Forskar på miltbrannbakterien

Det er så stor likskap mellom miltbrannbakterien ( bacillus anthracis ) og bakterien som er mest brukt som biologisk sprøytemiddel bacillus thuringiensis og jordbakterien bacillus cereus , som fører til matforgifting at dei må reknast som ein art. Det slår farmasisprofessor Anne-Brit Kolstø ved Bioteknologisenteret, fast.

Miltbrannbakterien ( bacillus anthracis ) er ein klon av ein vanleg sjukehusbakterie og bakterien som er mest brukt som biologisk sprøytemiddel, seier farmasiprofessor Anne-Brit Kolstø.
Foto: Martin Toft

Ved Bioteknologisenteret til UiO, har Anne-Brit Kolstø og forskingsgruppa hennar som dei første i verda klart å setja saman eit slektskapstre som viser kor nært familieforholdet er mellom miltbrannbakterien (bacillus anthracis) og bacillus thuringiensis, som blir brukt som biologisk sprøytemiddel, og jordbakterien bacillus cereus som ofte kan finnast på meieri og føra til matforgifting hos menneske.

- Me har funne ut at miltbrannbakterien (bacillus anthracis) er ein klon av dei to andre i denne bakteriefamilien. Bakterien kan ha utvikla seg til ein klon for mange hundre år sidan, men det må det forskast meir på. Bacillus thuringiensis er grunnlaget for det mest brukte biologiske sprøytemiddelet mot biller og andre skadedyr i landbruket. Dessutan er det brukt mot den myggen (Black fly) som spreier malaria i tropiske strok, opplyser Kolstø til Uniforum.

Sporedannande

- Genane for dei mest typiske eigenskapane til begge bakteriane bacillus anthracis og bacillus thuringiensis ligg på små DNA-molekyl som blir kalla plasmidar. Slike små DNA-molekyl er vanlegvis ikkje livsnaudsynte, sjølv om dei kan vera det under spesielle vilkår. Eit døme på det kan vera at dei inneheld antibiotikaresistens-genar, altså at dei gjer bakteriane motstandsdyktige mot antibiotika.

- Når det gjeld den tredje bakterien i denne familien, bacillus cereus, så finst den både på meieri og sjukehus og kan gi diaré hos menneske. Det er eit opportunistisk patogen bakterie. Felles for desse bakteriane er at dei er sporedannande. Det vil seia at dei kan liggja i dvale i jorda gjennom mange tiår, før dei under dei rette vilkåra kan bli stimulerte og spreier seg på nytt. Det er altså likskapen til kromosomet til dei tre bakteriane som gjer at dei må reknast som ein art, fortel Kolstø.

Funna Kolstø og forskarkollegane hennar har gjort, kan få konsekvensar for bruken av biologiske sprøytemiddel i landbruket. Det er likevel viktig å leggja til at alternativet er bruk av giftige kjemikaliar.

Mindre bruk av sprøytemiddel

- Sprøytemiddelprodusentane er ikkje særleg oppglødde for den forskinga me held på med, men me ynskjer berre å visa kor viktig det er at det ikkje blir brukt slike sprøytemiddel i utide, det vil seia at dei er klar over at ein faktisk "anriker" jorda for bakteriesporar. Det er difor viktig at folk har ei kritisk haldning til bruken av dette sprøytemiddelet. Dessutan må ein vurdera kva bakteriestammar som blir brukte. Eg veit at desse sprøytemidla i dag blir brukt i store område i verda, til dømes langs Rhinen, i mange land i Afrika og Asia og i USA.
I Noreg blei dei forsøkt brukt på frukttre på Vestlandet, men sidan dei ikkje hadde nokon effekt, blei dei tatt ut av bruk her i landet, seier Kolstø.

Sjølv om kromosomet hjå dei tre nære slektningane er nokså like, kan ein finna ut kva type bakterie det er snakk om dersom forskarane gjennomfører ei såkalla PCR (Polynerase chain reaction)-undersøking.

- Då vil me oppformera eit DNA-gen og finna ut om det er frå bacillus anthracis eller ein annan bakterie. Føresetnaden for at dette skal gå, er sjølvsagt at forskarane kjenner til sekvensen i det aktuelle genet. Då er det enkelt å kunna påvisa dette i eit laboratorium. Akkurat no held ein av dei nære samarbeidspartnarane våre i USA på med å sekvensera heile arvestoffet til bacillus anthracis eller miltbrannbakterien. Resultatet vil truleg vera klart om eit par månadar, opplyser Kolstø til Uniforum.

- Du var jo i Washington under terroråtaket mot Pentagon og mot World Trade Center i New York 11. september. Akkurat no er det post med vedlagde miltbrannbakteriar som skræmer USA. Korleis reagerer du på det?

- Det var svært godt å koma tilbake til Noreg frå USA denne gongen. Det er veldig uhyggeleg det som skjer i USA akkurat no. Samtidig så er det viktig å understreka at alle miltbranntilfella kan behandlast med antibiotika, så sant ein får klar ein diagnose på pasienten. Eg trur også FBI og CIA gjekk ut altfor tidleg og åtvara mot ei mogleg biologisk krigføring. Det kan ha fått ustabile personar til å gripa tak i denne ideen og realisera den, seier Kolstø, som vil roa ned dei som trur at miltbrannbakterien utan varsel kan dukka opp i Noreg.

- Det er ingen grunn til at folk i Noreg skal vera redd for at det finst miltbrannbakteriar i jorda i Noreg som kan byrja å virka etter at dei har lege i dvale i mange år.

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 1. nov. 2001 10:45 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere