- Kjærleiken til UiO får forskarane til å bli

- Det er kjærleiksforholdet til UiO som får forskarane til å bli verande ved institusjonen trass i vanskelege arbeidsvilkår. Det fortel Ole Petter Ottersen, som har leia ei gruppe som har evaluert UiO som forskingsinstitusjon.

- Det bør setjast i gang fleire tverrfaglege forskingsprosjekt ved UiO, meiner Ole Petter Ottersen.
Foto: Martin Toft

Evalueringsgruppa har intervjua dekanar, innhenta sjølvevalueringar frå forskarane, brukt talmateriell frå Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) og funne statistikkar frå UiOs arkiv for å finna ut korleis Universitetet i Oslo er som forskingsinstitusjon. Og eit av dei positive funna som gruppa har gjort, er altså at mange av forskarane har eit kjærleiksforhold til UiO.
- Men dette forholdet kan gå over styr dersom rammevilkåra ikkje blir betre. Då vil forskarane stå i kø og takka ja til feite tilbod frå både næringsliv og utanlandske universitet. Difor er det viktig for universitetsleiinga å ta vare på det tillitsforholdet som i dag eksisterer mellom forskarane og universitetet. Ein god idé, kunne kanskje vera å spretta champagneflaskene for ein forskar kvar gong han eller ho hadde ein artikkel på trykk i Nature eller Science, og ikkje berre på 60-årsdagen, foreslår Ottersen.

Mangel på samanhengande tid

Kartlegginga av situasjonen for forskarane ved dette universitetet har også brakt eit anna stort problem fram i dagslyset.
- Det er mangelen på samanhengande tid til forsking. Å vera forskar er for mange ein evig prioriteringsprosess. Difor må universitetet i første omgang verna nytilsette forskarar slik at dei dei første åra kan via seg fullt og heilt til forskinga i staden for å bli nedlessa med upopulære verv som dei eldre forskarane ikkje vil ha. I tillegg må universitetet ta vare på sabbatsordninga for forskarane, meiner Ottersen, som viser til at mangelen på pengar til drift gjer at mange forskarar ikkje får gode nok forskingsvilkår.

Mangel på driftsmidlar

- På enkelte institutt, også der det blir drive med eksperimentell forsking, er det så stor mangel på driftsmidlar at retten og plikta til å forska er truga. Dermed kan dei heller ikkje oppretthalda kravet om at universitetet skal tilby forskingsbasert undervisning. Det er svært synd at mangelen på pengar til drift, gjer at forskingspotensialet til UiO ikkje blir utnytta godt nok, konstaterer prodekan og medisinprofessor Ottersen. Ein annan flaskehals dei har oppdaga, er den manglande tilgangen på avansert vitskapleg utstyr. NIFU har nyleg kome med ein rapport om situasjonen, men Ottersen er ueinig med konklusjonen til NIFU.
- Den gir eit for positivt bilete av utstyrssituasjonen ved UiO. Utstyrsprogrammet til Forskingsrådet har rett nok vore positivt, men det er likevel langt igjen før me kan nå den internasjonale vitskapsfronten når det gjeld utstyr, seier han, utan at han kan seia kor mange millionar kroner som må til for at universitetet skal få ein utstyrspark som står i høve til forskingsambisjonane. Trass i dette blir det likevel det drive masse god forsking.

Fleire artiklar i Nature

- Ja, og ein indikasjon på dette er at talet på artiklar i forskingstidsskriftet Nature, skrivne av UiO-forskarar, har gått opp dei siste fem åra. Dette aukar synleggjeringa av norske forskarar og gir dei ein inngangsbillett til internasjonale fagmiljø. Men den jamne forskar ved UiO publiserer diverre for ofte i dei nest-beste og for sjeldani dei beste fagtidsskrifta, summerer Ottersen. - Det som er svært trist er at dei låge driftsbudsjetta fører til at mange forskarar seinkar ambisjonsnivået sitt. Og det er livsfarleg for eit institutt, slår han fast.

Tverrfagleg forsking

Han viser til den auka satsinga både på tverrfaglege forskingsprosjekt og internasjonalisering som viktige teikn på at det skjer spennande ting på forskingsfronten ved Noregs største universitet.
- Men det er klart at slik universitetet er organisert i dag er det ikkje til fordel for forskinga. Det bør setjast i gang fleire tverrfaglege forskingsprosjekt etter tema på tvers av fakultetsgrensene. For det er som regel i grenselandet mellom dei tradisjonelle fagmiljøa at den mest spennande forskinga skjer, som til dømes i samspelet mellom historie, sosialøkonomi, statsvitskap og antropologi innan utviklingsforsking og mellom informatikk og genforskinng, seier Ottersen, som gir denne vurderinga av Universitetet i Oslo i høve til andre universitet:
- Det er langt igjen før UiO oppfyller målet i Langtidsplanen om å vera blant dei beste europeiske universiteta. Men det hevdar seg bra blant universiteta i Norden.

Desse sit i gruppa som evaluerer forskinga:

Ole Petter Ottersen , Det medisinske fakultetet (leiar)
Signe Howell, Det samfunnsvitskaplege fakultetet
Reidun Aalen, Det matematisk/naturvitskaplege fakultetet og
Kristian Berg Harpviken frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet
Jana Weidemann, Seksjon for forskingsadministrasjon
Gudleik Grimstad, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi

Emneord: EVA Av Martin Toft
Publisert 17. okt. 2001 14:57 - Sist endret 10. des. 2008 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere