Englar i Det heilage landet

- Eg ser berre ein person som treng hjelp, ikkje kva side av konflikten denne personen tilhøyrer. Slik må alle som jobbar for Israelske Raude Davidsstjerne Magen David Adom tenkja, meiner presidenten for denne organisasjonen, legen Moshe Melloul. Saman med presidenten for Palestinsk Raude Halvmåne, Younis Al-Khatib fekk han tildelt UiOs menneskerettspris, Lisl og Leo Eitingers pris , denne veka.

- Eg ser berre ein person som treng hjelp, ikkje kva side av konflikten personen tilhøyrer, seier president i Israelsk Raude Davidsstjerne, Moshe Melloul.
Foto: Martin Toft

Dei får prisen for den humanitære innsatsen dei har gjort og framleis gjer under den aktuelle konflikten mellom Israel og folket i dei palestinske sjølvstyrte områda.

På grunn av den spente verdssituasjonen gjekk det ingen fly frå Israel og Gaza tidlegare denne veka, og difor kunne ikkje presidenten for Palestinsk Raude Halvmåne koma til Oslo for å ta imot prisen. I staden mottok representanten for Dei palestinske sjølvstyremaktene i Noreg, Omar Kitmitto prisen på vegner av Younis Al-Khatib under prisutdelinga i Georg Sverdrups hus tysdag 9. oktober.

Det har lenge vore eit nært samarbeid mellom dei to organisasjonane og Jordans Raude Halvmåne.
- Me har hatt mange fellesprosjekt på begge sider av grensene, men etter at det siste palestinske opprøret tok til i november i fjor, er det blitt for farleg å kryssa grensene for å møta kvarandre så ofte som tidlegare. Difor har me mest telefonkontakt, men seinast for to veker sidan hadde eg eit møte med leiarane for Palestinske Raude Halvmåne, fortel Melloul.

I dag er det mest samarbeidet i felten som opptar tida til dei to organisasjonane.
- Ei stund prøvde partane i konflikten å bruka ambulansar til å frakta ut og inn aktørar i konflikten. Det blei også skote på ambulansane. Etter å ha tatt dette opp med hovudkontoret til Den internasjonale Raudekrossen i Genève, har me i fellesskap klart å få både Dei palestinske sjølvstyresmaktene og Israel til å godta at ambulansar berre skal brukast til å frakta såra ut av område der det går føre seg kamphandlingar. Dette var ein svært viktig siger for oss, seier Melloul.

Samarbeidd sidan 1973

Det nære samarbeidet med det palestinske helsepersonellet starta eigentleg i 1973, då Israelske Raude Davidstjerne dreiv helsearbeid blant palestinarar i det som i dag er dei sjølvstyrte palestinske områda.

- Dei tok førstehjelpskurs hos oss og me oppmuntra dei til å setja i gang ambulansedrift på eiga hand. Det gjorde dei, og etter at Oslo-avtalen var underskriven, oppmuntra me dei også til å slå seg saman for stifta sin eigen organisasjon. Det blei gjort, og trass i det nære samarbeidet mellom dei to organisasjonane våre, har dei meir og meir prøvd å få hjelp frå europeiske land, blant andre Noreg, for å kunna bli meir uavhengig av oss, fortel presidenten for Israels Raude Davidstjerne til Uniforum. Likevel har det vore naudsynt for andre land å bruka den israelske organisasjonen for å få fram donasjonar og gåver til Palestinske Raude Halvmåne.

- Det er me som må ta oss av overleveringa av til dømes ambulansane som dei nasjonale raudekrossorganisasjonane gir i gåve til Palestinske Raude Halvmåne, seier Melloul.

Etter dei siste hendingane i Midtausten og USA ser han ikkje særleg lyst på utsiktene til å skapa ein varig fred i området.
- Nei, både i Midtausten og i resten av verda har fredsarbeidet fått eit skot for baugen. Eg håpar likevel dei siste hendingane har fått folk til å tenkja meir over kva fylgjer det får å bruka terrorisme som eit politisk middel. Det er det mest politiske du kan få meg til å seia, understrekar Melloul med eit bestemt smil.

Emneord: Israel, Internasjonalisering, Universitetets priser Av Martin Toft
Publisert 11. okt. 2001 16:57 - Sist endra 10. des. 2008 14:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere