Fire nyvalde og ein attvald til Kollegiet

Fire av dei fem representantane som er valt inn i Kollegiet for dei vitskapleg tilsette blir heilt nye ansikt i UiOs høgaste styringsorgan. Det viser valresultatet som valstyret ved Universitetet i Oslo kunngjorde seint i går kveld.

Gunnar Handal og Kristian Gundersen er begge valde inn i Kollegiet for perioden 2002-2004.
Foto: Martin Toft

Dette gjeld Kristian Gundersen frå Biologisk institutt, Gunnar Nicolaysen frå Instituttgruppe for medisinske basalfag, Harriet Bjerrum Nielsen frå Senter for kvinne- og kjønnsforsking og Camilla Serck-Hanssen frå Filosofisk institutt. Berre Gunnar Handal frå Pedagogisk forskingsinstitutt er innvald av dei som sat i Kollegiet for dei vitskapleg tilsette i siste valperiode. Det vil seia at noverande kollegierepresentant Cathrine Fabricius Hansen ikkje er attvald for ein ny valperiode.

Dei andre kandidatane som ikkje blei valde inn i Kollegiet, er dekan Jan Trulsen frå MN-fakultetet, Frederik Zimmer frå Institutt for offentleg rett, Gunn Elisabeth Birkelund ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Jens Braarvig frå Institutt for kulturstudiar, Johan Elsness, Institutt for britiske og amerikanske studiar og Jens Gustav Iversen frå Institutt for medisinske basalfag.

Fem av dei kandidatane som ikkje er valde inn i Kollegiet, blir valde som vararepresentantar til Kollegiet. I skrivande stund er det ikkje klart kven dei fem blir. Tre av dei fem som er valde inn i Kollegiet er blant dei åtte kandidatane som hadde den same støttegruppa på 17 personar bak seg. Dei nyvalde representantane skal sitja i Kollegiet i perioden 2002-2004. Resultatet av valet av dei to representantanane til dei teknisk/administrativt tilsette i Kollegiet blir klart 3. desember klokka 16.00. Dei to studentrepresentantane blir peika ut av Studentparlamentet, medan dei to eksterne representane som skal erstatta Tove Veierød og Borger A.Lenth blir plukka ut av Kollegierådet. Framleis er altså ikkje det første kollegiet som nyvald rektor Arild Underdal og prorektor Anne-Brit Kolstø skal leia, heilt klart.

Emneord: Kollegievalet 2001 Av Martin Toft
Publisert 27. nov. 2001 11:52 - Sist endra 10. des. 2008 14:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere