarar frå det russiske helsevesenet.

- Resultatet av eit symposium i sjukepleie blei at ei norsk lærebok i sjukepleie, skriven av Marit Kirkevoll, blei omsett til russisk og gitt ut i Russland av Senter for medisinsk studiar. Nyleg er me blitt bedne om å organisera det russiske bidraget til eit symposium om kampen mot AIDS, tuberkulose og andre smittsame sjukdomar i Østersjøbyane Kaliningrad og St. Petersburg.

- Dessutan har me store forventingar til eit seminar om alkoholpolitikk. Håpet er at me skal klara å få russiske politikarar til å forstå at høgare alkoholprisar både kan føra til nedgang i alkoholmisbruken og til auka inntekter for staten, seier Julia Ferkis.

Også visedirektør Nikolaj Gnuchev ved Institute of Gene Biology er nøgd med Senter for medisinske studiar.
- Ja, me set stor pris på dette samarbeidet. Og eg håpar at norske forskarar også vil koma hit for å sjå korleis russiske forskarar arbeider, seier Gnuchev.

Emneord: Internasjonalisering, Medisin, Russland Av Martin Toft
Publisert 2. nov. 2001 16:02 - Sist endra 10. des. 2008 15:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere