Det norske univerisitetssenteret i St. Petersburg

- Det kan vera lettare å få til forskings- og kultursamarbeid med Russland no enn økonomisk samarbeid, meiner Lillian Helle som er styrar ved Det norske universitetssenteret. Ho meiner etableringa av senteret har auka interessa for Russland i Noreg. - Det er ingen tvil om at det har ført til ei gjenoppliving av russiskfaget i Noreg.

Styrar Lillian Helle og sekretær Larissa Babij saman med Helena Christiansen, Liv Parnemo, Guttorm Ultveit og Silje Andresen.
Foto: Ståle Skogstad

- Det er svært viktig at Noreg ikkje sviktar Russland i den vanskelege politiske, sosiale og økonomiske situasjonen landet er inne i for tida. Difor kan det vera lettare å få til samarbeid innan forsking og undervisning enn direkte næringslivssamarbeid akkurat no. Det er også ein fin måte å knyta band mellom Noreg og Russland på, meiner Lillian Helle, som sidan hausten 2000 har vore styrar for Det norske universitetssenteret i St. Petersburg.

Senteret ligg midt i St. Petersburg, like ved Smolny-klosteret, og blei opna av kong Harald 28. mai 1998. Bak senteret står dei fire norske universiteta, men formelt er senteret underlagt Det historisk-filosofiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Også Utanriksdepartementet har deltatt i finansieringa av senteret. Nyleg har kollegia ved UiO og UiB gått inn for å forlengja levetida til senteret med ti nye år. I åra etter opninga i 1998 har senteret etter kvart funne sin eigen nisje innanfor utdanningstilboda norske studentar blir rente ned av.

Eige storfagsstudium

- Me har bygd opp eit eige storfagsstudium for alle russiskstudentane i Noreg. Studiet inneber at alle studentane må vera to månader ved senteret kvar vår. Dette opphaldet får dei støtte til gjennom Lånekassen, og ved senteret får dei gratis undervisning i russisk språk og konversasjon med russiske lærarar og forelesingar om blant anna russisk litteratur med meg sjølv som lærar, fortel Lillian Helle, som fekk permisjon frå stillinga som professor i russisk ved Universitetet i Bergen, då ho overtok styrarjobben etter professor i slaviske språk ved UiO, Jan Ivar Bjørnflaten.
- Russiske foredragshaldarar blir også inviterte hit for å halda forelesingar over spesielle tema, legg ho til. Og det er ikkje tilfeldig at senteret har blitt lagt til St. Petersburg.

Vindauge mot Vesten

- Det er jo ein av Europas vakraste byar og er blitt rekna som Russlands vindauge mot Vesten. Då byen blei grunnlagt av Peter den store i 1703 overtok den det kulturelle og politiske hegemoniet frå Moskva. I den russisk-ortodokse tradisjonen har byen representert det dekadente og sekulære Russland i kontrast til Moskva som har symbolisert det religiøse og åndelege Russland. St. Petersburg kan by på det aller ypparste innan europeisk kunst, kultur og arkitektur. Det er ein fantastisk by, som blir vakrare og vakrare etter kvart som restaureringsarbeidet skrir fram. For 27. mai 2003 feirar byen 300-årsjubileet sitt, samtidig som senteret skal markera femårsjubileet sitt, seier Lillian Helle.

Ho vil gjerne lokka så mange studentar som mogleg til byen med Vinterpalasset og revolusjonsgata Nevskij prospekt, men som også er Leo Tolstojs og Fjodor Dostojevskijs by.

Kvalitetsreforma

Også grunnfagsstudentar i russisk og i Russland og Aust-Europakunnskap kan ta eit eit månad langt valfritt opphald ved senteret med pengar frå Lånekassen. Helle er optimistisk på vegner av senteret når ho ser kva vyar Kvalitetsreforma har for norske studentar i framtida.

- Ja, eg er svært spent på å sjå korleis rolla til senteret blir i samband med ynsket om at alle studentar skal ha minst eit semester med studiar i utlandet. Då vil det vera mogleg for oss å byggja ut tilbodet til russiskstudentar slik at dei kan studera eit halvt år ved senteret, lovar Helle. Ho ser at etableringa av senteret har auka interessa for Russland i Noreg.

Gjenoppliving

- Det er ingen tvil om at det har ført til ei gjenoppliving av russiskfaget i Noreg. Ho viser til at det i vår var 20 storfagsstudentar og 40 grunnfagsstudentar i russisk ved senteret. Mange av dei brukte både dusjen og vaskemaskina som står til disposisjon for både studentar og forskarar som oppheld seg i St. Petersburg.

- Då var alle romma i lokala våre i bruk, og det summa av masse liv her. Det gjekk også opp for oss at det var for lite personale i høve til aktivitetsnivået. Heldigvis klarte me å leiga inn ekstrahjelp i den mest hektiske perioden, då det var både undervisning og konferansar her samtidig, seier ho.

Viktig senter

Inne på senteret treff me også russiskstudent Silje Andresen og Liv Parnemo som studerer Russland- og Aust-Europakunnskap. Begge har tatt ein pause frå lesesalen ved Universitetet i Oslo og synest Det norske universitetssenteret i St. Petersburg er eit enda betre alternativ.

- Det er fint å få høve til å koma hit for å treffa og snakka med studentar frå St. Petersburg, og samtidig vita at senteret kan skaffa deg husvære og gi deg tilgang til datamaskin og Internett, synest Silje Andresen.

- Ja, det er svært viktig at senteret eksisterer, for det finst ikkje noko tilsvarande for oss som er interesserte i å vita meir om russisk kultur og samfunnsforhold. Difor vil eg råda andre studentar om å koma hit også, for diverre er det altfor få studentar som er klar over at det finst eit slikt tilbod, seier Liv Parnemo. Begge bles av påstandane om at det er livsfarleg å gå på byen om kvelden i St. Petersburg.

- Nei, det stemmer slett ikkje. Eg har vore reddare ein laurdagskveld på Torgallmenningen i Bergen enn eg nokon gong har vore her, seier Parnemo, som også har studert ved Universitetet i Bergen.

- Du må gå ut her, for det er då du kjem i kontakt med folk og får gode venner blant russarane. Ikkje minst vil me oppfordra folk til å stikka innom alle dei nye kaffibarane, meiner både Silje Andresen og Liv Parnemo.

Serviceinstitusjon for Akademia

Ved Det norske universitetssenteret rettar dei også blikket mot andre moglege brukarar enn berre dei som studerer russisk eller andre fag ved HF-fakulteta, understrekar Lillian Helle.

- Det er viktig for oss å få fram at senteret skal vera ein serviceinstitusjon for alle dei akademiske miljøa i Noreg. Dei som er tilsette ved dei fire eigaruniversiteta kan få bruka lokala våre utan å betala ei krone for det, medan andre må betala litt i leige. Det er grunnen til at me også har vore vertar for eit seminar for forskarar i sosiologi og samanliknande politikkk som blei leia av professor Stein Kuhnle ved UiB. Seminardeltakarane fekk svært god kontakt med forskarar frå Statsuniversitetet i St. Petersburg og ved Det europeiske universitetet, som er finansiert av finansmannen George Soros, minnest Helle.

Ho viser også til at det har blitt halde feministkonferanse om tilbakevendinga til gamle patriarkalske familiemønster som har prega utviklinga i Russland etter kommunismen. I tillegg har det vore seminar for historikarar frå NTNU og for samfunnsøkonomar frå UiO.

- Det einaste eg er lei meg for, er at eg ikkje har fått tid til å driva med forsking nettopp på grunn av alle desse aktivitetane. Så bokprosjektet eg hadde planar om å fullføra under opphaldet i St. Petersburg har eg ikkje kome noko lenger med, seier ho for å illustrera avstanden mellom håpet hennar og røyndomen ho opplevde i Russlands gamle hovudstad. For dei som ikkje kan tenkja seg å bruka eit år av livet sitt for å studera russisk, men har lyst til å smaka litt på språket, så har også senteret eit tilbod til dei.

Skreddarsydd russisk

- Ja, me kan skreddarsy eit undervisningsopplegg med russisk privatlærar for ein forskar som berre ynskjer å læra seg nok russisk til at han eller ho kan kommunisera betre med russiske kollegar. Og dersom det er nokon som berre ynskjer å læra nok russisk til at dei kan klara seg i butikkar, på T-bana og på teateret på eiga hand, så skal me også klara å ordna det, reklamerer Helle. Akkurat no er ho oppteken av at Det norske universitetssenteret også satsar på å bli ein kulturell møteplass mellom russiskstuderande nordmenn og norskstuderande russarar i St. Petersburg.

- Difor har me starta norskkurs for russarar med russisk lærar her. Til no har me hatt ein enorm pågang av folk som er interesserte i å læra seg norsk. Ein av grunnane til det kan vera at Statsuniversitetet i St. Petersburg berre tar opp eit avgrensa tal med norsksstudentar kvart fjerde år. Eit anna tilbod er Dei norske kulturkveldane i St. Petersburg, som me starta opp med for eitt år sidan og som er eit samarbeid med Generalkonsulatet her i byen. Desse kulturkveldane er blitt ein stor suksess og til no har me hatt besøk av forfattarane Klaus Hagerup og Nikolaj Frobenius. Eg er sikker på at dette tiltaket vil føra til at senteret får ei enda viktigare rolle som formidlar av norsk kultur, seier Lillian Helle.

Manglar ein million

Likevel finst det eit skår i gleda for håpet om at Utanriksdepartementet skal løyva den siste millionen for å sikra drifta ved senteret, er enno ikkje innfridd.
- Det var diverre ikkje pengar igjen til Det norske universitetssenteret på 2001-budsjettet. I første kvartal av 2002, vil me finna ut om det finst pengar til senteret på Russlandbudsjettet vårt, seier underdirektør Harald Sandhåland i Russlandseksjonen i UD til Uniforum.

Emneord: Internasjonalisering, Russland, Sentrene Av Martin Toft
Publisert 20. nov. 2001 12:11 - Sist endra 10. des. 2008 14:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere