Ex.phil. kan bli integrert i andre fag

- Store delar av dagens ex.phil. og ex.fak. kan bli integrerte i andre fag når den nye gradsstrukturen er blitt gjennomført ved Universitetet i Oslo. Det seier teologiprofessor Tarald Rasmussen som leiar styringsgruppa for iverksetjinga av Kvalitetsreforma ved UiO.

- Ex.phil. og ex.fak. må truleg integrerast i andre fag i framtida, spår teologiprofessor Tarald Rasmussen.
Foto: Martin Toft

Seinhausten 2002 skal UiO ha klart studieprogramma for studentar som byrjar å studera frå sommaren 2003. Det blir dei første studentane som vil ta i bruk den nye gradsstrukturen med tre år lang bachelorgrad og fem år lang mastergrad som er eitt av fleire tiltak i Kvalitetsreforma for høgare utdanning. Og dette kan føra store omstillingar for mange tradisjonelle fag ved universitetet, spår Tarald Rasmussen. Han er professor ved Det teologiske fakultetet og leiar for styringsgruppa som skal ha ansvaret for å passa på at tiltaka i Kvalitetsreforma blir gjennomførte ved alle dei aktuelle fakulteta.

- Eit av dei vanskelegaste spørsmåla nett no er truleg kva me skal gjera med dagens undervisning i ex.phil. og ex.fak. Ei løysing kan vera å integrera meir av pensum i desse to fagdisiplinane i studieprogramma ved dei ulike fakulteta. Men det er eit ope spørsmål kor langt ein bør gå her. Eit anna ope spørsmål er korleis ei slik integrering skal skje og kven som skal stå for undervisninga, seier Rasmussen.

Lærarutdanninga ved universitetet blir ei anna vanskeleg nøtt som det må finnast ei løysing på før den nye gradsstrukturen kan innførast. KUF føreset at den bør bli på fire år med den praktisk-pedagogiske utdanninga integrert i dette studiet. Det vil seia at denne utdanninga fell mellom to stolar i høve til den nye gradsstrukturen fordi den korkje er ei tre år langt bachelorgradstudium eller eit fire år langt mastergradstudium.

- Målet må vera å kunna tilby eit studieprogram som tar betre vare på studentane som vil inn i skulen enn det som blir gjort i dag. Men me ventar framleis på ein instruks frå Utdannings- og forskingsdepartementet om dette spørsmålet, fortel Rasmussen.

Akademiske og samfunnsmessige behov

I framtida må alle studieprogramma vera meir tverrfaglege og tverrfakultære enn i dag.

- Studieprogramma må møta både akademiske og samfunnsmessige behov. Slik eg ser det, er dei fleste fakulteta godt i gang med omlegginga av faga. Nokon fagmiljø tenkjer at dei må endra svært mykje på innhaldet i studia i høve til dagens opplegg, medan andre fagmiljø nøler med å forandra meir enn det som er heilt naudsynt, seier Rasmussen som likevel vil understreka at det er i gang masse kreativt arbeid for å få reforma gjennomført på mange institutt.

Matematisk institutt er eitt av institutta der det er sett i gang prøveprosjekt i tråd med tiltaka i Kvalitetsreforma. Det vil seia innlevering av oppgåver gjennom heile semesteret med tett oppfylgjing av kvar student og innføring av bokstavkarakterar frå A-F i staden for dagens tallkarakterar.

Reduksjon av studentar

- Prøveprosjekta viser at mange institutt vil trengja mange fleire folk om dette skal gå bra. Dei tilsette kan ikkje gjera dette på toppen av alle dei arbeidsoppgåvene dei har i dag. Eit alternativ kan sjølvsagt også vera å redusera talet på studentar ved enkelte institutt for å få gjennomført intensjonane i Kvalitetsreforma, foreslår Rasmussen. Styringsgruppa han leier skal koordinera arbeidet med Kvalitetsreforma og melda frå til Kollegiet om dei økonomiske konsekvensane av innføringa av denne reforma.

- Eg håpar at mange fagmiljø vil ha dei nye studieprogramma klare så tidleg som mogleg slik at me får tid til å informera dei framtidige studentane om dei i god tid før dei dukkar opp på studentkontoret, seier Rasmussen.

Faktaboks:

Desse sit i styringsgruppa for gjennomføringa av Kvalitetsreforma ved UiO:
Tarald Rasmussen, TF,
Tom Lindstrøm, MN
Christopher Prescott, HF
Knut Heidar, SV
Frøydis Hertzberg, UV
Mads H. Andenæs, JUR
Avdelingsdirektør Toril Johansson, SFA
Anne Berit Grøtterud, Studentparlamentet
Audun Bjerke Vestre, Studentparlamentet
Ingvild N. Borgeraas, Studentparlamentet (vara)
Kristian Moldestad, fagforeiningsrepresentant

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. nov. 2001 13:12 - Sist endra 10. des. 2008 14:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere